Tarjei Bø til topps på fellesstarten

Postet av Markane IL den 23. Des 2024

Tarjei Bø gjekk heilt til topps på fellesstarten i Annecy i det aller siste rennet før jul. Dermed slo han sterkt tilbake etter å ha vore ute av laget dei første renna her i Annecy. Tarjei leverte feilfri skyting på dei tre første  seriane. På den siste serien vart det ein bom. Det helt likevel til å sikre sigeren føre Danilo Riethmuller frå Tyskland.

Også Johannes Thingnes Bø sikra seg pallplass då han gjekk inn til tredjeplass.

Vi gratulerer med flott innsats!




5.plass og karrierebeste for Maren

Postet av Markane IL den 23. Des 2024

Maren Hjelmeset Kirkeeide sette karrierebeste så langt då ho vart nummer 5 på jaktstarten i verdscupen i Annecy. 

Ho hadde alt gjort eit flott løp på sprinten dagen før då kom låg på 7.plass,

Også på fellesstarten var Maren lenge med i pallkampen, men fekk tre bom på ståande og vart til slutt nummer 19.

Likevel ei flott verdscuphelg for Maren i førjulstida.

Vi gratulerer





Resultat frå krinsrenn kort normal på Ullsheim

Postet av Markane IL den 22. Des 2024



Laurdag 21.desember var det arrangert krinsrenn kort normal på Ullsheim. I alt stilte 40 deltakarar opp på førjulsrennet. Alle deltakarane fekk verdscupmedaljar frå Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø si samling. Medaljane vart utdelte av Aslaug Thingnes Bø (Foto: Fjordingen)


For Markane sine deltakarar var resultata slik:



Resulatat elles ligg på Eqtiming.




Emilie Flo Stavik til topps på Lygna

Postet av Markane IL den 15. Des 2024

Emilie Flo Stavik gjekk til topps på sprinten på søndag på Lygna. Ho leverte også eit godt løp på laurdagen då ho kom på ein femteplass i klassa.

Elles vart det også fleire gode plasseringar til Markane-løparane med 13.plass til Katrine Svarstad Heggdal på laurdag. På søndag vart Linnea Melheim Espe nr 11, Mari Sofi Meland nr 13 og Elina Østerbø nr 14.

Plasseringa til Markane-løparane ser du her: 

Fullstendig resultatliste frå Eqtiming ligg her:

Resultatliste ASKO cup Geilo 14.12.2024

Resultatliste ASKO cup Geilo 15.12.2024




Siger for andre dag på rad til Johannes

Postet av Markane IL den 14. Des 2024

Johannes Thingnes Bø vant for andre dag på rad med siger på jaktstarten foran Émilien Jacquelin laurdag. 

Bø og Jacquelin var likt ute på sisterunden, men eit stykke før mål fall franskmannen. Sigeren gjekk dermed nok ein gang til Johannes utan at det vart spurtopogjør. 

Tarjei Bø gjekk inn til ein 10.plass etter eit solid løp med berre ein bom




Markane IL tildelt prisen for Årets toppidrettslag 2024!

Postet av Markane IL den 12. Des 2024

Markane idrettslag er tildelt prisen for årets toppidrettslag 2024!

Det er Vestland fylkeskommunen som deler ut prisen, som er på 50.000 kroner.

Prisen skal delast ut 17.desember under ei markering på Vestlandshuset der også VM- og OL-medaljørane våre  Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø skal heidrast.




2.plass på kort normal til Johannes Thingnes Bø

Postet av Markane IL den 7. Des 2024

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til andreplass på den korte normaldistansen i Kontiolahti etter Endre Strømsheim. 

Tarjei Bø hadde ein tyngre dag på standplass  med tre tilleggsminutt og måtte nøye seg med ein 25.plass.

På sprinten laurdag hamna begge brørne topp ti då Johannes gjekk inn til ein 5.plass med Tarjei vart nummer 7.




3.plass til Noreg med Maren på laget

Postet av Markane IL den 3. Des 2024

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn tredje etappe på vedscuplaget til Noreg som gjekk inn til ein flott tredjeplass i verdsupen i Kontiolahti!.

Maren trengde eit ekstra skot på liggande, men skaut fullt på ståande. Ein flott etappe som bidrog sterkt til at Norge kom på pallen.

Vi gratulerer!

