Sesongens første krinsrenn på Ullsheim
Postet av Markane IL den 3. Des 2023
I strålande vinterver på Ullsheim var det søndag 3.desember klart for sesongens første krinsrenn i skiskyting. Distansen var sprint og i alt 43 løparar stilte til start.
Frå Markane var 13 deltakarar på start. I tillegg kom det løparar frå Stårheim, Volda, Hardbagg, Valldal, Sunnylven, Skjåk, Førde og Simonstranda.
Av lokale resultat kan nemnast at Ane Hjelmeset Kirkeeide vann J14, Syver Melheim Espe vann G13, Brita Svarstad Heggdal vann J13. og Katrine Svarstad Heggdal i K18. Birk Fure-Lilleheim tok andreplassen i G12 og Olina Svarstad Heggdal i J15. I klasse K19 vart Oddrun Hjelmeset Kirkeeide nr 2, Mari Sofi Meland nr 3 og Elina Østerbø nr 4. Markane hadde også fire deltakarar i nybyrjarklassa: Noah Seljeset Svarstad, Brage Fure-Lilleheim, Andris Wangensteen-Flore og Espen Myklebust Hesjedal.
Resultatliste frå rennet finn du nedanfor:
Resultatliste frå krinsrenn sprint skiskyting Ullsheim Dato 03.12.2023.pdf
Foto (Roy Aron B. Myklebust/Fjordingen): Mari Sofi Meland på standplass.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024