Utvikfjellet 22.2.2014:
Postet av Markane IL den 22. Feb 2014
Maren og Simon Hjelmeset Kirkeeide til topps i kvar si klasse i Kleivanerennet!
Simon og Maren Hjelmeset Kirkeeide vann kvar si klasse i Kleivanerennet 2014. Foto: Margunn Hjelmeset
Alle dei tre deltakarane frå Markane IL som deltok i konkurranseklassane i Kleivanerennet, kom på pallen i sine klasser. Årets Kleivanerenn blei arrangert på Utvikfjellet p.g.a lite snø på Kleivane (Sandane). Rennet gjekk i klassisk stil og inngår i SSF-cupen for rekruttar.
Maren Hjelmeset Kirkeeide vann klassa for jenter 11 år. Ho fullførte den 2,5 km lange klassiskløypa på 12 min 8 sek. Næraste konkurrent Kristina Skaflestad Hegrenes frå Førde IL kom 11 sek bak medan Hanne Lægreid Nes frå Hafslo kom i mål til tredjeplass, 1 min 44 sek etter Maren.
Simon Hjelmeset Kirkeeide tok sigeren i klasse G14. Han var i mål etter sine 2,5 km etter 8 min 32 sek. Even Nesgård frå Fjellhug Vereide kom på andreplassen, 37 sek bak. Tredjeplassen gjekk til Kent Ove Sæten frå Hyen som var 47 sek bak Simon.
I klasse G12 sikra også Oskar Guddal Breivik seg pallplass. Han brukte 9 min 39 sek på dei 2,5 kilometerane og vart med dette nummer tre i klassa. Han var 50 sek bak vinnarenThristan Engebø Ullebø frå Førde IL, men berre 10 sek bak andreplassen som gjekk til Håkn Nordeide Berg frå Førde IL.
I dei urangerte klassane var MIL representert med Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Selma Guddal Breivik som leverte strålande innsats i klassa for jenter 9 år.
SSF-cupen held fram 8.mars med Tuarennet før det vert sesongfinale i Førde 22. mars.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024