Sølv på parstafetten i VM
Postet av Markane IL den 20. Feb 2025
Johannes Thingnes Bø spurta inn til sølvmedalje på parsprinten. Med seg på laget hadde han Ragnhild Femsteinevik. Vi gratulerer med sølv! (Foto: NTB)
I eit svært jamt og spennande løp vart det gull til Frankrike, sølv til Noreg og bronse til Tyskland. Jjohannes gjekk ein fenomenal sisterunde og passerte tyskaren Justus Strelow rett før mål
Det norske laget hadde god fart i langrennsløypa, men måtte bruke heile 15 ekstraskot på dei åtte skytingane. Trass i mange ekstraskot så klarte dei seg gjennom stafetten utan å hamne i strafferunden. Det gjorde at dei aldri hamna utanfor medaljekampen, sjølv om det vart litt for langt opp til gullet.
Ingen andre nasjonar blant dei 14 beste var i nærleiken av å bomme like mykje som Noreg på standplass.
Femsteinevik gjekk hardt ut på første runden og tok raskt teten i løpet. Ho var dermed i tetfeltet inn til første skytinga, men der fekk ho trøbbel. Det vart tre bomskot på Hålandsdal-løparen, og ho trong dermed tre ekstraskot for å unngå strafferunde. Dei tre trefte ho på, men avstanden opp til teten var på vel 30 sekund ut frå skytinga. Også på dei seinare skytingane måtte både Ragnhild og Johannes fram med dei ekstra skota før alle blinkane var nede.
På siste etappen gjekk Johannes ut som nummer fire, 22,3 sekund bak Tyskland i leiinga. Inn mot den siste skytinga var han nummer tre, i nærleiken av gullkampen. Men på siste skyting trengde Johannes tre ekstraskot, og det gjorde at Fillon Maillet og Strelow stakk frå medan Sverige gjekk ut på siste runden like bak Noreg. Men Johannes hadde krefter igjen og gjekk frå Sverige. Frankrike med Julia Simon og Quentin Fillon Maillet vart umogleg å få gjort noko med, men Johannes avgjorde sølvkampen mot Justus Strelow på oppløpet. Sveits og Sverige følgde på plassane bak sigerspallen.
Vi gratulerer med sølv på parstafett!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.