Bra innsats i Ørstarittet
Postet av Markane IL den 26. jul 2009
Henning Heimlid og Kjetil Svarstad var godt nøgde med dagen etter at dei kom i mål på 3. og 4. plass i klassen sin, og berre 17 minutt bak hovudfeltet. Totalt var det berre 13 personar som kom i mål føre dei, og det er ein god debut for dei 2 syklistane. Dette er det første sykkelrittet deira på landeveg og dei var med for å lære. Hadde dei hatt litt meir erfaring hadde dei nok vore med hovudfeltet litt lenger. Dei la seg for langt bak i starten, og klarte ikkje å tette alle lukene som blei mellom dei og hovudfeltet. Men til slutt kom dei i ei gruppe på 9 personar som samarbeida godt heile vegen til mål.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026