Junior-NM i langrenn, Selbu:
Postet av Markane IL den 11. Mar 2011
Johannes Thingnes Bø norgesmeister i langrenn!
For tredje gong i løpet av ei veke vert Johannes Thingnes Bø noregsmeister! Denne gongen i langrenn. Under junior-NM i Selbu vann han suverent 15 km fri teknikk med heile 40 sekund ned til sølvvinnar Håvard Solås Taugbøl frå Lillehammer.
Førre helg vart Johannes Thingnes Bø dobbelt noregsmeister under junior-NM i skiskyting i Drangedal. I dag utkonkurrerte han langrennsspesialistane i klasse menn 18 år og sikra seg NM-gull også i langrenn! Vinnartida på den 15 km fri teknikk vart 35.45,6. Sigersmarginen ned til sølvvinnar Håvard Solås Taugbøl var på heile 40 sekund medan bronsevinnar Ole Anders Hattestad, NTG Lillehammer var omlag akkurat eitt minutt bak i mål. Ein rein utklassingssiger og nok ein imponerande prestasjon av Johannes!
Markane IL hadde også to andre løparar i aksjon under langrenns-NM i Selbu. Jarle Midthjell Gjørven gjekk inn til 65. plass av dei 142 startande. Differansen opp til Johannes Thingnes Bø var på 4 min 32 sekund. I klasse menn 17 år vart Johan Eirik Meland nummer 25 av 163 startande. Han var 1 minutt 27 sekund etter vinnaren Magne Haga frå Åsen IL.
Junior-NM held fram i morgon. Då er det renn i klassisk stil på programmet.
Gratulerer med nok eit NM-gull Johannes!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024