Ullsrennet fri teknikk og Ullsrennet klassisk
Postet av Markane IL den 30. Des 2015
Det er klart for langrennshelg på Ullsheim 9.-10.januar. På grunn av lite snø vert rennet søndag endra til eit klassiskrenn.
Dei som vil delta for Markane IL kan sende ein e-post til Margun Hjelmset på marg-hje@frisurf.no i løpet av onsdag 6. januar. Det er også mogleg å melde seg på sjølv via www.minidrett.no
Innbydinga til Ullsrennet fri teknikk:
Innbyding til Ullsrennet 090116.mil.pdf
Lenke til Ullsrennet klassisk på skikrinsen: http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/termin...
Flott innsats i Ribberennet
Postet av Markane IL den 30. Des 2015
Markaneløparar gjekk til topps i heile fire klasser under Ribberennet. I J11 og J13 vært det til og med dobbelsiger.
Det vart ein fin start på langrennssesongen for løparane frå Markane IL. I klasse J 11 vart det dobbeltsiger med Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Mari Sofi Meland. På fjerdeplass følgde Sara Annie Bjørnhaug Aarnes. Også i klasse J13 vart det dobbelsiger med Maren Hjelmeset Kirkeeide føre Emilie Flo Stavik. ( Foto: Markane IL). Torje Seljeset vann klasse G11 medan Simon Hjelmeset Kirkeeide vann G16 med to minutts margin. I klasse G17 kom Aksel Mathias Meland på tredjeplass.
I dei yngste urangerte klassene var Markane representert med Kathrin Svarstad Heggdal.
Snøproduksjon på Ullsheim
Postet av Markane IL den 28. Des 2015
Det kalde fine veret 2.juledag vart nytta til snøproduksjon på Ullsheim.
Åttandeplass til Johannes Thingnes Bø på fellesstarten
Postet av Markane IL den 28. Des 2015
Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ein fin åttandeplass på fellesstarten i Pokljuka.
Totalt vart det to bom. Dette var ein bom for mykje til å kunne blande seg inn i pallkampen, men det skilde berre 21sek får Johannes sin åttandeplass fram til vinnaren Jean Guillaume Beatrix. Emil Helge Svendsen kom inn til andreplass medan Ole Einar Bjørndalen tok tredjeplassen.
Tarjei Bø kom på 18. plass. Han var 51,9 sek bak vinnaren med totalt fire bom.
Tarjei Bø på 4.plass i jaktstarten
Postet av Markane IL den 26. Des 2015
Tarjei Bø gjekk seg opp fem plassar på jaktstarten i Pokljuka og kom dermed rett bak pallen.
Tarjei byrja med tre fulle hus og gjekk seg med det fram i tetkampen. På den siste skytinga kom ein bom. Dermed vært det kamp om tredjeplassen mellom Tarjei og russeren Shipulin. Russaren var kjappast og spurtslo med eit par sekund Tarjei i mål. Simon Schempp tok sigeren også i dag. Han var 16 sek føre Martin Fourcade og 23,4 sek føre Anthon Shipulin i mål.
Johannes Thingnes Bø fekk ikkje gå dagens jaktstart etter å ha vorte nr 64 på sprinten.
9.plass til Tarjei Bø på sprinten
Postet av Markane IL den 26. Des 2015
Tarjei Bø gjekk nok eit godt løp og vart nummer ni på sprinten i Pokljuka.
Tarjei gjekk bra i løypa, men sidan mange skaut feilfritt var sjølv ein bom for mykje til å nå heilt til topps.
Sigeren gjekk til tyske Schempp 15 sek føre Ole Einar Bjørndalen. Russerne Garanichev kom på tredjeplass, 25 sek bak. Tarjei var 36 sek bak på sin niendeplass. Johannes Thingnes Bø hadde ein dårleg dag og vart nummer 64 etter å ha skote på seg fem strafferunder. Han får dermed heller ikkje gå jaktstarten.
Norgescup på Beitostølen
Postet av Markane IL den 26. Des 2015
Norgescupen i skiskyting er i gong. Helga 12.- 13.desember var det DNB cup2/Statkraft jr cup1 på Beitostølen. Ingen av våre fekk plassering at heilt i toppen denne gongen. Best vart Aksel Meland med ein 22.plass.
Komplette resultatlister her:
Resultat_DNB cup2/ Statkraft jr cup1 Beitostølen sprint 12.12.2015.pdf
resultater_DNB cup 2/Statkraft jr cup1 Beitostølen normal alle_klasser 13.12.2015.pdf
2.plass i verdscupstafetten i Hochfilzen
Postet av Markane IL den 26. Des 2015
Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø var med på stafettlaget som vart nummer to i Hochfilzen.
Det norske laget var med i testen gjennom heile stafetten. Henrik L'Abeé-Lund gjekk den første etappen. Johannes Thingnes Bø gjekk ut i tetgruppa. Han gjekk bra i sporet og skaut feilfritt på liggjande. På den ståande skytinga trengdest det to ekstraskot før alle blinkane var nede.
Tarjei Bø gjekk tredje etappen. Også han gjekk godt og han brukte berre eit ekstraskot totalt. Dermed gjekk Emil Helge Svendsen ut i testen saman med Russland på sisteetappen. Både Svendsen og Shipulin brukte to ekstraskot på siste skyting, men Norge gjekk ut på sisterunden med ei ti sekunds leiing. Russland tok inn førespranget og gjekk først over mål. Norge vart nummer to medan Frankrike tok tredjeplassen.
4.plass til Tarjei Bø på jaktstarten.
Postet av Markane IL den 12. Des 2015
Tarjei Bø gjekk nok eit godt løp i Hochfilzen, men enda akkurat utanfor pallen.
Tarjei kom inn til siste skyting saman med dagens vinnar Martin Fourcade og Simon Schempp, men med ein bom på den siste skytinga gjekk Anthon Shipulin ut før Tarjei. Dermed vært det fjerdeplass til Tarjei på jaktstarten.
Johannes Thingnes Bø hadde ikkje dagen på standplass og skaut på seg fem strafferunder. Dermed vært det til slutt ein 23. plass.
Simon Hjelmeset Kirkeeide på andreplass i Golsrennet.
Postet av Markane IL den 12. Des 2015
Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass i klasse G 16 i Golrennet 2015. Han var 35 sek bak vinnaren Frode Johnsrud frå Stokke Tredjeplassen gjekk til Kasper Indrehaug får Botne IL, 55 sek bak.
Også Maren Hjelmeset Kirkeeide gjorde det godt på Gol og kom på sjetteplass i J 13. Ho var berre 36 sek bak klassevinnaren Synne Herheim frå Geilo IL.
Komplette resultat her:
Nesten pallen for Tarjei Bø
Postet av Markane IL den 12. Des 2015
Tarjei Bø gjekk ein flott jakstart i Östersund. Med to bom totalt på dei fire skytingane og god fart i sporet gjekk han seg opp frå 29. til fjerdeplass.
Johannes Thingnes Bø skaut på seg sju strafferundar og enda på ein 16. plass.
6.plass til Johannes Th. Bø på sprinten
Postet av Markane IL den 12. Des 2015
Det var Johannes Thingnes Bø som gjorde det best av brørne Bø på sprinten i Østersund. Med ein bom på kvar av skytingane gjekk han inn til ein sjetteplass. Han har dermed eit godt utgangspunkt før jaktstarten.
Tarjei Bø skaut på seg fem bom og vært nummer 29.
Pallplass til Tarjei Bø på sprinten
Postet av Markane IL den 12. Des 2015
Tarjei Bø sikra sesongens første pallplass då han vært nummer tre på sprinten i Hochfilzen.
Johannes Thingnes Bø kom på 14. plass med ein bom.
Innbyding til NC Markane 22.1-24.1.2016
Postet av Markane IL den 10. Des 2015
Innbydinga til DNB Cup 4/Statkraft Cup 3 på Ullsheim 22.1-24.1.2016 er no klar.
Du finn den her
Markane IL ønskjer alle velkomne til Ullsheim i januar!
Overnatting
Postet av Markane IL den 8. Des 2015
Treng du overnatting under Norgescup skiskyting? Markane IL sine samarbeidspartnarar på overnatting finn du på lenka her.
Svein Sindre utnemnd til æresmedlem i MIL
Postet av Markane IL den 4. Des 2015
Svein Sindre får utdelt æresdiplom får leiar Eldbjørg Hatledal. Foto: Fjordingen
Svein Sindre vart under 110-årsmarkeringa for Markane IL utnemnd til æresmedlem.
Svein Sindre har vore ei viktig brikke i laget i mange år både som aktiv og som administrator. Han var leiar i laget i fem år, og mellom dei som var med å drog i gang orienteringssporten i laget.
-Du har vore ein institusjon i bygda, sa Hatledal under overrekkinga.
Sindre takka for heideren, og sa at noko av det som gledde mest var å få i gang o-sporten.
Han var leiar for det første store arrangementet i laget, nemleg NM i langdistanseorientering. Som aktiv var det langrenn, hopp og skiskyting, og no er han i ferd med å samle stoff til lagssoga.
Han er ein verdig medlem av flokken som trygt kan kallast eldsjeler.
Svein Sindre er den sjuande æresmedlemen i laget. Dei andre er Lars Hatledal, Ola og Oddvar Sætren, Jon Kjøs og Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.
Vi gratulerer med æresmedlemsskapet!
19. og 22.plass på normaldistansen
Postet av Markane IL den 4. Des 2015
Johannes Thingnes Bø gjekk inn til 19. plass i det første individuelle rennet i verdscupen. Tarjei Bø kom på 22. plass. Begge held god fart i løypa på normaldistansen i Östersund, men ingen av dei hadde heilt dagen på standplass. Johannes skaut på seg tre tilleggsminutt medan Tarjei måtte tåle fire minutt i tillegg.
Dagens vinnar vart Ole Einar Bjørndalen som skaut fire fulle hus og vart 27 sek føre andremannen tyske Simon Schempp i mål. Alexey Volkov kom på tredjeplass.
Verdscupen held fram med sprint på laurdag.
Til topps i miksstafetten!
Postet av Markane IL den 2. Des 2015
Verdscupen starta på best mogleg måte for Tarjei Bøog Johannes Thingnes Bø då dei begge gjekk på vinnarlaget i miksstafett i Østersund. Dei to gjekk på mikslaget saman med Fanny Horn Birkeland og Tiril Eckhoff.
Tarjei Bø gjekk ankeretappen og var i mål heile 34 sek før sølvvinnar Tyskland. Tredjeplassen gjekk til Tsjekkia.
Takk for premiar til lagsmeisterskapen!
Postet av Markane IL den 28. Nov 2015
Markane IL takkar Leiv Austrheim AS for fine premiar til lagsmeisterskapen på ski 2015. Dei som deltok i alle disiplinane, klassisk langrenn, slalåm og hopp, kan kose seg med Statoilkakao eit heilt år framover!
Sakliste til styremøte i Markane IL
Postet av Markane IL den 26. Nov 2015
Saklista til årsmøtet i Markane IL er no klar. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det 110-årsjubileumsmarkering for Markane IL i pausen i årsmøtet mellom kl. 2000-2100. Her vert det utnemning av nytt æresmedlem i Markane IL, kaffi og jubileumskake!
Alle velkomne!
Sakliste til årsmøtet i Markane IL 02.12.2015.pdf
Del I Årsmelding frå styret 2015.pdf
Del II Årsmelding for gruppene 2015.pdf
Del III Rekneskap 2015 og budsjett 2016.pdf
Norgescup i skiskyting 22.-24.1.2016
Postet av Markane IL den 24. Nov 2015
Markane IL ønskjer alle hjarteleg velkomne til Norgescup i skiskyting på Ullsheim 22.-24.1.2016. Innbyding med meir kjem snart!
Stem på Markane i Klubben i mitt hjerte
Postet av Markane IL den 23. Nov 2015
Stem fram Markane på Klubben i mitt hjerte 2015. Klarer vi å samle 50 stemmer eller meir i løpet av eitt døgn, er Markane med på trekningen av tre dagspremier på 10.000 kroner fra Nordea.
Med ein gang eit idrettslag har oppnådd 50 stemmer i løpet av éin dag vil det bli offentliggjort på klubbenimitthjerte.no at idrettslaget er med i trekningen av 10.000 kroner.
Et idrettslag som oppnår 50 stemmer kvar dag i kampanjeperioden kan delta i totalt 10 trekningar. Vinnersjansane er derfor store. Alle idrettslag, samt bedrifts- og studentidrettslag deltek på lik linje. På P4s ettermiddagssendingar vil dagens tre vinnarar bli offentleggjort og vinnarane vil også bli offentleggjort på klubbenimitthjerte.no. Totalt deler Nordea ut 30 premier á 10.000 kroner og en hovedpremie på 100.000 kroner. Første trekning er måndag 16.11.2015.