Maren fekk også gå normaldistanse på laurdag. Her heldt det til ein 67.plass etter at det vart litt mange tilleggsminutt med fem bom totalt.







5.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide under ASKO Cup Geilo

Postet av Markane IL den 3. Des 2024

Simon Hjelmeset Kirkeeide fekk best plassering av våre løparar på sesongens første ASKO-cup med 5.plass på sprinten laurdag på Geilo.

Elles leverte Mari Sofi Meland godt på standplass med fullt hus på sprinten som gav ein 20.plass totalt i kvinner senior på sprinten. Emilie Flo Stavik kom på ein 15.plass.

Her er resultata til Markane-løparane på ASKO-cup Geilo:


Fullstendige resultatlister ligg på Eqtiming:

Resultatliste ASKO cup Geilo Sprint 30.11.2024

Resultatliste ASKO cup Geilo Fellesstart 01.12.2024





Maren på andreplass i sesongopninga på Beitostølen

Postet av Markane IL den 17. Nov 2024

Maren Hjelmeset Kirkeeide sesongdebuterte flott med ein andreplass på Beitostølen. Ho kjempa om sigeren heile vegen, men tapte spurten mot Ingrid Tandrevold. 

Maren er med dette klar for verdscupopninga i Kontiolahti




Innkalling til årsmøte i Markane IL tysdag 10.desember kl.1900

Postet av Markane IL den 5. Nov 2024

Det vert årsmøte i Markane IL tysdag 10. desember kl.19.00 på Ullsheim.

Innkomande saker må meldast til styret seinast tre veker før møtet. Det vil seie seinast tysdag 19. november enten skriftleg til styret eller på epost til antoniakaretekongsvik@gmail.com 

Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.

Velkomne!




Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024

Postet av Markane IL den 28. Okt 2024

Stor takk til alle som bidrog til ein vellukka idretteslagsbasar  og premiefest i Skogstjerna 27.oktober. Spesielt takk til dei som gav oss fine gevinstar både til dei 16 gevinstane på loddbøkene og til dei 100 åregevinstane. Takk også til alle som kjøpte lodd og årer og som hjelpte oss med å arrangere.

 Resultatet er ikkje heilt klart enno, men det blir også dette året eit godt resultat. 

Her er trekningslista for dei 16 gevinstane på loddbøkene.



