Bli ein god løypeleggar- temadag 8. mars
Postet av Markane IL den 13. Feb 2008
Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer deltakarar frå alle klubbar til Skei Servicenter lørdag 8. mars 2008, der det blir temadag om løypelegging. Meld fra til krinskontoret ved Gunnar Gytri innan fredag 29. februar dersom du vil delta.
O-løyper- la det bli ei positiv oppleving i alle arrangement i 2008 !
Bli ein god løypeleggar - temadag 8 mars
(04.02.2008)Kl. 10.00 Frammøte
Kl. 10.00-12.30 Løypeleggarteori og ulike praktiske oppgåver, m.a. ein tur i terrenget ved Skei skule der vi ser på postplassering ved ulike postdetaljar.
Kl.12.30 Matpause
Kl 13.00-13.30 Spørsmål/tema som deltakarane ønskjer å ta opp
Kl.13.30 Dataassistert løypelegging -bruk av Ocad sitt løypeleggarprogram
Kl.14.30-13.45 Samarbeid med TD ( teknisk delegert) om gode løyper - avslutning kl.14.45.
Påmelding: Meld frå til krinskontoret ved gunnar.gytri@orientering.no innan fredag
29. februar dersom du vil delta.
Avgift: Kr 200 pr. deltakar. NB; ( dekker møterom, kaffi/ te og rundstykke, reise instruktørar)
Løypeleggarboka 2007: Alle får denne utdelt gratis på temadagen
Utstyr: Ta gjerne med eigen pc med ocad-programvare installert, men det er ikkje eit
behov for å delta.
Instruktørar: Sverre Aasen og Gunnar Gytri
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL

Sikra seg 7.plass i jaktstartcupen totalt!
23.03.2025

Sikra seg 8.plass i sprintcupen samanlagt
23.03.2025