Du kan stemme ved å følgje denne lenka: http://www.klubbenimitthjerte.no/#about
Skriv Markane IL inn i søkefeltet og følg instruksjonane.
Setretrimmen 2015
Postet av Markane IL den 6. Nov 2015
Resultata frå årets Setretrim er klare. I utgongspunktet inngår ni setrar i setretrimmen: Florehytta, Jutdalsetra, Gråberg, Faleidestøylen, Maursetsetra, Grendasetra, Øyesetra og Holsetra. Sidan boka på Maursetsetra forsvann i sommar, er resultata baserte på dei åtte andre setrane.
Flest poeng fekk Aud Gjendem Gjørven med totalt 289. Ho var dermed også i år vinnar av kvinneklassa. Per Jakob Kyrkjeeide vann herreklassa med 157 poeng. Simon Hjelmeset Kirkeeide (foto) vann klasse G13-17 med 31 poeng medan Sofie Gjøvåg Heggestad vann J13-17 med 16 poeng. I klassa jenter 7-12 år gjekk Maren Hjelmeset Kirkeeide til topps med 33 poeng. Magnus Johan Bøe vann G7-12 år med 39 poeng. I yngste klasse for jenter 0-6 år vann Ane Hjelmeset Kirkeeide med 41 poeng medan det vart delt førsteplass i gutar 0-6 år mellom Jesper Svarstad Hole og Noah Seljeset Svarstad med 7 poeng. Alle vinnarane fekk trimtroll på premiefesten.
Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor. For dei vaksne er det teke med dei som hadde minst 10 poeng.
Innkalling til årsmøte i Markane IL
Postet av Markane IL den 3. Nov 2015
Det vert årsmøte i Markane IL onsdag 2. desember kl.19.00 på Ullsheim.
Innkomande saker må meldast til styret seinaste onsdag 18.november enten skriftleg eller på epost til antoniak@online.no
Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.Sakliste og årsmelding vert også sendt ut til alle medlemmar med registrert epostadresse ei veke før årsmøtedatoen.
Velkomne!
Premiefest torsdag 5. november
Postet av Markane IL den 3. Nov 2015
Årets premiefest for Markane IL vert torsdag 5.november kl.18.00 i Ullsheim.
Premieutdeling for ski, orientering, trim og skiskyting.
Enkel servering.
OBS! Alle deltakarar under 15 år som var med på eitt eller fleire cuprenn, får premie uavhengig av om dei er medlemmer.
Alle velkomne!
Trenarar si rolle i barneidrett.
Postet av Markane IL den 3. Nov 2015
Fredag 6.november, kl. 19.00 vert det føredrag "Trenarar si rolle i barneidrett -tilrettelegging og førebygging" i Frendesalen i Stryn kulturhus.
Føredragshaldarar vert Sjur Ole Svarstad, Kristin Roset og Jan Endre Nesdal.
Voksne for barn er ein organsiasjon som jobbar for trygg barndom og god psykisk helse for born og unge. I år har organisasjonen gått saman med Mental Helse og Leve i markering av Verdensdagen for psykisk helse. Vi ynskjer å sette fokus på den viktige jobben frivillege trenarar innan barneidretten gjer. Tema for verdensdagen er “Kast maska”. Dette er høgst relevant for frivillege trenarane som i løpet av sitt engasjement kan møte på born og unge med ulike utfordringar. Utfordringane kan blant anna vere spiseforstyrring.
Vi har sett saman eit program som skal bidra til auka kunnskap om spiseforstyrring og om korleis ein kan førebyggje tilfeller. Vi ynskjer og å ha fokus på den viktige jobben trenarane gjer som fremjar god psykisk helse blant born og unge. Målet vårt er å gje gode tips og idear som inspirerer til å halde fram som trenarar.
Program:
19:00 Springerinne Kristin Roset.
Eigne erfaring som idrettsutøvar med spiseforstyrring.
Trenaren si rolle i barneidrett. Korleis førebygge spiseforstyrringar? Kva teikn kan
trenarane sjå. Kva bør han/ho gjere?
Pause 20 min
20:20: Sjur Ole Svarstad - rekruttlandslagstrenar i langrenn.
Trenaren si rolle i barneidrett: Korleis tilrettelegge idrett for at alle skal oppleve
glede og meistring.
20:40: Jan Endre Nesdal - far og trenar innan turn.
Trenaren si rolle i barneidrett: Positive ringverknadar av å oppleve eit inkluderande
miljø, og å bli sett. Viktigheit for ein trenar "å sjå" alle uansett prestasjonsnivå.
Hovudmålgruppa er trenarar i barne og ungdomsidretten i Stryn og Hornindal kommune. Det er sjølvsagt ope for alle som ønskjer å høyre på.
Billett kr 100,- per pers.
Kontakt Anne Marie Svarstad, 926 090 77, anne.marie.svarstad@sfj.no. Voksne for Barn, Indre Nordfjord lokallag.
(Betal inn på 3705 26 50462, Voksne for Barn, Indre Nordfjord lokallag.
Handlekveld Nordisk på Sport 1
Postet av Markane IL den 28. Okt 2015
Det vert handlekveld Nordisk på Sport 1 torsdag 29.10 frå kl. 1800-2100. Ein representant frå Rossignol vert tilstades. Nedanfor finn de lister for bestilling.
Alle velkomne!
Alpina bestillingskjema 30%.xlsx
BD staver 30%.xlsx
Bjørn Dæhli stav.pdf
Camelback 30%.xlsx
EWT VARM VINTERSKO .docx
Fischer 15-16 prisliste print 04.03.15.xlsx
Fischer Racingbestillingsskjema 15-16.doc
Kv+staver og rulleski 30% .xlsx
Kv+tilbehør (bagger og trekk) 30%.xlsx
Rode Klubb AW 2015.xlsx
Rossingnol 15-16.xls
Swix klubbestilling alpint.xls
Swix klubbestilling nordisk.xls
Ny rekord for idrettslagsbasaren
Postet av Markane IL den 20. Okt 2015
Det vart ny rekord under idrettslagsbasaren søndag 18. oktonber. Grovoppteljinga viser at nesten 70 000kr kom inn under basaren.
I alt 105 åregevinstar og 24 flotte gevinstar fekk nye eigarar i løpet av tre ettermiddagstimar på søndagen.
Stor takk til alle som har bidrege med gevinstar og som har kjøpt lodd!
Årets basar var på same dag som TV-aksjonen. Styret bestemt derfor å gje 1500kr til årets aksjon for Regnskogfondet.
Trekningsliste for loddboka finn du nedanfor:
Trekningsliste for loddboka på basaren til Markane IL 2015.pdf
Skytebanen stengt torsdag 1/10-2015
Postet av Markane IL den 29. Sep 2015
Skytebanen vert stengd torsdag 1/10-2015 p.g.a. skulesprint i orientering!
14.plass til Tarjei Bø i Stolzekleiven Opp
Postet av Markane IL den 28. Sep 2015
Tarjei Bø kom på 14.plass i motbakkeløpet Stolzekleivven Opp. Med tida 9 min 9 sek var han 1 min 11 sek etter vinnaren Thorbjørn Ludvigsen frå Bergen som sette ny rekord med 7 min 58 sek. Tarjei vann dermed brødreduellen mot Johannes Thingnes Bø som kom på ein 33.plass med tida 9 min 38 sek.
Resultat Stolzekleiven Opp -topp 35 Dato 26.9.2015.pdf
2.plass til Rasmus Endre Bø i Strynmila
Postet av Markane IL den 28. Sep 2015
Rasmus Endre Bø kom på andreplass i Strynemila 2015. Han var i mål på 34min 23 sek og var med det 15 sek etter vinnaren Torjus Loen som brukte 34 min 8 sek. Gaute Bø kom på ein åttandeplass med 36 min 48 sek medan Odd Kristian Hagen vart nummer 12 med 40 min 45 sek. Grim Nygård sprang inn til ein 15. plass med 41 min 29 sek medan Kjetil Svarstad vart nummer 17 med 43 min 57 sek.
I juniorklassa vart det tredjeplass til Nikolai Dispen Lødemel med 46 min 25 sek. Klassevinnar vart Daniel Auflem Eikås med 40 min 57 sek. Oskar Guddal Breivik som representerer STIL i friidrett vart nummer to med 41 min 14 sek.
Resultat Strynemila2015.pdf
Nær-o-sesongen 2015
Postet av Markane IL den 28. Sep 2015
Sesongens siste nær-o-løp vart arrangert av IL Veten 27.august med start frå Bergset. Litt forseinka har vi no fått resultata. Totalt 25 løparar deltok på sesongavslutninga. Heile 18 av desse representerte MIL.
I den kortaste A-løypa gjekk sigeren til Ingeborg Skogenmedan Dag Jarle Aa frå Hovdebygda var raskast i den lange A-løypa. Best av markaneløparane var Åshild Sætren Bøe på ein tredjeplass. Ho var også ein av to markaneløparar som har delteke på alle åtte løpa denne sesongen. Også Ane Hjelmeset Kirkeeide har vore med på samtlege løp.
I alt var 182 løparar innom årets nær-o-løp. 23 av deltakarane frå Markane har delteke på minst fire løp og kan vente seg samanlagtpremie på premiefesten 5. november.
Resultatliste for nær-o-løp 8 Arrangør IL Veten Dato 27.8.2015.pdf
Samanlagtliste nær-o-løp 2015 løp 1-8 rangert sluttstilling.pdf
Nikolai Dispen Lødemel vann spurtprisen under Skarsteinsetra Opp
Postet av Markane IL den 16. Sep 2015
Nikolai Dispen Lødemel vann saman med Daniel Auflem Eikås spurtprisen i klasse G13-14 under Skarsteinsetra Opp 2015. Spurtprisen var lagt inn etter 1,2 km i Skarsteintunet. Tida vart 5,58 som var ny rekord for 13-14 års klassa. Nikolai kom også på andreplass i klasse G13-14 med sluttida 34,41. Klassa vart vunnen av Daniel Auflem Eikås.
Raskast i seniorklassen var Andreas Carlborg på 23 min 5 sek. I sykkelklassane var Ingrid Fjellestad raskaste dame medan Arne Nesgård var raskast i herreklassen
Resultatliste Skarsteinsetra Opp 12.9.2015.pdf
Innbyding til natt-o-løp og Haustbløyta 26.-27.9.2015
Postet av Markane IL den 16. Sep 2015
Tambarskjelvar IL innbyr til natt-o-løp og det tradisjonsrike o-løpet Haustbløyta den siste helga i september. Påmeldingsfristen er 24.september til Norvald Ospehaug på tlf. 95232094 eller e-post: nor-ospe@frisurf.no
Sjå innbydingane for detaljert informasjon:
Innbyding HAUST-nattløp 2015.pdf
INNBYDING Haustbløyta 2015.pdf
Markanebadinga
Postet av Markane IL den 14. Sep 2015
Markanebadinga starta opp att igjen den 7. september. Det vert bading kvar måndag frå 19.00-20.00 i Stryn symjehall.
Badinga er for medlemer i Markane IL.
Nye medlemer er velkomne!
God innsats på Bendit Rulleskiskytterfestival
Postet av Markane IL den 12. Sep 2015
Off.res.liste_Bendit Rulleskiskytterfestival Sprint_120915.PDF
Off.res.liste_Bendit Rulleskiskytterfestival Normal_130915.PDF
Barmarkssamling 2015
Postet av Markane IL den 12. Sep 2015
Helga 4.-6. september var det barmarkssamling på Ullsheim. 50 ungdomar i alderen 11-15 år var samla til trening. Sjur Ole Svarstad var hovudtrenar på samlinga.
3. plass til Anders Vonheim i Kleiva Opp
Postet av Markane IL den 10. Sep 2015
Anders Vonheim (Foto: MIL, 2012) kom på tredjeplass totalt i Kleiva Opp 2015 med tida 36,01. I klasse M20-34 vart han nummer to. Raskast av alle var Eirik Voksøy Bringsvor (M20-34) med 34, 21. Helge Hafsås (M40-49) kom på andreplass totalt med 34,38.
Resultatliste Kleiva Opp 6.9.2015.pdf
Bendit Rulleskiskytterfestival 2015
Postet av Markane IL den 10. Sep 2015
12.-13. september er det klart for Bendit Rulleskiskytterfestival på Ullsheim. I følgje yr ligg det an til ei flott helg med godt vêr. Alt ligg dermed til rette for at det skal bli god stemning både for løparar og publikum.
