Ullsheim 16.2.2013:
Postet av Markane IL den 11. Feb 2013
-
Tverrfjelldilten-seedingrenn 40km
-
Familierenn 10km
Det nærmar seg Tverrfjelldilten 16. februar. Tverrfjelldilten inngår i eit trippel jubileumsarrangement i samband med Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt 250 års jubileum. Dei to andre idrettsarrangementa som inngår i markeringa, er sykkelløpet Jølstravatnet rundt (20.5) og motbakkeløpet Molden Opp (15.6).
Arrangementa vert skipa i samarbeid mellom lokal arrangør, Sparebankstiftinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune, idrettskrinsen og skikrinsen.
Løypeinformasjon: På grunn av lite snø i område Veten-Hogden vert løypa noko justert.
Løypa blir som følgjande: Ullsheim-Lundasetra-Spjelkebu-Vikadalen-Holesetra-deler av Panoramaløypa ut mot Grendasetra og tilbake til Holesetra og ned igjen til Ullsheim via lysløypa. Det vert to rundar på 20 km. Kjempefin trase med breie og gode spor.
På Ullsheim er det i dag temperaturen 0 til -1 på stadion, -1 til -2 i løypa.Tørr og finkorna snø gjennom heile løypa, lite til middels slitasje og faste spor.
Anbefaler i dag grunnvoks innsmelta med strykejern, 1 til 2 lag med blå ekstra og 1 til 2 lag med 0-voks til slutt.Juster etter behov.
Lukke til!
Om seeding: Ein deltakar kan ha mange resultat som kvalifiserer til seeding i Birkebinerrennet. Det er alltid det resultatet som gjev den aktuelle deltakeren best mulig seeding som blir lagt til grunn. Deltakarar vert berre seedet frå rennet dersom det medfører betre seeding enn det dei har pr i dag.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024