Åheim 01.05.2013:
Postet av Markane IL den 2. mai 2013
3.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i 1. mai-løpet

Simon Hjelmeset Kirkeeide mot mål til tredjeplass. Foto: Åheim IL
Friidrettssesongen er så smått i gong, og for 54. gong inviterte Åheim IL til 1. mai-løp. I eit litt ruskete maiver stilte om lag 200 løparar opp i årets løp.
Markane IL hadde tre deltakarar med dette året. Alle deltok i klassa for gutar 13 år. Best resultat fekk Simon Hjelmeset Kirkeeide som sprang i mål til tredjeplass med tida 2 min 31 sek. Klassa vart vunnen av Even Nesgård frå Fjellhug/Vereide som fullførte løpet på 2 min 22 sek. Marius Heggdal Olsen kom på 7. plass på 2 min 40 sek medan Eskil Solheim Kveen kom på 11. plass med 2 min 48 sek.
Vinnar av 1. mai-løpet uansett klasse (senior) vart Kristian Nedregård frå Spjelkavik og omegn FIK i herreklassa og Merete Helgheim frå Gloppen IL i dameklassa. Resultatliste for årets løp er lagt ut nedanfor.
Resultatliste 1.mai løpet 2013 Åheim
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026