Startlistene finn du her:
Startliste Sprint_120915.PDF
Startliste Normal_130915.PDF
Innskyting laurdag vert frå kl. 11.00-12.35!
Rennet startar kl 13. 00 på laurdag og kl 12.00 på søndag
Markane oppfordrar alle om å kome til Ullsheim desse dagene og for å sjå og oppleve skiskyting på nært hald. Du kan også lese om Bendit i Fjordingen på nett her:
http://www.fjordingen.no/nyhende/article11549849.ece
Meir om Bendit Rulleskiskytterfestival finn du også her
2.plass til Vigdis Sætren i vestlandsmeisterskapet i orientering
Postet av Markane IL den 7. Sep 2015
Vigdis Sætren (Foto: MIL) sprang seg inn til ein flott andreplass i klasse D40 under Vestlandsmeisterskapen i orientering i Førde i helga. Ho fullførte den 5180 meter lange løypa på 55 min 14 sek. Klassesigeren gjekk til Karianne Strømme frå TIF Viking på 53 min 5 sek. I den same klassa vart det også femteplass til Åshild Sætren Bøe med tida 1t 15 min 34 sek.
Resultatliste Vestlandsmeisterskap orientering langdistanse 5.9.2015.pdf
Idrettslagsbasar i Skogstjerna 18.oktober
Postet av Markane IL den 2. Sep 2015
Den årlege idrettslagsbasaren til MIL vert søndag 18. oktober i Skogstjerna frå kl.15.00.
Loddsal - åresal.
Enkel, gratis servering.
Gevinstar til lodd- og åresalet tek vi med takk i mot. Vi vil gjerne vite om desse på førehand - særleg gevinstar til loddboka.
Ring tlf. 97 07 66 95 - Eldbjørg.
Så vonar vi på fullt hus og god basarstemning i Skogstjerna 18.oktober!
Styret i Markane Idrettslag
v/ leiar Eldbjørg Hatledal
Klart for sesongens siste nær-o-løp
Postet av Markane IL den 27. Aug 2015
IL Veten innbyr til sesongens siste nær-o-løp torsdag 27. august.
Frammøte ved Bergset. Det er merka frå Bergset bru.
Start frå kl 18.00.
Løyper for alle.
Vel møtt!
Vi minner også om at det trengst deltaking i fem løp for å oppnå samanlagtpremie. Dermed er det viktig at dei ni som står med fire løp så langt, stiller opp på Bergset!
Samanlagtliste nær-o-løp 2015 løp 1-7 rangert.pdf
Rett bak pallen for Johannes og Tarjei
Postet av Markane IL den 25. Aug 2015
Johannes Thingnes Bø (Foto: Nordfjord Team) gjekk seg seks plassar og enda på fjerdeplass på jaktstarten under NM rulleskiskyting i Os. Johannes gjekk eit godt løp med berre to bom totalt, men kom akkurat for seint til pallplassen. Tarjei Bø skaut på seg seks bom og datt ein plassering på lista sidan i går med sin femteplass. Også Johan Eirik Meland fekk seks bom i alt og fall med det sju plasseringar på lista til ein 22. plass. Jarle Midthjell Gjørven fekk fire bom og vart nr 45 i seniorklassa. Lars Helge Birkeland gjekk heilt til topps på jaktstarten. Emil Hegle Svendsen og Henrik L` Abee-Lund følgde på dei neste plassane.
I klasse M17 gjekk Aksel Meland seg fram til ein tiandeplass til trass for åtte strafferundar. I klasse M18 var det berre Håkon Midthjell Gjørven som fullførte løpet av våre løparar. Han vart nummer 27 med totalt 11 rundar. Georg Kristian Halsteinslid kom på 31. plass i M20-21 med seks bom totalt.
4. plass til Tarjei Bø på NM-sprinten i rulleskiskyting
Postet av Markane IL den 23. Aug 2015
Tarjei Bø hamna like bak pallen på sprinten under NM rulleskiskyting på Os. Med totalt tre strafferundar var han 48 sekund bak vinnaren Emil Hegle Svendsen som berre hadde ein runde. Andreplassen gjekk til Lars Helge Birkeland som var fem sekund bak vinnaren med totalt to bom. Henrik L`Abee Lund tok tredjeplassen, 32 sek etter med fire bom.
Johannes Thingnes Bø kom på tiandeplass. Han var 2 min 1 sek bak vinnaren med to rundar. Johan Eirik Meland kom på 15. plass etter to fulle hus. Jarle Midthjell Gjørven kom på 49.plass med tre rundar.
I dei yngre klassane gjekk Aksel Meland inn til ein 18.plass etter totalt fem strafferundar. I klasse M20-21 vart Georg Kristian Halsteinslid nummer 35 med totalt fire rundar. I klasse M18 kom Håkon Midthjell Gjørven på 30. plass med fire strafferundar, Grim Nygård vart nummer 33 med to rundar, Erlend Bakken nr 38 med fire rundar og Andreas Halsteinlid nr 39 med to rundar.
NM i rulleskiskyting held fram med jaktstart i morgon.
.
44 o-løparar deltok på Tverrfjellet
Postet av Markane IL den 22. Aug 2015
I alt 44 o-løparar stilte opp då Markane IL arrangerte det sjuande av nær-o-løpa for sesongen. Løpet hadde start ved Badedammen på Tverrfjellet. Dette løpet var også lagsmeisterskap for MIL.
Åshild Sætren Bøe (foto) var raskast i dameklassa og vart med det også lagsmeister for damer. Dag Jarle Aa frå Hovdebygda var kjappast i den lange A-løypa. Kåre Bøe følgde på ein andreplass og vart med det lagsmeister for MIL. I den korte A-løypa gjekk sigeren til Klemet Bø.
Komplett resultatliste finn du nedanfor. Årets nær-o-løp-sesong vert avslutta torsdag 27. august. Då med IL Veten som arrangør.
Oppdatert samanlagtliste kjem snart.
Resultatliste frå nær-o-løp nr 7 Arrangør Markane IL Dato 20.8.2015.pdf
Resultat frå nær-o-løp nr 6
Postet av Markane IL den 20. Aug 2015
IL Veten var arrangør for sesongens sjette nær-o-løp torsdag 13. august. Løpet hadde start frå Nordfjord fritidssenter. Totalt stilte 55 deltakarar opp og av desse var 23 frå Markane.
Raskast gjennom den lange A-løypa var Dag Jarle Aa frå Hovdebygda. Elias Bergset frå IL Veten tok andreplassen medan Nils Heggdal frå Markane kom på tredjeplass. Fullstendig resultatliste og samanlagtliste for dei seks ligg nedanfor. Alt no har åtte personar sikra seg samanlagtpremie for sesongen medan 15 til har framleis sjansen om dei stiller opp i dei avsluttande løpa.
Resultatliste nær-o-løp nr 6 Dato 13.8. 2015 Arrangør IL Veten.pdf
Samanlagtliste nær-o-løp 2015 løp 1-8 rangert.pdf
Klart for nær-o-løp nr 7 (lagsmeisterskap MIL) på Tverrfjellet
Postet av Markane IL den 18. Aug 2015
Markane IL innbyr til sesongens sjuande nær-o-løp torsdag 20. august. Dette løpet er også lagsmeisterskap for MIL.
Frammøte ved Badedammen på Tverrfjellet.
Start frå kl 18.00.
Løyper for alle: 1,5 km N-løype, 2 km C-løype, ca 3 km A-løype og ca 4,5 km A-løype + rakettløype.
Vel møtt!
Vi minner også om at det trengst deltaking i fem løp for å oppnå samanlagtpremie. Oppdatert liste for dei seks første løpa kjem snart.
Innbyding til Vestlandsmeisterskap i orientering 5.-6.september 2015
Postet av Markane IL den 18. Aug 2015
Førde IL innbyr til Vestlandsmeisterskap i orientering laurdag 5. og søndag 6. september. Laurdag vert det langdistanse med start frå kl. 1600 medan søndag vert det mellomdistanse med start frå kl. 1100. Start frå Førde Skyttarstadion, Kråkenesmarka.
Påmelding via Eventor.
Første påmeldingsfrist er 20. august.
For meir detaljar sjå innbydinga her:
Innbyding Vestlandsmeisterskap i orientering 5.-6.september 2015.pdf
Innbyding til KM langdistanse 23. august 2015
Postet av Markane IL den 16. Aug 2015
Fjellhug Vereide IL innbyr til KM langdistanse søndag 23. august. Løpsstarten vert frå Austrheimsstøylen.
Første start kl.1300
Hugs påmelding med namn, klasse, idrettslag og brikkenummer til vidar.eide@enivest.net innan onsdag 19.august!
Innbyding finn du her:
Innbyding KM langdistanse 2015.pdf
Resultat frå Hornindalsvatnet Rundt
Postet av Markane IL den 12. Aug 2015
Hornindalsvatnet maraton vart arrangert 25.juli. I tillegg til maratondistansen var det også høve til å delta på halvmaraton, 10 km eller 5 km.
Markane IL hadde to deltakarar med. Svein Arne Lødemel som vann 10 km MV35-39 med tida 40 min 37 sek. Dette var også tredje beste tid på 10 kilometerdistansen totalt sett.
Per Maurset deltok på halvmaraton. Han kom på sjuandeplass i klasse MV65-69 med tida 2t 14 min 42 sek.
Resultatliste Hornindalsvatnetmaraton 25.7.2015.pdf
Resultat frå Jølster Maraton 2015
Postet av Markane IL den 12. Aug 2015
Nærare 300 deltakarar stilte opp då Jølster IL arrangerte Jølster Maraton. I tillegg til maratondistansen var her også høve til å springe halvmaraton, 10km eller fem kilometer.
Markane IL sin einaste deltakar Per Maurset deltok i halvmaratonklassa for M65-69. Han sprang inn til ein 7.plass med tida 2t 28 min 4 sek.
Komplett resultatliste nedanfor:
Resultatliste for Jølster Maraton 2015 (1).pdf
Innkalling til omframt årmøte i Markane IL
Postet av Markane IL den 12. Aug 2015
Styret i Markane IL kallar inn til omframt årsmøte tysdag 25. august kl.1930 på Ullsheim.
Sakliste:
Sak 1: Opning av årsmøtet
1.1 Godkjenning av innkalling
1.2 Godkjenning av sakliste
1.3 Val av møteleiar
1.4 Val av referent
1.5 Val av to til å skrive under møteprotokoll
Sak 2: Val av ny 2.vara til MIL-styret
Sak 3: Oppgradering av dataanlegget på Ullsheim
-Dataanlegget på Ullsheim har behov for oppgradering. Materiallister og kostnadsråme vil bli presentert for årsmøtelyden. Styret vil be det omframme årsmøtet om fullmakt til å arbeide vidare med prosjektet innanfor presenterte råmer.
Vel møtt!
Klart for nær-o-løp nr 6 frå Nordfjord fritidssenter
Postet av Markane IL den 11. Aug 2015
Nær-o-løpa startar opp igjen etter sommarpausen.
IL Veten er arrangør av sesongens sjette nær-o-løp. Start ved Nordfjord fritidssenter torsdag 13. august.
Start kl. 18.00.
Løyper for alle.
Startkontingent: 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.
Vi ønskjer alle o-løparar velkomne til nær-o-løp!
Samanlagtliste nær-o-løp 2015 pr. 12.8.2015
Innbyding til barmarkssamling 4.-6. september
Postet av Markane IL den 11. Aug 2015
Helga 4.-6. september er det på nytt klart for barmarkssamling på Ullsheim. Sjur Ole Svarstad vert hovudtrenar på samlinga. Samlinga er open for jenter og gutar fødde mellom 2000 og 2004. Sett av helga først som sist! Frist for å melde seg på er 28. august. Innbyding med lenke til påmelding finn du her: Innbyding barmarkssamling 4.-6. september 2015.pdf |
Heidalsveka 2015
Postet av Markane IL den 10. Aug 2015
Også i år blei Heidalsveka arrangert med totalt fire løp. På to av desse var det med fleire deltakarar frå Markane IL. Simon Hjelmeset Kirkeeide, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Ane Hjelmeset Kirkeeide, Margunn Hjelmeset, Erik Hjelmeset og Margret Hjelmeset deltok på dei to første løpa.
Best plasseringar for våre vart det i det andre løpet. Der gjekk Simon til topps i den 1,8km lange løypa for gutar medan Erik vart nummer tre i same klasse. Maren kom tredjeplass i jenteklassen på distansen 1.8 km.
