Ullsheim 20.-22.september 2013:
Postet av Markane IL den 22. Jun 2013
Barmarkssamling for 10-15 åringar.
Markane IL inviterer i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins til barmarksamling i langrenn på Ullsheim 20.-22. september.
Hovudtrenar på samlinga vert trenar for rekruttlandslaget, Sjur Ole Svarstad. Samlinga er open for utøvarar født mellom 1998-2002.
På grunn av overnattingstilhøva på Ullsheim blir det dei 50 første som melder seg på, som får plass på samlinga, men aktuelle utøvarar (f. 1998 og 1999) til Hovudlandsrennet i langrenn på Ullsheim i 2014 vert prioriterte.
Det vil bli gode treningsøkter kvar dag med variert innhald som til dømes – rulleski, intervall, styrke, spenst, hurtigheit, leik, fjelltur…slik trenarar på langrennslandslaga likar det!
Påmelding via QUESTBACK (trykk på lenka framanfor å få opp skjema!)
(Her legg du inn desse opplysningane: namn på barnet, klubb, fødselsår, tlf.nr og e-post adr. til kontaktperson, ta og med om det er spesielle omsyn vi som arrangørar må vite om, t.d. matintoleranse)
Påmeldingsfrist: 1. september
Pris: kr 550.- pr pers (inkl, trening, mat og overnatting på flatseng på Ullsheim)
Sjå også heimesida til Sogn og Fjordane Skikrins. Meir detaljar om samlinga kjem når det nærmar seg. Komplett innbyding er lagt ut nedanfor.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024