1. og 2.plass på Kvalfoss-sprinten normaldistanse!

Postet av Markane IL den 28. Jan 2024

Det var nok ein flott dag i Holmenkollen for skiskyttarane frå Markane IL. Ane Hjelmeset Kirkeeide gjekk heilt til topps for andre dag på rad då ho vann J14 medan Syver Melheim Espe sikra seg andreplassen i klasse G13.

Ane Hjelmeset Kirkeeide tok sigeren på normaldistansen i Kvalfoss-sprinten 8 sekund føre Hanna Andersen Sarfi frå Asker Skiklubb. Ane hadde god fart i sporet og drog sigeren i land også i dag sjølv om det vart ein bom på kvar skyting medan næraste konkurrent Sarfi fekk ein bom totalt. Mari Vølstad frå Figgjo vart nummer tre, 16 sekund bak.

Syver Melheim Espe gjekk inn til ein flott andreplass i G13. Han var berre 4 sekund etter klassevinnaren Linus Bekkelund frå Østre Toten IL trass i ein bom meir.

I tillegg vart det ein fin fjerdeplass for Brita Svarstad Heggdal i J13. Ho var berre 10 sekund etter tredjeplassen. Klassevinnar vart Mille Kringler frå Lørenskog IL. Olina Svarstad Heggdal kom også rett utanfor pallen  med sin femteplass. Klassevinnar her vart Vilja Fuglem frå Valldal IL.

Lenke til resultat: https://live.eqtiming.com/69589#result:266873-995121-1270168-1-1-

Vi gratulerer med flott innsats!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.