Resultatliste over klassene med lokale deltakarar her:
Resultatliste Heidalsveka-Dølakarusell Klasse M2.7km, K2.7km og K1.2km. Dato 14.7.2015.pdf
Resultatliste for Heidalsviku - Kvernbru-Stålane. Klasse K1.8 og M1.8. Dato 15.7.2015.pdf
Resultat frå o-løpa i Morokulien
Postet av Markane IL den 10. Aug 2015
Nesten 400 o-løparar stilte opp då det vart arrangert 2-dagars o-løp i grensetraktene mellom Norge og Sverige. Eidskog OL stod som arrangør av det første løpet som gjekk på norsk side i Morokulienområdet medan OK Hierne og Åmotfors OK arrangerte det andre løpet som gjekk i Sverige.
Markane hadde ein deltakar på start i årets Morokulienløp. Lars Danielsen Holen kom på sjetteplass i det første og tredjeplass i det andre løpet i klasse H17C.
Resultatliste for Morokulien 2 dagers o-løp 4.-5.juli 2015 Klasse H17C.pdf
6.plass i halve Hornindal Rundt
Postet av Markane IL den 20. Jul 2015
Gunn Skrede gjekk heilt til topps i klasse K20-29 på den halve distansen på 38 km un der Hornindal rundt. Tida var så god som 6 t 17 min 42 sek som også gav ein sjetteplass i dameklassa totalt. Samuline Beate Seljeset kom på femteplass i K20-29 med 7 t 0 min 35 sek. Totalt vart det ein 13. plass i dameklassa.
I herreklassa var det Per Jakob Kyrkjeeide som var raskast av våre. Tida 6 t 44 min 48 sek heldt til ein 23. plass totalt. Kjetil Svarstad følgde like bak med 6t 47 min 23 sek på 25. plass medan Paul Otterdal vart nummer 27 med 6t 51 min 24 sek. Jan Egil Gjørven vart nummer 55 med 8t 9 min 56 sek. Gisle og Eirik Bøe var påmelde i klassa for heilt løp. Sidan dei endra til halvt løp undervegs, vart det ikkje noko offisiell plassering, men fine tider på 6t 20 min 53 sek og 6t 31 min 40 sek.
Resultatliste for Hornindal Rundt 4.7.2015.pdf
Simon Hjelmeset Kirkeeide til topps på 800 meter
Postet av Markane IL den 1. Jul 2015
Byrkjelo 27.6-28.-6:
Simon Hjelmeset Kirkeeide vann 800 meter i klasse G15 under Sparebankleikane 2015 på Byrkjelo. Vinnartida vart på 2 min 15,07sek. Andreplassen gjekk til Kent Ove Sæten frå Hyen med 2 min 19,13 sek. Joshua Singdalsen frå Syril vart nummer tre med 2 min 22,82 sek.
Simon deltok også på 1500meter hinderløp der vart det ein andreplass med 4 min 56,10 sek. Vinnar av klassa vart Lars Agnar Hjelmeset frå Nittedal IL med 4 min 37,32 sek. Tredjeplassen gjekk til Kent Ove Sæten frå Hyen med 5 min 34,70sek.
Simon var den einaste som representerte Markane IL under årets sparebankleikar.
Resultat_Sparebankleikane_27.6.2015.pdf
Resultatliste_Sparebankleikane_28.6.2015.pdf
Resultat frå nær-o-løp nr 5
Postet av Markane IL den 1. Jul 2015
50 o-løparar stilte opp på det siste nær-o-løpet før sommarpausen. Løpet vart arrangert av IL Veten og hadde start frå Ulvedal. Raskast i den lange A-løypa vart Isak Bergset (foto) frå NTNUI med 40 min 44 sek. Kjell Ove Bergset tok andreplassen med 1 t 2 min 3 sek. Best av deltakarane frå Markane vart Nils Heggdal på femteplass med 1t 23min 45 sek.
Nær-o-løpa startar oppatt etter sommarpausen den 13. august.
Nedanfor er også lagt ut samanlagtliste så langt. Mange ligg svært godt an til å oppnå minst fire løp og dermed samanlagtpremie.
Resultatliste_for_nær-o-løp_nr_5_på_Ulvedal_Dato_18.6.2015_Arrangør_IL_Veten.pdf
Samanlagtliste_nær-o-løp_2015_løp_1-5_rangert.pdf
På andreplass i G15 i Svinestranda opp 2015
Postet av Markane IL den 1. Jul 2015
I alt 61 deltakarar stilte opp i konkurranseklassa i Svinestranda opp 2015. Markane hadde ein deltakar på start, Simon Hjelmeset Kirkeeide som vart nummer to i klasse G15 med tida 28 min 6 sek. Klassevinnar vart Even Nesgård frå Fjellhug Vereide med 25 min 25 sek. Klassane til og med 15 år konkurrerte i halvt løp med start frå Austrheimsstøylen.
Raskast på den fulle distansen var Sindre Hoff frå Viksdalen med 52 min 44 sek. Dameklassa vart vunnen av Eli Anne Dvergsdal frå Gular med 59 min 41 sek.
Resultatliste_for_Svinestranda_Opp_21.6.2015.pdf
God innsats i Trollenykjen Opp
Postet av Markane IL den 1. Jul 2015
Markane IL hadde fem deltakarar på start då Eid IL arrangerte Trollenykjen Opp søndag 14.juni. I klasse M16-17 kom Håkon Midthjell Gjørven på ein sjuandeplass med 49 min 48sek. Grim Nygård følgde like bak på ein åttandeplass med 50 min 40 sek medan Andreas Halsteinslid vart nummer ti med 52 min 17 sek. Klassevinnar vart Eirik Rauset frå Sandane IL med 42 min 18 sek.
I klasse M18-19 kom Gaute Bø på ein andreplass med 57 min 8 sek. Klassevinnar vart Andreas Rauset frå Sandane. Andreplass vart det også til Maren Hjelmeset Kirkeeide som deltok i den yngste konkurranseklassa for damer, K12-13. Ho brukte 1 t 4 min 21 sek til toppen av Trollenykjen. Klassevinnar vart Malin Aske frå Fjellhug Vereide.
Totaltvinnar av Trollenykjen Opp vart også i år Arve Rindal frå Eid på tida 37min 42 sek. Raskast av damene var Merete Helgheim med 45 min 19 sek.
Resultatliste Trollenykjen Opp 2015l
God innsats i Birkebeinerløpet 2015
Postet av Markane IL den 1. Jul 2015
Markane IL hadde to deltakarar med i Birkebeinerløpet 2015. Gunn Skrede sprang inn til ein 86. plass i K25-29 med tida 1t 49min 19 sek medan Siv Myklebust vart nr 202 i K30-34 med 2t 26 min 15 sek.
Veronika Blom vann løpet for fjerde året på rad med 1t 20min 36 sek. Herreklassa vart vunnen av Weldu Negash Gebretsadik på 1t 7 min 8sek.
I alt 5692 deltakarar stilte opp i årets løp.
70 deltakarar på nær-o-løp i Hovdebygda
Postet av Markane IL den 1. Jul 2015
Hovdebygda 11.6.2015: Omtrent 70 deltakarar frå heile 9 ulike klubbar var representert då Hovdebygda arrangerte sesongens fjerde nær-o-løp. Også mange frå Markane IL hadde tatt turen. Isak Bergset frå NTNUI var suveren vinnar av lengste A-løypa. På dei neste plassane følgde Kjell Ove Bergset og Anders Bergset frå IL Veten. Best av markarane vart Gisle Bøe med ein fjerdeplass i den lengste A-løypa. Vigdis Sætren følgde på femteplass. I den korte A-løypa gjekk sigeren til Elias Bergset frå IL Veten.
Siste nær-o-løp før sommarpausen arrangerer IL Veten torsdag 18. juni.
Komplett resultatliste frå løpet i Hovdebygda her:
Resultatliste_nær-løp_nr_4_Hovdebygda_Dato_11.6.15.pdf
Georg Kristian Hatlelid vann M17-19 i Nordfjordrittet
Postet av Markane IL den 1. Jul 2015
Nordfjord 13.6.2015: Georg Kristian Halsteinslid vann Nordfjordrittet 2015 klasse M17-19. Foto: Gunnhild Sindre/Fjordingen Georg Kristian Halsteinslid er rask på sykkel og gjekk heilt til topps i klasse M17-19 under Nordfjordrittet 2015. Han fullførte dagens ritt på under fire timar og var i mål på 3 t 59 min 8 sek. Næraste konkurrent var Ruben Alsaker frå Sandane SK som tok andreplassen på 4 t 18 min 17 sek. Tredjeplassen gjekk til Bjørn Inge Gjersdal frå Sykkylven SK på 4 t 18 min 54 sek. I rittet totalt heldt Georg si tid til ein 50. plass. Karl Erik Kravik var raskast uansett klasse med 3t 30 min. Janne Bruhn-Henriksen frå Stryn T&IL sykkel var raskaste dame med 4 t 5 min 14 sek. |
Innbyding til Bendit rulleskiskytterfestival 12.-13.9.2015
Postet av Markane IL den 1. Jul 2015
Helga 12.-13. september er det på nytt klart for Bendit rulleskiskytterfestival på Ullsheim. Arrangementet er i samarbeid med BAMA Innbydinga finn du her: Innbyding til Bendit Rulleskifestival 12.-13.9.2015i |
|
Eskil Kveen tildelt Magnorpokalen
Postet av Markane IL den 1. Jul 2015
Eskil Kveen frå Markane IL vart på Skikrinstinget på Skei tildelt Magnorpokalen for sin innsats i kombinert. Magnorpokalen går til dei to beste 15-16 åringane. Alle greiner innan ski er med i kåringa. I tillegg til Eskil fekk også Andreas Hetle (langrenn) frå Breim, Inga Skaar (langrenn) frå Førde og Daniel Hagen (alpint) frå IL Veten tildelt Magnorpokal.
Vi gratulerer!
Ullsheim 21.5.2015:
Postet av Markane IL den 4. Jun 2015
43 deltakarar på nær-o-løp 3
Maren Hjelmeset Kirkeeide var raskast av alle i N-løypa. Foto: Markane IL.
I alt 43 deltakarar stilte opp då Markane IL arrangerte sesongens tredje nær-o-løp. Både i nybyrjarløypa og den lengste A-løypa var der god deltaking.
Maren Hjelmeset Kirkeeide var raskast av alle i nybyrjarløypa med ei svært god tid på 7 min 57. Arvid Hatledal var raskast av deltakarane i C-løypa med Klemet Bø var raskast gjennom den korte A-løypa.
I den lengste A-løypa stilte heile 17 deltakarar opp. Kåre Bøe frå Markane IL vann med 43 min 15 sek. Han var berre seks sekund føre Anders Bergset frå IL Veten. Dag Jarle Aa tok tredjeplasse på 44 min 21sek.
Torsdag 11. juni er det klart for sesongens fjerde o-løp. For første gong vert det eit løp i Hovdebygda med i nær-o-løpkarusellen. Vi håper mange tek turen dit og minner om at det trengst deltaking i fire løp for å sikre seg samanlagtpremie for sesongen.
Resultatliste nær o-løp nr 3 Arrangør Markane IL Dato 21.5.2015.
Ullsheim 3.6.2015:
Postet av Markane IL den 3. Jun 2015
Skulesprinten 2015
Skulesprinten/DNB-challenge i 2013. Foto: Markane IL
Markane IL arrangerer 3. juni Skulesprinten 2015. Orienteringsgruppa har ansvar for opplegget, og elevane i 6. og 7. klasse på Tonning skule kjem til Ullsheim for å prøve seg som o-løparar.
Skogstjerna 03.06.2015:
Postet av Markane IL den 3. Jun 2015
Arve Rindal vann Postvegløpet 2015
Arve Rindal frå Eid IL vann for andre året på rad Postvegløpet. Foto: Fjordingen 2014.
I alt stilte 135 løparar opp i årets Postvegløp. Det vart dermed ikkje ny deltakarrekord totaltsett, men konkurranseklassa sette ny rekord med 65 deltakarar.
Arve Rindal vann løpet for andre året på rad med 22 min 20 sek. Merete Helgheim vann dameklassa med 25 min 55 sek.
Meir frå løpet kjem etterkvart.
Her er årets resultatliste:
Breim 6. juni 2015:
Postet av Markane IL den 30. Mai 2015
Innbyding til Rotekoppen 2015
Breimsbygda IL innbyr til orienteringsløpet Rotekoppen laurdag 6. juni. Rotekoppen er eit fellesstartløp med kartbyte for 3 og 5 km. Elles vanlege o-løyper.