Gevinst nr. 1: Gåvekort på Sport 1 kr 3000kr frå MIL og Sport 1

Vunne på lodd nr: 1313

Vinnar: Magne Maurset


Gevinst nr 2: Gåvekort Johan Flo, verdi 1000 kr frå Vinsrygg Maskin

Vunne på lodd nr. 612

Vinnar: Antonia Karete Haugen Kongsvik


Gevinst nr 3: Synstest frå Interoptik Sæbø

Vunne på lodd nr.  1476

Vinnar:  Solveig Garlid


Gevinst nr 4:  Casio skibrille verdi 1000kr

Vunne på lodd nr. 1656

Vinnar: Liv Heggdal


Gevinst nr 5: Gåvekort Rema kr 1000 frå Hatledal AS

Vunne på lodd nr. 162

Vinnar: Eldbjørg Vatne


Gevinst nr 6: Klokke, verdi 700kr frå Stryn Gullsmedforretning

Vunne på lodd nr: 1494

Vinnar: Monica Halsteinslid


Gevinst nr 7: Gåvekort på 1000kr på Sport 1 frå BM Prosjektledelse AS

Vunne på lodd nr. 190

Vinnar: Olina Svarstad Heggdal


Gevinst nr 8: Middag for 2 frå Stryn Hotel

Vunne på lodd nr. 1910

Vinnar: Brita Svarstad Heggdal


Gevinst nr 9: Bosch linjelaser, verdi 1000 kr frå Byggtorget

Vunne på lodd nr. 1714

Vinnar: Anne Elisabeth Kvile


Gevinst nr 10: Bærbar høgtalar verdi 800 kr frå Power

Vunne på lodd nr. 1614

Vinnar: Inger Marie Svingeset


Gevinst nr 11: 1 mål ved (60 cm) frå Per Johan Bøe

Vunne på lodd nr. 358

Vinnar: Sigbjørn Kirkeeide


Gevinst nr 12: Bord frå Ekornes AS

Vunne på lodd nr. 1791

Vinnar: Hildegunn Hatledal


Gevinst nr 13: Verdikode kr 750 frå VY Buss

Vunne på lodd nr. 891

Vinnar: Eivind Tonning


Gevinst nr 14: Søndagslunsj for 2 frå Hotel Alexandra

Vunne på lodd nr. 2090

Vinnar: Margrethe Garlid


Gevinst nr 15: Gåvekort kr 1000 frå Mølla

Vunne på lodd nr. 953

Vinnar: Aksel Guddal Breivik


Gevinst nr 16: Gåvekort T/R Hoven frå Loen Skylift

Vunne på lodd nr. 363

Vinnar: Sara Vinsrygg


Vi gratulerer vinnarane!




Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim

Postet av Markane IL den 19. Okt 2024

HeiIe 55 deltakarar mellom åtte og femten år var påmelde til miljøsamling på Ullsheim i regi av Markane IL i samarbeid med Sogn og Fjordane skikrins. Helga har vore fylte med leikar og aktivitetar med Sjur Ole Svarstad som hovudtrenar og  fleire av dei  noverande g tidlegare elevane frå landslinja med som medtrenarar. 

Meir om miljøsamlinga kjem seinare.




Idrettslagsbasar 27.oktober 2024

Postet av Markane IL den 19. Okt 2024

Det vert basar i Skogstjerna søndag 27.10 kl.1500.

Mange fine gevinstar både på årer og på lodd!

Det vert premieutdeling for sesongen 2023-2024 innan ski, skiskyting, trim og orientering.

Mat og kaffi/saft

Vel møtt!





BAMA skiskyttarskule 16.10.2024

Postet av Markane IL den 15. Okt 2024



Onsdag 16. oktober blir det oppstart av fellestreningar og skiskyttarskulen! 

Vi møtast på Ullsheim i klubbhuset klokka 18!




Innbyding til miljøsamling 18.-20.oktober 2024

Postet av Markane IL den 26. Sep 2024

Markane IL innbyr i samarbeid med Sogn og Fjordane skikrins til miljøsamling på Ullsheim for aktive born og unge mellom 8 og 15 år (fødde frå og med år 2009 og til og med år 2016). Hovudtrenar vert landslagstrenar Sjur Ole Svarstad. Påmelding via iSonen innan 11.oktober kl.2359.

I tillegg til Sjur Ole vert også fleire tidlegare og noverande elevar frå landslinja på Stryn vgs med som trenarar. 

Påmeldingsavgift kr 400.

Lenke til påmelding finn du her: https://isonen.no/event/cm0w6yyf301du1x0vqkqo1oik

Meir informasjon om arrangementet vert sendt ut direkte til dei som melder seg på.

Innbyding kan du laste ned her:

Innbyding til Markane IL miljøsamling.pdf

Velkomne til ei aktiv og triveleg helg på Ullsheim!






Nær o-løp på Tverrfjellet

Postet av Markane IL den 3. Sep 2024

Torsdag 5. september blir nær-orienteringsløp nummer ni arrangert på Tverrfjellet med oppmøte på Tonningsetra, vest for brua. Automatisk bomveg (Youpark.no) 

Start frå kl. 17.30-18.30 

Løyper nær o-løp:

N-løype: 1 km. Veldig lett. 

C-løype: 2,4 km. Nokså lett.

A-kort: 3,6 km

A-lang: 4,7 km

Pris:
20 kr for barn t.o.m. 15 år
40 kr for vaksne (over 16 år)
Vipps til #641339

Vi har elektroniske brikker til utlån for dei som ikkje har sjølv. Du vel sjølv om du vil bli tatt tid på eller ikkje.

I år arrangerer Markane IL og Veten IL ti nær o-løp ilag, og det blir ein fin premie på slutten av sesongen for dei frå Markane IL som deltek på fem orienteringsløp eller meir.

Dersom du vil vite meir om kva som skjer denne o-sesongen kan du følgje O-Nordfjord på facebook for meir informasjon.




Innbyding til medlemsmøte

Postet av Markane IL den 10. Aug 2024

Styret innbyr medlemane til ope medlemsmøte på Ullsheim tysdag 20.august kl.1900.

Møtet er lagt i førekant av fristen for å sende  innspel til handlingsprogram for idrett 2025-2028 som er 1.september då vi ser på dette som ei aktuell sak for medlemene å kome med innspel på.

