Idrettsgallaen:
Postet av Markane IL den 23. des 2013
Johannes Thingnes Bø nominert til "Årets gjennombrot"

Johannes Thingnes Bø er nominert til "Årets gjennombrot". Foto: Anders Vonheim, NC Geilo.
Johannes Thingnes Bø er nominert til prisen "Årets gjennombrot" på Idrettsgallaen 4. januar. Dette vart klart då juryen i dag la fram dei siste nominasjonane, opplyser NRK.
Johannes Thingnes Bø fekk sitt internasjonale gjennombrot med dei to verdscupsigrane i skiskyting i Annecy, Grand Bornand no i desember. Med bakgrunn i desse resultata er han alt utteken til OL i Sotsij.
Dei andre nominerte i klassen er: Tiril Sjåstad Christiansen, Caroline Graham Hansen, Tom Beier Jensen, Henrik Kristoffersen og duoen Are Strandli og Kristoffer Brun.
Så er det berre å følgje med på Idrettsgallaen på NRK 4. januar om det vert pris til Johannes denne gongen!
Vi gratulerer med nominasjonen!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026