Start kl. 1400
Frammøte: Hjelltunet. Bomveg kr 60. Merka frå Fylkesveg 60 ved Øvreset og frå E 39 på Hetle bru. Om lag 10 min å gå til start for nybyrjarane og 20 min for alle andre
Påmelding: Innan fredag 30 mai til Jannike Felde på e-post jannfe@online.no eller direkte på Eventor.
Gje opplysing om leige av brikker ved påmelding. Leige kr 25,-
Påmeldingsavgift:
Løparar t.o.m 16 år kr 65 + kr 30 ved etterpåmelding
Løparar f.o.m. 17 år kr 110 + kr 60 ved etterpåmelding
Ikkje etterpåmeldingsavgift for løparar under 12 år.
Premiering:
Alle t.o.m 12 år. 1/3 premiering i klassane 13-16 år. 1/8 premiering i A-klassar frå 17 år.
Fine premiar for deltaking i 10-år og 20-år.
Fleire detaljar om klassar m.m. i innbydinga nedanfor.
Ullsheim 30.5.2015:
Postet av Markane IL den 29. Mai 2015
Skytebana vert stengd laurdag 30.5 mellom kl.1300-1600 på grunn av Finn-fram-dagen 2015!
Skogstjerna 27.5.2015:
Postet av Markane IL den 27. Mai 2015
Innbyding til Postvegløpet 2015
Arve Rindal vann Postvegløpet i fjor. Foto: Fjordingen
Onsdag 3.juni er det klart for årets Postvegløp. Konkurranseløparane startar kl.1900 medan trimdeltakarane start frå kl. 1800. Dei siste åra har det vore svært god deltaking og med årets samarbeid med Gym Stryn håper vi på ny deltakarrekord. Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng. Det er sjølvsagt både konkurranse- og trimklasse. Det har kome inn mange fine uttrekkspremiar som vert trekt ut blant alle deltakarane både i konkurranse og trim. I tillegg er det sjølvsagt premie til dei beste i kvar konkurranseklasse. Informasjon om årets løp: Starttid: onsdag 3.juni Stad: Skogstjerna, Markane. (10 km vest for Stryn ved rv.15) Konkurranseklassar: G/J 13-15, 16-18. Startkontingent: kr 50,- M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- Startkontingent kr 100,- ( For dei som stiller i konkurranseklassa og ikkje har kjøpt heilårslisens, vert det i tillegg 20 kr å betale for eingangslisens) Trimklasse utan tid: Start frå kl.18.00. Startkontingent: kr 50,-. Familie kr 150,-. Premiering: 1/3 i kvar klasse + fine premiar uttrekte på startnummer. Løpet er med i Nordfjordkarusellen. Kart over løypa til Postvegløpet
|
|
Ullsheim 30.5.2015:
Postet av Markane IL den 22. Mai 2015
Innbyding til Finn fram dagen 2015
Markane IL-orientering arrangerer i samarbeid med Barnas Turlag: FINN FRAM DAGEN 2015 -ein familiedag med aktivitetar for store og små laurdag 30. mai. Start frå kl. 13.00 Stad: Ullsheim
Program:
To løyper -ein for nybyrjarar og ein for dei med litt erfaring. Stafett med karttegn. Rakettløype. Kompass-poster og natursti.
Det vil bli enkel servering med pølser og frukt.
Det blir sal av årets TURORIENTERING og høve til å finne dei første tur-o-postane på Ullsheim. Nytt av året er at det er åtte postar i Kamben (Stryn). Det vert også tur-o-postar på Tverrfjellet -når snøen er vekk.
VI ØNSKJER NYE OG GAMLE O-LØPARAR VELKOMNE! Innbyding til Finn fram dagen 2015
Hornindal 30.5.2015:
Postet av Markane IL den 20. Mai 2015
Innbyding til Honndalsleikane 2015
Hornindal IL friidrett innbyr til Honndalsleikane på Hornindal Idrettspark laurdag 30. mai kl 12.00 Klassar/øvingar: G/J 10-12 år:
60m, lengde, liten ball, 600m
G/J 13-16 år:
60m (13/14), 100m(15/16),lengde, kule, spyd,600,1500m.
Startkontingent:
10-12 år: kr 120 for fritt antal øvingar.
13-16 år: kr 80,- pr øving
Deltakarpremiar for alle opp til 12 år. Premiering til dei tre beste i klassane 13-16 år.
Arrangementet nyttar elektronisk tidtaking.
Påmelding:
Webpåmelding via www.minidrett.no (utøvar enkeltvis) eller www.sportsadmin.no (klubbvis ved påmeldingsansvarleg)
Siste frist for påmelding onsdag 27.mai kl 23.59!
Startpengar innbetalast ved påmelding til konto:
3820.20.12768
Kontaktperson hos arr: Ståle Hatlelid, e-post: shatle@online.no
Sjå også vedlagt innbyding nedanfor.
Velkomen til Hornindal Idrettspark!
Ullsheim 21.5.2015:
Postet av Markane IL den 19. Mai 2015
Innbyding til sesongens tredje nær-o-løp!
Markane IL er arrangør av sesongens tredje nær-o-løp. Start frå Ullsheim torsdag 21. mai.
Start kl. 18.00.
Løyper for alle.
Startkontingent: 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.
Vi minner om at alle som deltek for Markane IL, oppnår samanlagtpremie om dei er med på minst fire nær-o-løp.
Vi ønskjer både etablerte og nye o-løparar velkomne til nær-o-løp!
Skogstjerna 17.5.2015:
Postet av Markane IL den 16. Mai 2015
17.mai-feiring i Skogstjerna
Markane ungdomslag innbyr til tradisjonell 17.mai-feiring i Skogstjerna.
Middag frå kl.13.30.
Tog kl.1400 til musikk av Hornindal Musikkorps.
Samling ved minnesmerket for oberst Hatledal.
Tale ved Matias O. Lunde kl. 15.30
Kaker og kaffi.
Leikar m.m.
Alle velkomne!
Webkamera:
Postet av Markane IL den 12. Mai 2015
Styret 2015
Postet av Markane IL den 12. Mai 2015
Styret i MIL 2015
Eldbjørg Hatledal – leiar ehatleda@online.no 97 07 66 95
Rikard Kirkeeide Bøe – nestleiar rikard.boe@gmail.com 45800450
Antonia Karete Haugen Kongsvik – sekretær antoniak@online.no 90 99 99 88
Arvid Hatledal - hatledal@online.no 90 63 71 60
Kristin Hatledal - k_hatledal@hotmail.com 97024543
Sigbjørn Fænn - siggen_fen@hotmail.no 48 25 26 62
1.vara: Monica Halsteinslid monica@termopartner.no 41 68 40 66
1.vara Monica Halsteinslid er fungerande nestleiar i staden for Rikard
Kirkeeide Bøe som har permisjon våren 2015.
----------------------------------------------------------------
Nils Heggdal - kasserar nils@iras.as 92 60 66 63
-----------------------------------------------------------------
Dagleg leiar Ullsheim/ansvarleg for utleige av Ullsheimsanlegget:
Klemet Bø dagleg leiar Ullsheim klem-b@online.no 91 31 95 12
--------------------------------------------------------------------
Gruppeleiarar:
Monica V. Halsteinslid skiskyting monica@termopartner.no 41 68 40 66
Sigbjørn Fænn ski siggen_fen@hotmail.no 48 25 26 62
Margunn Hjelmeset barneidr.sk. marg-hje@frisurf.no 41 62 82 68
Ny kontaktperson for friidrett vert vald av styret snart
Per Jakob Kyrkeeide trim per.jakob.kyrkjeeide@enivest.net 92 22 30 02
Per Øen orientering per-oee@online.no 90 05 42 38
Andre:
Per Jakob Kyrkeeide vaktm/ reinh per.jakob.kyrkjeeide@enivest.net 92 22 30 02
Antonia Karete Haugen Kongsvik – heimesida antoniak@online.no 90 99 99 88
Oversikt over gruppestyra, revisorar og valnemnd i 2015
Styret i skiskyttargruppa 2015
Leiar: Monica Halsteinslid
Nestleiar: John Roger Meland
Styremedlem: Jan Egil Gjørven
Styremedlem: Kari Tonning
Styret i skigruppa 2015
Leiar: Sigbjørn Fænn
Styremedlem: Margunn Hjelmeset
Styremedlem: Kjetil Svarstad
Styremedlem: Svein Rune Aaland
Styremedlem: Anne Marie Svarstad
Styret i orienteringsgruppa 2015:
Kontaktperson: Per Øen
Styremedlem: Grete Zachariassen
Styremedlem: Sissel Svarstad
Styremedlem: Åshild Sætren Bøe
Styremedlem: Svein Arne Lødemel
Styret for barne- og ungdomsgruppa, trimgruppa/friidrettsgruppa 2015:
Leiar: Per Jakob Kyrkjeeide
Styremedlem: Bodil Dybevoll
Styremedlem: Sigbjørn Kirkeeide
Styremedlem: Even Nesje
Leiar friidrett: Ny kontaktperson vert vald av styret snart
Leiar Markane og Stryn barneidrettskule: Margunn Hjelmeset
Revisorar 2015:
Ester Anny Skrede
Randi Lindvik
Varamedlem: Per Ove Kjøs
Valnemnd i 2015:
Leiar: Ann Kristin Grodås
Medlem: Frank Jakob Sandbakk
Medlem: Monika Osvold
Varamedlem: Wenche Arntsen
Styremedlem i Team Statkraft Nordfjord: John Roger Meland
Ny Hjemmeside
Postet av Markane IL den 12. Mai 2015
Brukervennlig, godt design, idrettstilpasset, klubbtilpasset og billig i drift
er noen av stikkordene som passer Idretten Online sin nye hjemmesideløsning.Her kan alle forskjellige ledere (eller utøvere om man ønsker) få tilgang til å skrive blogg artikler og nyhetssaker. Siden kan enkelt oppdateres med ny informasjon, nyhetssaker, arangementer eller annet som klubben ønsker å informere om. Alt ved hjelp av en PC med internett. Noen få klikk, dra et bilde inn fra skrivebordet, lagre og publiser og så har du den siste informasjonen tilgjengelig for alle på nettsidene deres.
Sagedammen 7.5.2015:
Postet av Markane IL den 12. Mai 2015
56 deltakarar på sesongens andre nær-o-løp
Amanda Gjøvåg Heggestad var ein av dei unge o-løparane som fullførte N-løypa ved Sagedammen. Arkivfoto: Markane IL,2013
Sesongens andre nær-o-løp vart arrangert av IL Veten ved Sagedammen torsdag 7.mai. Totalt deltok 56 o-løparar. Markane IL var godt representert med heile 22 små og store deltakarar. Som vanleg var det aller flest deltakarar i N-løypa.
I den 4 km lange A-løypa vart det siger til Dag Jarle Aa frå Hovdebygda. Best frå Markane vart Gisle Bøe på ein femteplass.
Neste nær-o-løp er Markane som er arrangør av. Løpet vert torsdag 21. mai på Maurset/Ullsheim.
Fullstendig resultatliste frå løp nr 2 ligg her:
RESULTATLISTE nær-o-løp 2 sesongen 2015 Arrangør IL Veten Dato 7.5.2015 .
Åheim 1.5.2015:
Postet av Markane IL den 4. Mai 2015
Simon Hjelmeset Kirkeeide vann G15 i Åheimsløpet
Simon Hjelmeset Kirkeeide vann G15 i Åheimløpet. Arkivfoto: Margunn Hjelmeset
Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i G15 under 1. mai-løpet på Åheim. 15-årsklassa sprang 900 meter og vinnartida til Simon vart på 3 min 19 sek. Andreplassen gjekk til Anders Osdal frå Flatrake IL med 3min 32 sek.
Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok i J12 som sprang 650m. Ho kom på andreplass med 2 min 58 sek. Kaia Bjørvik frå Åheim vann klassa på 2 min 54 sek. Tredjeplassen gjekk til Tiril Hasund frå Åheim IL med 3 min 6 sek.
Sagedammen 7.5.2015:
Postet av Markane IL den 4. Mai 2015
Klart for sesongens andre nær-o-løp!
IL Veten er arrangør av sesongens andre nær-o-løp. Start ved Sagedammen torsdag 7. mai.
Start kl. 18.00.
Løyper for alle.
Startkontingent: 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.
Vi ønskjer både etablerte og nye o-løparar velkomne til nær-o-løp!
