Hornindal 6. juli 2013:
Postet av Markane IL den 28. Jun 2013
Klart for Noregs tøffaste fjelløp Hornindal Rundt
Laurdag 6. juli er det på nytt klart for Hornindal Rundt. Det 75 km lange ultrafjelløpet vert også uoffisielt NM i terrengultra. Løpet har ei totalt stigning på 5600 høgdemeter. Starten går kl 9.00 på laurdag og løpet held fram inn i søndagen. Løparane må innom totalt 20 postar. Postane ligg rundt om i fjellandskapet i Hornindal.
For dei som tykkjer 75 km er i overkant er det også mogleg å delta i halvt løp på 38 km. Dette løpet går over 2900 høgdemeter og løparane skal inn om 11 postar.
I tillegg til fjelløpa vert det også arrangert miniløp på omlag 6,2 km frå Sandgrova til Horndøla bru via Muldsvorhornet.
(Startkontingent for miniløp: kr. 50 per person / kr. 150 per familie, ikkje førehandspåmelding)
Dei som vil delta på ultrafjelløpet (75km) eller fjelløpet (38 km), må melde seg på seinast 2. juli. Påmeldingsskjema finn du her.
Sjå elles heimesida til Hornindal Rundt for meir detaljar om løpet.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024