Bergset 27.juni 2013:
Postet av Markane IL den 31. Jul 2013
Resultatliste frå nær-o-løp nr 5
Aslaug Thingnes Bø frå Markane IL var raskast i den nest lengste løypa medan Hanne Kristensen frå IL Veten vart nummer tre. Foto: Klemet Bø (frå Postvegløpet 2011)
Litt forseinka dukka også resultata frå det siste nær-o-løpet før sommarpausen opp. Løpet gjekk på Bergset og vart arrangert av IL Veten. Totalt 38 løparar stilte opp og av desse kom 11 frå Markane.
Aslaug Thingnes Bø var raskast i den nest lengste løypa på 3,7 km. Ho kom i mål på tida 51 min 22 sek. Kristin Heimlid Øiestad og Hanne Kristensen frå IL Veten følgde på dei neste plassane. I same klassa vart det femteplass til Anders Svarstad og sjetteplass til Klemet Bø.
I den lengste løypa vart det ein ganske så suveren siger til Isak Bergset. Han brukte berre 46 min 14 sek på å fullføre dei 6,6 kilometerane. Anders Bergset frå IL Veten kom på andre og Eigil Instebø frå Gloppen på tredje. Deltakarane frå Markane i denne klassa: Vigdis Sætren, Per Øen, Nils Heggdal og Markus Træen plasserte seg på 4.,5.,6. og 8. plass.
Som vanleg var det flest løparar i sving i nybyrjarløypa. For Markane var det Margunn Hjelmeset, Ane Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Maren Hjelmeset Kirkeeide som leverte god innsats i den kortaste løypa.
Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor. Det er også samanlagtlista for dei fem første løpa.
Resultatliste frå nær-o-løp nr 5. Arr: IL Veten Dato: 27.6.2013
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024