Olden 26.4.2015:
Postet av Markane IL den 29. Apr 2015
3.plass i Oldestafetten
Markane sitt lag i herreklassa kom på tredjeplass i Oldestafetten 2015. Frå venstre: Håkon Midthjell Gjørven, Johan Eirik Meland, Georg Kristian Halsteinslid, Andreas Halsteinslid og Odd Sindre Tonning. Foto: Olden IL
Markane IL hadde tre lag på start i årets Oldestafett. Best resultat fekk herrelaget som kom på ein fin tredjeplass. GFIL gjekk heilt til topps i klassa med tida 9.38. Jølster IL tok andreplassen, 7 sek etter vinnaren medan Markane på sin tredjeplass var 32 sek bak GFIL i mål.
Markane hadde også to lag til start i guteklassa. Her var det mange lag som deltok og svært jamnt. Markane I kom på ein sjetteplass med tida 6 min 24 sek. Klassesigeren gjekk til Hornindal med 6 min 6 sek. Jølster I kom på andreplass, berre to sek etter medan Breimsbygda II tok tredjeplassen med 6 min 16 sek. Markane II kom på ein 14. plass med tida 7 min 40 sek.
Komplett resultatliste for alle klassar nedanfor:
Stryn 23.4.2015:
Postet av Markane IL den 28. Apr 2015
Nær-o-sesongen er i gong. Katrine Svarstad Heggdal var ein av mange unge deltakarar og var tredje raskast i C-løypa. Arkivfoto: Markane IL, 2012
Nær-o-løpa er starta opp. Det første av dei i alt åtte løpa gjekk av stabelen torsdag. Dette var eit sprintløp med start og mål ved Strynehallen. I alt 51 deltakarar stilte opp. Flest deltakarar var det i nybyrjarløypa der heile 25 løparar stilte opp. I C-løypa var Inger Hjelmeset raskast av dei tolv deltakarane. Sven Bergset Langvik frå Veten var den einaste som deltok i B-løypa. I A-løypa var Rasmus Endre Bø frå Markane raskast med 14 min 39 sek. Elias Bergset frå IL Veten var nummer to medan Gisle Bøe frå Markane IL kom på tredjeplass.
Neste nær-o-løp vert torsdag 7. mai. Då er det IL Veten som er arrangør.
Resultatliste for nær o løp nr 1 Dato 23.04.2015 Arrangør Markane IL.
Åheim 1.5.2015:
Postet av Markane IL den 28. Apr 2015
Innbyding til 1.mailøpet på Åheim
1.mai er det klart for 1.mailøpet på Åheim. Hugs påmeldingsfristen 28.4. Dei frå Markane som ønskjer å delta ordnar sjølve med påmelding!
Stad:
Start og mål ved Olivinhallen, Åheim, der det også er stemnekontor og garderober.
Tid: Løpet starter kl.13.00
Klasser: Alle klasser.
NB: Senior/veteran startar først, kl 13.
Løyper:
Menn / kvinner senior, veteran og junior: 3000 m
Jenter/gutar 15-18år: 900 m
Jenter og gutar 11-14 år: 640 m
Rekrutt 9-10 år: 480 m
Rekrutt 8-5 år: 230m
Startkontingent:
Jenter og gutar 5-12 år: kr. 60,-
Jenter og gutar 13-18 år: kr. 80,-
Junior, senior, veteran: kr. 120,-
Betaling ved oppmøte eller til konto: 3972 20 36 100
Betalt friidrettslisens i klassene 13 år og eldre gjev kr. 20,- i rabatt.
Gje opp lisensnr.
NB! ETTERPÅMELDING SKAPER STORT EKSTRAARBEID!
PÅMELDING LØPSDAGEN kr. 20.- I TILLEGG!!
Vandrepokal:
Det er sett opp vandrepokal, ein for kvinner og ein for menn.
For å få pokalen til odel og eie må ein vinne løpet tre gonger.
Informasjon / påmelding:
Ole Magne Kvalsvik, 6144 SYLTE
e-post: olemkv@outlook.com
eller Jon Sivert Thue, Slagnes, 6146 Åheim
e-post: jon.sivert@gmail.com
Ullsheim 22.1 - 24.1.2016:
Postet av Markane IL den 23. Apr 2015
Markane IL tildelt NC skiskyting
Det er klart for eit nytt stort skiskyttararrangement på Ullsheim i 2016. Foto: Jan Åge Sundnes (Jr. NM 2012)
Det vart på styremøtet i NSSF i dag klart at Markane IL vert arrangør av DNB Cup 4/Statkraft junior cup 3 helga 22.-24. januar 2016. Øvingane vert normal og sprint.
For dei som alt no vil sikre seg overnatting, finn de oversikt over våre samarbeidspartnarar innan overnatting her.
Stryn 23.4.2015:
Postet av Markane IL den 20. Apr 2015
Klart for sesongens første nær-o-løp!
Markane IL er arrangør av sesongens første nær-o-løp. Dette vert eit sprintløp med start/mål ved Strynehallen torsdag 23. april.
Start mellom 18.00 og 19.00
Kort opplæring for dei som treng det.
Løyper: A-nivå 2,7 km, B-nivå 2,2 km, C-nivå 1,7 km og N-nivå 1,1 km. Premiar til alle borna som spring N-løypa.
Rakettløype som oppvarming.
Startkontingent: 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.
Terminliste for nær-o-løpa vidare vert kunngjort snart.
Det er fint viss fleire har høve til å stogge igjen etter løpet og hjelpe til å plukke inn postane. Ta gjerne med ei lita saks eller ein kniv for enkelte postbukkar vert teipa fast til lyktestolpar m.m.
Vi ønskjer både etablerte og nye o-løparar velkomne til nær-o-løp!
Nybyrjarane kan alt no studere løypekartet til N-løypa her:
Sandane 19.4.2015:
Postet av Markane IL den 19. Apr 2015
Nikolai Dispen Lødemel tok KM-bronse i terrengløp klasse G14. Arkivfoto: Markane IL, 2013
Markane IL hadde to deltakarar då Fjellhug Vereide arrangerte KM i terrengløp på Sandane. Svein Arne Lødemel gjekk til topps i si klasse og tok KM-tittelen i MV 35-39. Han fullførte dei 3,6 kilometerane på 14 min 46 sek. Nummer to vart Hans Jakob Walnum frå Tastaturlaget på 15 min 14 sek.
Nikolai Dispen Lødemel tok KM-bronse i klasse G14. Han brukte 2 min 12 sek på den 600 meter lange løypa. Han var berre to sekund bak Magnus Seljeset frå Hornindal IL som sikra KM-sølv med 2 min 10 sek. KM vinnar i G14 vart Elias Slåtten frå Jølster på 2 min 5 sek.
Resultatliste KM terrengløp Arrangør Fjellhug Vereide 19.4.2015.
Leikanger 18.4.2015:
Postet av Markane IL den 18. Apr 2015
"Team Agurk" med Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland til topps i Kjeringi Open!
Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk "Team Agurk" inn til siger i juniorklassa saman med Trygve Brendehaug (Syril) og Eirik Buntemeyer (Stryn). Foto: TSN
I år som i fjor, gjekk "Team Agurk" til topps i klassa for juniorlag under Kjeringi Open 2015. Laget var samansett av Trygve Brendehaug frå Syril IL, Aksel Mathias Meland frå Markane IL, Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL og Eirik Buntemeyer frå Stryn.
Trygve Brendehaug gjekk første etappen som er telemark. Då han veksla med Aksel Mathias Meland låg laget på andreplass. Aksel gjekk laget fram i tet på langrennsetappen. Denne leiinga heldt seg løpet i gjennom. Simon Hjelmeset Kirkeeide hadde tredjeetappen som var løp medan Eirik Buntemeyer sykla laget vel i mål. Både Aksel, Simon og Eirik hadde beste etappetid. Laget var i mål på 49 min 7 sek. Dei var heile 5 min 4 sek før lag nummer to, "Hafslogutane". Tida var så god at det ville helde til ein fjerdeplass i seniorklassa.
I tillegg til lagkonkurransane var der også superkjeringkonkurransar. I desse går same løpar alle etappane. Klassa for damer vart vunnen av Ellen Blom frå Sogndal på 56 min 13sek medan klassa for menn vart vunnen av Ole Martin Erdal frå Førde IL på 47 min 20 sek. I denne klassa hadde også Markane ein deltakar, Kjetil Svarstad som vart nummer 38 med 1 time 9min 57 sek.
Sogndal 16.4.2015:
Postet av Markane IL den 18. Apr 2015
Georg Kristian Halsteinslid til topps i basismeisterskap for vidaregåande skular.
Finalefeltet i basismeisterskapet for vidaregåande skular. Vinnarane Ingrid Nordnes (Sogndal vgs) og Georg Kristian Halsteinslid (Stryn vgs) i midten flankert av sølvvinnarane Erlend Solhaug Myklebust (Stryn vgs) og Andrea Hopen (Sogndal vgs). Foto: Ole Kristian Birkeland
Torsdag 16. april arrangerte Sogndal vgs basismesterskap for elevar som går ved ordninga ”spissa idrettstilbod” ved Stryn vgs, Sogndal vgs og Hafstad vgs. Arrangementet var i samarbeid med Ingrid Narum i Sogn og Fjordane idrettskrins.
Elevar frå dei vidaregåande skulane i Stryn (skiskyting), Sogndal (fotball) og Førde (volleyball) møttest til duell i ei løype som inneheldt fylgjande 8 øvingar: 1) Velte traktordekk 2) Springe med 20 kg (gutar)/ 15 kg (jenter) i kvar hand 3) Spa 30 liter sand 4) Springe med trillebår med sement 100 kg (gutar)/ 75 kg (jenter) 5) Kaste på blink med erteposar 6) Balansere på ein tynn planke 7) Klatre opp klatreveggen 8) Forsere ein bom i brysthøgde 5 gongar.
Øvingane var valde ut slik at ingen av dei skulle gje nokon fordel uansett av kva idrettsgrein elevane kom frå. Ifølgje avdelingsleiaren på idrettsfag, helse- og oppvekst ved Sogndal VGS, Ole Karsten Birkeland er dette øvingar som går på basisferdigheiter, og som er litt inspirert av korleis det er gjort i Mesternes Mester (NRK-program).
Utøvarane konkurrerte i innleiande heat først, der dei to beste tidene frå kvart kjønn gjekk til finale. Hjå gutane vart det ein rein finale mellom skiskyttarar frå Stryn vgs. Erlend Solhaug Myklebust frå Stårheim IL møtte til Georg Kristian Halsteinslid frå Markane IL til finalekamp. Georg gjekk sigrande ut av finalen.
På jentesida møttest fotballspelarane Ingrid Nornes (18) og Andrea Hopen (17), der Nornes kom seg først over målstreken.
Hamar 23.-25. mai 2015:
Postet av Markane IL den 17. Apr 2015
Pinseløpa på Hamar
No nærmar det seg O-sesong og Pinseløpa/Ungdomsleir på Hamar 23.-25. mai. Meir om løpa finn du på heimesida: http://www.pinselopene.no/
Det vert eit opplegg i regi av o-krinsen omlag som tidlegare år.
Samlinga har med fokus på løparar frå 14 - 20 år, men er open for alle. Løparar under 14 år bør ha med ein vaksen. (Eventuelt avtale med Anders Bergset).
Isak Bergset(NTNUI) blir med som instruktør/motivator. Han vil spesielt ta seg av løparar som er aktuelle for Hovudløpet.
Vil spesielt oppmode aktuelle Hovudløps-løparar om å delta på samlinga (14-, 15- og 16-åringar).
Fellesmåltid: kveld (laurdag), frukost+middag/kvelds (søndag) og frukost måndag.
Alle må ha med mat/niste til reise og første løp
Det er reservert 6 dobbeltrom på Hamar Vandrarheim, so det er plass til 12 stk totalt.
Fellesmåltida, køyregodtgjersle (ved felles transport) og overnatting blir dekt av krinsen.
Eigenbetalinga pr deltakar blir kr 800,-.
Bindande påmelding til abergset64@gmail.com, eventuelt på 90666870, seinast 26.04.2015 kl 2400.
Dersom nokon kan stille på som sjåfør, skriv det i påmeldinga.
Olden 26.4.2015:
Postet av Markane IL den 16. Apr 2015
Innbyding til Oldestafetten
Olden idrettslag inviterer til den 61. Oldestafetten søndag 26.april 2015 frå kl.1300.
Som tidlegare år kan ein melde på lag i klassane Gutar, Jenter, Veteran, Damer og Herrar. Det har også blitt ein tradisjon å arrangere stafettleik for barn før starten på gutestafetten. Dette er ein ministafett for dei frå 6 til 10 år, der vi grupperer laga tilfeldig, med fire på kvart lag, og der alle får ein liten premie. I fjor deltok 7 lag på dette arrangementet.
