Cuprenn 2013:
Postet av Markane IL den 9. feb 2013
Klart for sesongens 3.cuprenn tysdag 12.februar!
Rennet går som omvendt jakstart i klassisk stil. Påmelding frå kl. 1800. Første start ca. 1840 Startkontingent kr 50 for alle.
Løypelengder: Den omvendt jaktstarten går med utgongspunkt i resultata i renn nr 2, men det er sjølvsagt mogleg å delta også for dei som ikkje gjekk dette rennet!! Trimklasse utan tid-valfri distanse. Parkeringsavgift kr 40. (OBS! Parkering er inkludert for dei som har familiemedlemskap eller enkeltmedlemskap for vaksen i Markane IL eller Skiturlaget. Derimot er ikkje parkering inkludert for dei som berre har barnemedlemskap.) Saft og anna godt til løparane etterkvart som dei kjem i mål!! Vi håper både nye og "gamle" cuprenndeltakarar stiller opp på tysdag! For å få rennet vel i hamn trengst det sjølvsagt også funksjonærar. Funksjonærliste for årets cup finn du nedanfor: Velkomne!
Det er klart for sesongens tredje renn i Markane cupen/Telenorcup tysdag 12. februar.
8 år og yngre: 800 m, enkelstart, ingen tidtaking
9 - 10 år: 1.5 km - fellesstart, tidtaking (urangert liste)
11-12 år: 1.5 km -omvendt jaktstart, tidtaking
13-14 år: 2.5 km - omvendt jaktstart, tidtaking
15 år og eldre: 5 km - omvendt jaktstart, tidtaking
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026