Møtet er tenkt som eit idemøte der medlemane har høve til å kome med innspel til styret -både i høve handlingsprogrammet og andre saker som opptek medlemane våre.

Vi presiserer at dette er ikkje eit møte der det vert vedteke noko. Vedtak om oppstart av anlegg eller liknande må sjølvsagt alltid skje på årsmøte/omframt årsmøte. 

Vi håper mange nyttar høve til å kome.

Alle medlemer er velkomne.




Opning av Ullsheim Frisbeegolf Stryn

Postet av Markane IL den 25. Jun 2024

Offisiell opning av Ullsheim Frisbeegolf Stryn! 

Vi er glade for å kunngjere den offisielle opninga av Ullsheim Frisbeegolf i Stryn, som vil finne stad fredag 28. juni kl. 18.00. 

Vi vil takke velvillige grunneigarar og lokalt næringsliv for støtta. Dette prosjektet har vore mogleg takka være stor dugnadsinnsats. Anlegget består av ein 18-hols bane som vil vere open for fri bruk for alle interesserte. 

Vi ønskjer å bidra med aktivitet som set folkehelsa i fokus, og ser fram til auka aktivitet på anlegget. Markane IL håpar å gjere frisbeegolf til ein populær aktivitet for alle aldersgrupper. 

Vi inviterer alle til opninga og tilbyr enkel opplæring om frisbeegolf og kasteteknikk og grilling. Alle er hjarteleg velkomne




Resultat frå Postvegløpet 2024

Postet av Markane IL den 5. Jun 2024

I alt 105 deltakarar derav 44 deltakar i konkurranseklass og 61 i trimklasse stilte opp i Postvegløpet 2024. Beste totaltid fekk Øystein Ulekleiv i M19-34 som brukte 21 minutt 47 sekund på dei 6 kilometerane. Beste kvinne vart Olina Svarstad Heggdal i J13-15 på tida 26.06


Her er resultatlista frå konkurranseklassen:

Resultatliste frå konkurranseklassen Postvegløpet 2024

Deltakarar i trimklassen på Postvegløpet 2024.





Innbyding til Postvegløpet 2024!

Postet av Markane IL den 20. Mai 2024

Onsdag 5.juni er det klart for årets Postvegløp i Markane.
Start/mål ved Skogstjerna, (10 km vest for Stryn ved rv.15).

Konkurranseklasse start kl.1900
Trim/mosjonsklasse start frå kl. 1800


Konkurranseklasser:

G/J 13-15, 16-18 (kr 50,-)

M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (kr 100,-)

Lisens kjem i tillegg.

Trimklasse:

Kr. 50. Familie kr 150

Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng/på sti.

Løpet har hatt svært god deltaking  tidlegare. Vi håpar sjølvsagt på ny deltakarrekord.

1/3-premiering og i tillegg mange uttrekte premiar i både trim- og konkurranseklassa.

Alle velkomne!





Klart for ASKO cup skiskyting på Ullsheim 21.-23.februar 2025

Postet av Markane IL den 25. Apr 2024

NSSF har i dag offentleggjort at Markane IL er tildelt norgescuprenn i skiskyting helga 21.-23.februar 2025!

Arrangementet får etterkvart eiga heimeside her: https://anviser.skiskyting.no/markane2425/

Våre samarbeidspartnarar på overnatting finn du her: https://markane-il.idrettenonline.no/next/p/11345/overnatting




Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!

Postet av Markane IL den 5. Apr 2024

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk heilt til topps på NM sprinten i skiskyting og sikra seg med det kongepokalen!

Simon gjekk eit suverent løp i løypa og trass i ein bom på kvar av skytingane så var han med i tetkampen gjennom heile løpet. 

Tarjei Bø fekk ein bom på første skyting og hamna litt bak teten. Næraste konkurrent til Simon vart Johannes Dale-Skjevdal. Han hadde berre ein bom totalt og bruker å ha gode avslutningar. Men Simon heldt unna i løypa og vann gull og kongepokal med 6 sekund margin. Bronsen gjekk til Sverre Dahlen Aspenes 

Tarjei Bø gjekk inn til femteplass.

Vi gratulerer med NM-gull og kongepokal!