Også i år vert det ein Open klasse. Dette er tenkt å vere eit uhøgtideleg innslag for dei som ikkje er tykkjer dei er godt nok trente til å vere ved i ordinære klassar. Det passar for bedriftslag, familielag eller grendalag osv som vil delta litt meir uformelt. Her vert det damer og herrar i same klasse her og ser gjerne at det blir blanda lag.
Alder for gutar og jenter : Deltakarane i begge desse klassane må vere i alderen 11-16 år (fødselsår 1999-2004), men samla alder skal ikkje overstige 67 år.
Skriv deltakarane sin alder og fødselsår på påmeldinga.
Premiering: Det er sett opp vandrepokal som må vinnast 3 gongar. Elles vanleg premiering til beste 1/3. Individuelle medaljar til 3 beste lag i kvar klasse.
Startkontingent: Kr 500,- pr påmeldt lag. Kontingenten blir redusert med kr 100.- pr ekstra lag i kvar klasse. Kontonummer 3770 20 32211.
Detaljar om etapper og starttider i innbydinga.
Om du vil delta for Markane, send påmelding til Antonia Karete Kongsvik på antoniak@online.no innan tysdag 21. april kl. 1900!
Liatoppen 12.4.2015:
Postet av Markane IL den 12. Apr 2015
Aksel Mathias Meland til topps på fellesstarten i G16
-3. plass til Oskar Guddal Breivik i G13
To pallplassar på Liatoppen i dag: Oskar Guddal Breivik (t.v) kom på tredjeplass i G13 medan Aksel Mathias Meland gjekk heilt til topps i G16. Foto: Markane IL/TSN
To av skiskyttarane frå Markane IL kom på pallen under fellesstarten i Bendit Liatoppen Skiskytterfestival. Aksel Mathias Meland gjekk heilt til topps i klasse G16 medan Oskar Guddal Breivik sikra seg tredjeplassen i klasse G13.
I klasse G16 gjekk Aksel Mathias Meland heilt til topps. Han vann klassa 6 sek føre Halvor Taalesen Tjønntveit frå Svene. Aksel hadde ein bom på kvar av skytingane med Tjønntveit skaut feilfritt. Tredjeplassen Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL som var 9 sek etter vinnaren med tre bom. Magnus Arntsen kom på 59. plass i same klassa med totalt fem bom.
Også i klasse G13 vart det pallplass til ein markaneløpar. Oskar Guddal Breivik gjekk inn til ein flott tredjeplass. Med totalt tre rundar var han 59 sek etter vinnaren Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL som skaut feilfritt. Arnt Johan Tungen frå Orkdal tok andreplassen, 30 sek etter vinnaren med to bom. Også Sigurd Fotland Fænn gjekk seg inn til ei topp-10 plassering. Han vart nummer åtte i klassa, 1 min 9 sek etter vinnaren med totalt tre bom.
Også i klasse G15 vart det ei topp 10 plassering. Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til ein fin 10. plass i klassa sjølv om det vart sju bom på standplass. I mål var han 1 min 7 sek etter vinnaren Ørjan Moseng frå Røros IL som hadde to rundar.
I klasse J12 vart Maren Hjelmeset Kirkeeide nr 16 og Emilie Flo Stavik nr 21. Maren hadde fire bom og Emilie seks bom totalt. Dei var høvesvis 1 min 4 sek og 1 min 40 sek etter vinnarane. Hedda Garlid Hilde skaut best av våre i J12 med berre ein bom. Ho kom på ein 44. plass. Ho var 3min 6 sek etter vinnarane. Det var delt klassesiger til Anna Espeli og Herborg Idland.
I klasse J15 kom Anne-Marie Roset på ein 17. plass. Ho hadde totalt to strafferundar og var 2 min 42 sek etter klassevinnar Åsne Skrede frå Geilo IL.
I klasse G12 vart Jon Erlend Bø nummer 31. Han hadde berre ein bom og var 1 min 44 sek etter klassevinnar Erik Sporaland. I same klassa vart Anders Svarstad Hole nummer 69, også han berre med ein bom. Håvard Tonning hadde ikkje heilt dagen på standplass og vart nummer 105 med åtte bom.
Magnus Midthjell Gjørven kom på 70. plass i klasse G14. Han hadde totalt tre bom og var 3 min 22 sek etter vinnaren Peder Fekjan Solheim frå Svene IL.
God Nor
Askvoll 25.-26.4.2015:
Postet av Markane IL den 12. Apr 2015
KM-sprint og ungdomssamling
O-sesongen nærmar seg. Den 25.april er det klart for det første krinsløpet, KM sprint. Gunnar Gytri held i dette høve på med nytt sprintkart for Askvoll sentrum.
Same helg vert det ungdomssamling. Denne startar laurdag kl 11.00 og vert avslutta søndag ettermiddag. Deltaking i KM-sprint vert innlagt i samlinga.
Årets Hovedløp og O-landsleir 2015 vert i Larvik. Heimesida er no oppe og går: www.hl15.no
For å komme i gang med planlegging av reise og opphald på Hovedløp og O-landsleir 2015, ber krinsen om å få ei førebels oversikt over dei som har tenkt å delta. Foreldre som vert med får tilbod om å bu på Johan Magerøy si hytte på Nøtterøy, ca 1 times køyring frå Larvik.
DERFOR, meld frå til o-gruppa om du har tenkt deg på Hovedløp i år!
Liatoppen 10.4.2015:
Postet av Markane IL den 11. Apr 2015
Fire lag i aksjon under stafetten på Liatoppen
Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik gjekk saman med Hedda Garlid Hilde inn til ein 7. plass i stafetten for jenter 11-12år. Foto: MIL
Markane IL hadde fire lag i aksjon under Larsen-stafetten på Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival. I klasse jenter 11-12 år gjekk Markane inn til ein sjuandeplass. På laget gjekk Maren Hjelmeset Kirkeeide, Hedda Garlid Hilde og Emilie Flo Stavik. I klasse gutar 11-12 år kom Markane på 25.plass med Jon Erlend Bø, Anders Svarstad Hole og Håvard Tonning.
I klasse G13-16 år deltok Markane med to lag. Markane I kom på 34. plass med Sigurd Fotland Fænn, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Magnus Arntsen på laget. Markane II vart nummer 44. På laget gjekk Oskar Guddal Breivik, Magnus Midthjell Gjørven og Anne Marie Roset. Klassa vart vunnen av Figgjo IL medan Stårheim IL kom på andreplass.
For dei yngste var det normaldistanse som var på programmet. Her deltok Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Oda Svarstad Hole frå MIL.
Resultatliste Bendit Liatoppen Larsen-stafett 10.4.2015
Resultatliste Bendit Liatoppen normaldistanse jenter 10 år og yngre 10.4.2015
Liatoppen 11.4.2015:
Postet av Markane IL den 11. Apr 2015
Topp-10 plassering til Maren Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland på sprinten
Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på 6. plass i J12 under sprinten på Liatoppen i dag. Arkivfoto: Markane IL
Mange unge lovande skiskyttar var i aksjon under sprinten på Liatoppen i dag. Fleire av klassene hadde godt over 100 deltakarar. Mange frå Markane fekk fine plasseringar og to kom inn blant topp ti i sine klassar. Best plassering av våre i dag fekk Maren Hjelmeset Kirkeeide med ein 6. plass i klasse J12. Med to strafferundar var ho 57 sek etter klassevinnaren Ida Molde Lappegård frå Ål IL som skaut feilfritt. I same klassa kom Emilie Flo Stavik på ein fin 17. plass sjølv om det var seks bom på standplass. Hedda Garlid Hilde imponerte på standplass med berre ein strafferunde og vart nummer 42.
Også Aksel Mathias Meland sikra seg ei plassering blant dei ti beste då han vart nummer åtte i klasse G16. Med totalt tre strafferundar var han akkurat 1 min etter klassevinnar Pierre Monney frå Frankrike som skaut feilfritt. I same klassa kom Magnus Arntsen på ein 45. plass, også han med tre bom.
Sigurd Fotland Fænn sikra seg ein flott 11. plass i klasse G13. Med totalt tre strafferundar var han 1 min 6 sek etter Arnt Johan Tungen frå Orkdal som berre hadde ein bom. I same klassa vart Oskar Guddal Breivik nummer 48 med totalt fem bom.
Anne Marie Roset kom på ein 18. plass i klasse J15. Med totalt fire strafferundar var ho 3 min 13 sek etter vinnaren Åsne Skrede frå Geilo IL.
Magnus Midthjell Gjørven kom på ein fin 35. plass i G14. Han imponerte på standplass som ein av to løparar i klassa som skaut to fulle hus. Han var 3 min etter klassevinnar Eirik Idland frå Figgjo IL. Magnus Seljeset frå Hornindal IL kom på 6. plass i klassa.
I klasse G12 var det Jon Erlend Bø som fekk best plassering av våre med ein flott 28. plass. Med totalt fire strafferundar var han 1 min 24 sek etter vinnaren Eirik Sporaland frå Figgjo IL. I same klassa vart Anders Svarstad Hole nr 82 og Håvard Tonning nr 104.
Simon Hjelmeset Kirkeeide tok ein 38.plass i klasse G15. Med fire strafferundar var han 2 min 51 sek etter vinnaren Ørjan Moseng frå Røros IL.
Fleire lag frå Nordfjord hadde løparar som gjorde det svært så godt. I klasse J16 gjekk Sigrid Flo Bødal heilt til topps med god fart i sporet og feilfri skyting.
I dei urangerte klassane for 10 år og yngre hadde MIL to deltakarar: Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Mari Sofi Meland som begge skaut feilfritt.
Samla resultatliste frå sprinten her:
Resultatliste Bendit Liatoppen sprint 11.4.2015.
Aksel Mathias Meland var ein av fem gutar og fem jenter i 15-16-årsklassa som vann seg treningstur til Frankrike. Foto: TSN
Aksel Mathias Meland kom på åttandeplass i G
Hornindal 17.4.2015:
Postet av Markane IL den 11. Apr 2015
Innbyding til terrengløp
Det vert terrengløp i Hornindal fredag 17. april!
Vi oppfordrar alle spreke friidrettsutøvarar om å stille opp!
Påmelding ved Honndalshallen frå kl 17.00.
Alle klassar.
Kort løype: 600 m for dei under 13 år.
Lang løype for 13 år og eldre: 1,1 km
Startkontingent: kr 50,- pr deltaker.
Premiering
Alle velkomne!
NB! Vi minner om at det berre er høve til å representere ein klubb i friidrett i løpet av ein sesong. Det vert ikkje arrangert friidrettstreningar i regi av Markane IL så for mange av våre medlemer vil det vere naturleg å stille for andre klubbar i friidrett. Men alle medlemer som ønskjer å representere Markane også i friidrett, er hjarteleg velkomne til å gjere dette også denne sesongen.
Khanty Mansijsk 19.3.2015:
Postet av Markane IL den 11. Apr 2015
Tung sprint for Tarjei og Johannes
Johannes Thingnes Bø måtte ut i fire strafferunder på dagens sprint i Khanty-Mansisk, ein etter liggande og tre etter ståande skyting. Tarjei Bø måtte også ta eit par strafferunder etter ståande skyting. Det gjekk heller ikkje spesielt fort i sporet. Tarjei enda til slutt som nummer 50, medan Johannes enda 18 plassar lenger ned. Johannes får dermed ikkje gå jaktstarten på laurdag.
Franske Martin Fourcade vann sprinten.
Khanty Mansijsk 21.3.2015:
Postet av Markane IL den 11. Apr 2015
Tarjei Bø gjekk seg opp 39. plassar
Tarjei Bø gjekk seg opp heile 39. plassar på dagens jaktstart. Med 19 av 20 moglege treff på standplass og betydeleg betre fart i sporet gjekk han seg inn til ein hederleg 11. plass på sesongens siste jaktstart.
Canadisk Nathan Smith gjekk seg inn til sin første verdscupsiger.
Johannes Thingnes Bø fekk ikkje gå dagens løp etter å ha blitt nummer 68 på sprinten.
Verdscupen vert avslutta med fellesstart søndag.
