Olden 26.4.2015:
Postet av Markane IL den 29. apr 2015
3.plass i Oldestafetten

Markane sitt lag i herreklassa kom på tredjeplass i Oldestafetten 2015. Frå venstre: Håkon Midthjell Gjørven, Johan Eirik Meland, Georg Kristian Halsteinslid, Andreas Halsteinslid og Odd Sindre Tonning. Foto: Olden IL
Markane IL hadde tre lag på start i årets Oldestafett. Best resultat fekk herrelaget som kom på ein fin tredjeplass. GFIL gjekk heilt til topps i klassa med tida 9.38. Jølster IL tok andreplassen, 7 sek etter vinnaren medan Markane på sin tredjeplass var 32 sek bak GFIL i mål.
Markane hadde også to lag til start i guteklassa. Her var det mange lag som deltok og svært jamnt. Markane I kom på ein sjetteplass med tida 6 min 24 sek. Klassesigeren gjekk til Hornindal med 6 min 6 sek. Jølster I kom på andreplass, berre to sek etter medan Breimsbygda II tok tredjeplassen med 6 min 16 sek. Markane II kom på ein 14. plass med tida 7 min 40 sek.
Komplett resultatliste for alle klassar nedanfor:
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026