Khanty Mansijsk 22.3.2015:
Postet av Markane IL den 11. Apr 2015
Tredjeplass til Tarjei Bø i sesongens siste verdscupløp
Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø var med og sette sitt preg på sesongfinalen i skiskyting. Tarjei fekk ein bom på første skyting, men imponerte igjen på standplass med å skyte ned totalt 19 blinkar. Johannes Thingnes Bø skaut fullt på dei to første skytingane, og låg på andre plass ut frå andre skyting. På tredje skyting vart det ein bom, men han hadde framleis sjanse på pallplass. Tarjei, som skaut fullt, kjempa no om sigeren og gjekk ut frå tredje skyting på ein 2. plass.
Johannes måtte også ut i strafferunda ein gong på siste skyting, og var dermed ute av pallstriden.
Jakob Fak, som skaut fire fulle hus, gjekk ut frå siste skyting vel seks sekund framfor Tarjei, med russiske Anton Shipulin vel 16 sekund bak der igjen. Det vart ei uhyre spennande sisterunde. Tarjei såg ryggen til Fak framfor seg, medan Shipulin jaga bak. Eit stykke ut i sisterunda var Shipulin oppe i ryggen på Tarjei, og i siste sving tok han «inneren» og vart for sterk på oppløpet. Tarjei vart dermed endå ein av dei som vart spurtslegne av russaren denne sesongen.
Johannes fekk notere seg for endå ei topp 10-plassering i verdscupen denne sesongen. Han avslutta på 9. plass.
I den totale verdscupen vart Johannes Thingnes Bø beste norske løpar på 5. plass. Martin Fourcade vann cupen, framfor Anton Shipulin, Jakob Fak og Simon Schempp.
Ullsheim 9.4.2015
Postet av Markane IL den 10. Apr 2015
Lagsmeisterskap i skiskyting
Emilie Flo Stavik vart lagsmeister i J11-12 Foto: Markane IL
Vintersesongen er ikkje heilt slutt enno. Onsdag var det klart for lagsmeisterskap for skiskyttarane. Heile 40 deltakarar stilte til start. I klassa J11-12 år vart Emilie Flo Stavik lagsmeister. Jon Erlend Bø vart lagsmeister for G11-12 år. I klassa G13-14 år vart Oskar Guddal Breivik lagsmeister. Klassevinnar vart Magnus Seljeset frå Hornindal IL. Simon Hjelmeset Kirkeeide vart lagsmeister i G15-16 medan Anne Marie Roset vann J 15-16. Odd Sindre Tonning vann juniorklassa medan Nils Heggdal vart lagsmeister i menn senior.
Resultatliste for lagsmeisterskap i skiskyting 9.4.2015
Simon Hjelmeset Ki
Stryn kulturhus 21.4.2015:
Postet av Markane IL den 8. Apr 2015
Foredrag med Jørgen Jelstad: ME - mysteriet, mytene og status i forskinga.
Tysdag 21. april kl 18.00 vert det arrangert foredragskveld med Jørgen Jelstad i Stryn Kulturhus. Jelstad er forfattaren bak boka "De Bortgjemte- og hvordan ME ble vår tids mest omstridte sykdom".
ME er ein sjukdom mange ikkje forstår. Alvorleg sjuke menneske vert sende heim frå legar og sjukehus med ei oppfordring om å ta seg saman. Det offentlege tilbodet for denne pasientgruppa er svært mangelfullt, og mange må pleiast i sine heimar av sine pårørande.
Jelstad er utdanna både fysioterapeut og journalist, og han har sjølv ei ME- sjuk mor. Han møter sjukdomen både gjennom pasientar, pårørande, helsepersonell og forskarar, og han presenterer forskningresultat på ein oversiktleg og grundig måte. Jelstad har halde foredrag over heile landet, og vi er no så heldige at han kjem til Stryn.
Dette foredraget er også ei fin moglegheit til å skaffe deg nyttig kunnskap om ein sjukdom som råkar både born og vaksne i vårt nærmiljø.
Gratis inngong!
Takk til Nils Petter Hauge for initiativ, hjelp og engasjement!
Foredraget er sponsa av Markane IL.
Ullsheim 6.4.2015:
Postet av Markane IL den 6. Apr 2015
Lagsmeisterskap i hopp, slalåm og klassisk langrenn
Aksel Mathias Meland vart lagsmeister i klasse G16 og oppnådde lengst totallengde av alle med to hopp på 18,5m. Foto: Margunn Hjelmeset
2. påskedag var det klart for lagsmeisterskap i hopp, slalåm og klassisk langrenn. I det klassiske langrennet var det også høve til å ta skimerke. I alt 35 deltakarar stilte opp på eit av dei siste renna for denne sesongen og det vart kåra lagsmeistrar i tre ulike greiner og mange årsklassar.
I hoppbakken var det Aksel Mathias Meland som oppnådde lengst totallengde. Med to hopp på 18,5m vart det totallengde på 37m og lagsmeistertittel i klasse G16. Også Martin Vonheim som vart lagsmeister i menn senior hadde eit hopp på 18,5 meter.
I slalåmbakken var Bjarte Vonheim raskast av alle med ei totaltid på 33 sek på dei to omgongane. Han vart dermed lagsmeister i menn senior.
Størst deltaking var det i lagsmeisterskapet i klassisk langrenn. Alle som deltok i klassane frå 10 år og oppover klarte merkekravet for sine klassar med god margin.
Fleire foto frå dagen finn du nedanfor.
Resultat frå alle øvingane finn du her:
Resultatliste lagsrenn hopp slalåm og klassisk langrenn 6.4.2015.
Jesper Svarstad Hole i farta.
Grotli 2.4.2015:
Postet av Markane IL den 6. Apr 2015
Påskesprinten 2015
Resultatliste Påskesprinten 2015 Arrangør Skjåk IL Dato 2.4.2015.
Utvikfjellet 4.4.2015:
Postet av Markane IL den 6. Apr 2015
2. plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i Rypeskarrennet
Simon Hjelmeset Kirkeeide var einaste deltakar frå Markane IL i Rypeskarrennet 2015. Han gjekk inn til ein andreplass i klasse G15-16 med tida 27 min 25 sek. Andreas Hetle frå Breimsbygda IL vann klassa med 25 min 55 sek. Klassane til og med 16 år gjekk 10km.
Raskast i klassane som gjekk den 23 km lange løypa, var Karoline Erdal og Gøran Tefre frå Førde IL.
I alt 54 deltok i konkurranseklassane medan 600 stilte opp i mosjonsklassa.
Skogstjerna 03.06.2015:
Postet av Markane IL den 30. Mar 2015
Tren til Postvegløpet med Gym Stryn
Gym Stryn støttar aktiviteten i Markane IL. Bli med og tren til Postvegløpet, du også! Vi oppmodar alle medlemer til å ta innbydinga vidare til aktuelle bedrifter.
Årets Postvegløp vert onsdag 3. juni. Vi satsar på ny deltakarrekord.
Plakaten ovanfor kan du laste ned som i pdf-format her:
Ullsheim 6.april 2015:
Postet av Markane IL den 30. Mar 2015
Lagsrenn i klassisk stil, slalåm og hopp
Det vert lagsmeisterskap i langrenn klassisk stil, slalåm og hopp på Ullsheim 2.påskedag (måndag 6.april).
Påmelding frå kl 1200
Første start kl 1300
Øvingane startar med hopp, slalåm og til slutt langrenn.
Startavgift: kr 40 pr deltaking
100kr om du deltek i alle tre øvingane.
Det vert også høve til å ta skimerke!
Matøkt til slutt med pølser, kaker og saft.
Det vert ikkje sendt ut eiga funksjonærliste, men foreldre som er tilstade kan rekne med å få ein hjelpe-til-jobb under arrangementet!
Små og store velkomne!
Sirdal 28.3.2015:
Postet av Markane IL den 29. Mar 2015
NM-sølv til Tarjei Bø
Tarjei Bø gjekk inn til NM-sølv på fellesstarten i Sirdal. Foto: Simen Haughom
Tarjei Bø gjekk inn til sølv under fellestarten for menn i NM. NM-gullet gjekk til Henrik L`Abee Lund.
Etter to feilfrie seriar på liggande, vart det to bom for Tarjei på den nest siste skytinga. Då alt skulle avgjerast på siste ståande, skaut Tarjei fullt medan Lund bomma to gonger. Utfrå siste skyting skilde det berre 11 sekund ned til Tarjei på andreplass, men Lund gjekk raskast på sisterunden, og var 23 sekund føre Tarjei i mål.
Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 47 og Georg Halsteinslid nummer 54 få fellesstarten, begge med fem bomskot kvar.
Johan Eirik Meland tok ein flott 5.plass i finalen under Statkraft juniorcup. Han pådrog seg totalt tre bom og enda berre 5,6 sekund bak pallen i klasse M20-21. Klassesigeren gjekk til Aslak Nenseter.
Resultatliste NM Fellesstart menn Sirdal 28.3.2015.
Resultatliste Statkraft Junior Cup fellesstart Sirdal 28.3.2015.
Sirdal 29.3.2015:
Postet av Markane IL den 29. Mar 2015
16.plass i NM-stafetten
Førstelaget til Sogn og Fjordane gjekk inn til ein 16. plass. Frå venstre: Jarle Midthjell Gjørven, Ole Martin Erdal, Johan Eirik Meland og Erlend S. Myklebust. Foto: TSN
Dei to laga til Sogn og Fjordane stilte utan Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø på startstreken, og enda på 16. og 26. plass.
På førsteetappe var det klart for duell mellom Jarle Midthjell Gjørven på førstelaget og Håkon Midthjell Gjørven på andrelaget. Jarle vart liggande halvtanna minutt bak ut frå første skyting, etter at armreima gjekk i stykker før skytinga. Dermed måtte han skyte utan reim. Begge brørne fullførte etappane sine med å få ned alle blinkane. Ved veksling var Jarle 21 sekund føre Håkon. Laga låg på høvesvis 24. og 27. plass.
På neste etappe gjekk Ole Martin Erdal på førstelaget.Han skaut fullt hus medan Ronny Hafsås på andrelaget pådrog seg ein strafferunde.
På tredje etappe gjekk Johan Eirik Meland førstelaget fram til ein 13. plass med feilfri skyting. Georg Halsteinslid på andrelaget skaut også fullt. Erlend S. Myklebust frå Stårheim IL gjekk sisteetappe for førstelaget medan Hermann Erdal stilte opp og gjekk ankeretappen for andrelaget. I mål gjekk førstelaget inn til ein 16. plass, 4 minutt 27 sek bak vinnarane frå Sør-Trøndelag som hadde Emil Hegle Svendsen som ankermann. NM-sølvet gjekk til Hordaland medan Oppland sikra bronsen. Sogn og Fjordane II kom på ein 26. plass.
Sirdal 27.3.2015:
Postet av Markane IL den 27. Mar 2015
Johan Eirik Meland beste MIL-løpar på NM-sprinten
Johan Eirik Meland kom på 47. plass i NM senior sprint. Foto: TSN
Johan Eirik Meland fekk best plassering av deltakarane frå Markane på sprinten i NM skiskyting senior med ein 47. plass. Med ein bom på den ståande skytinga var han 2 min 53 sek etter gullvinnaren Bjarte Solvang frå Hålandsdalen. NM-sølvet gjekk til Fredrik Gjesbakk frå Bossmo og Ytteren IL medan Lars Gunnar Skjevdal frå Røros to bronse.
Georg Halsteinslid skaut to fulle hus og gjekk inn til ein fin 63.plass i konkurranse med seniorane. Han var 3 min 14 sek etter vinnaren. Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 70 med totalt tre strafferundar, 3 min 22 sek etter vinnaren. Håkon Midthjell Gjørven fekk også tre bom på standplass og gjekk med det inn til 159.plass.
Verken Johannes Thingnes Bø eller Tarjei Bø stilte til start. Johannes er forkjøla og står over NM medan Tarjei ikkje nådde fram til NM i tide på grunn av snøkaos på Austlandet. P.g.a. at fleire ikkje nådde dagens NM-start, vert programmet endra slik at det vert fellesstart i staden for jaktstart i morgon.
Jarle Midthjell Gjørven var den einaste frå MIL som også deltok på NM normaldistanse på onsdag. Her vart det ein 50. plass med totalt to tilleggsminutt. NM-vinnar her vart Eirik Fosli frå Fossum IF.
Ullsheim 28.3.2015:
Postet av Markane IL den 26. Mar 2015
40 lag deltok på SSF stafett
Vinnarlaget i klasse G13-16 vart Markane lag 1. Frå venstre: Oskar Guddal Breivik, Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: TSN
Resultatliste Stafett Ullsheim 28.3.2015.pdf
Oda Svarstad Hole, Sara Annie Bjørnhaug Aarnes, Mari Sofi Meland og Anna Flo Kandal fekk også helse på Johannes Thingnes Bø. Foto TSN