Foto: Nordfjord Team Tussa





Innkalling med sakliste til omframt årsmøte i Markane IL måndag 8.april 2024 kl.1930

Postet av Markane IL den 21. Mar 2024

Styret i Markane IL kallar med dette inn til omframt årsmøte på Ullsheim måndag 8.april kl.1930.

På saklista står godkjenning av oppstart av arbeid med tre anlegg som ligg inne på anleggsplanen: godkjenning av oppstart av arbeid på o-kart Hogden/Langeset, godkjenning av oppstart av arbeid på o-kart Stryn sentrum og godkjenning av oppstart av arbeid på frisbeegolfbane

Her finn du sakliste med framlegg til vedtak og alle vedlegg til sakene:

Sakliste til omframt årsmøte i Markane IL måndag 08.04.2024 kl.1930 

Vedlegg sak 2: Godkjenning av oppstart av arbeid på o-kart Hogden Langeset

Vedlegg sak 2: Oversiktskart over området o-kart Hogden vest

Vedlegg sak 3: Godkjenning av oppstart av arbeid på o-kart Stryn sentrum

Vedlegg sak 3: Oversiktskart over området o-kart Stryn Sentrum

Vedlegg sak 4: Godkjenning av oppstart av arbeid på frisbeegolfbane på Ullsheim


Utlagt 28.03.2024

Merknad til sak 4 nr 1: I samband med sak 4 har det vore spurt etter kart. Banedesign og kartteikning ligg inne i tilbodet frå leverandør. Dersom årsmøtelyden godkjenner oppstart av arbeid med frisbeegolfbane, vert det synfaring saman med leverandøren og  grunneigarane for å godkjenne plassering av punkt. Dei to grunneigarane som bana eventuelt vert bygd på, er kjende med dette.


Utlagt 29.03.2024:

Merknad til sak 4 nr 2: Det er ikkje aktuelt å legge ut detaljert kostnadsoverslag basert på tilbod frå leverandør ope på nett. Dei medlemene som ønskjer å sjå gjennom dei vedlegga til sak 4 som ikkje ligg offentleg ute i førekant av møtet, kan få dei tilsendt på e-post. Ta i så tilfelle kontakt på antoniakaretekongsvik@gmail.com eller tlf 90 99 99 88.



Vel møtt!




Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross

Postet av Markane IL den 12. Mar 2024

Sesongens siste cuprenn gjekk som skicross. I alt 31 deltakarar stilte opp og prøvde seg på crossløypa. 

Klassene opp til og med 10 år fekk denne gangen klippekort og gjekk så mange rundar dei rakk på 30 minutt i ei løype med skileikelement inne på stadionsområdet. Kvar gong dei var tilbake i startområdet fekk dei eit klipp på kortet sitt.

Dei eldre klassene gjekk først runden inne på stadion og så ut på ein litt lengre runde. 11-12-årsklassa gjekk ein runde, 13-14 år gjekk totalt to rundar og dei frå 15 år og oppover gjekk tre rundar.

Her er resultatlista frå dagens renn

Resultatliste frå cuprenn nr 5 skicross. Dato: 12.03.2024




Cuprenn nr 5 i skicross

Postet av Markane IL den 11. Mar 2024

Det er klart for sesongens siste cuprenn tysdag 12.mars.  Rennet går som skicross . Det vert utdeling av startnummer frå kl.1800

Meld dykk gjerne på rennet på førhand ved å kommentere under innlegget på Markane IL si facebookgruppe. Men om du ikkje rekk å melde deg på, så kom likevel :)

Første start vert kl.1830.

Påmeldingsavgift kr 50 kan betalast med VIPPS.

Nye og "gamle" cuprenndeltakarar er velkomne!

Bollar og saft til alle!




Toppresultat i verdscupen til Maren Hjelmeset Kirkeeide!

Postet av Markane IL den 1. Mar 2024

Maren Hjelmeset Kirkeeide feira 21-årsdagen med å bli nr 12 på normaldistansen under verdscuprennet i Holmenkollen! Det er beste plassering i verdscupen så langt!

Maren fekk ein bom på første skyting, men etter det så vart det tre fulle hus. Dermed vart det totalt 19 treff av 20 moglege. Farten i sporet var også god og Maren kom høgare og høgare opp på resultatlista utover løpet. Inn mot mål var ho med å kjempa om ei topp ti-plassering. Det enda til slutt med ein flott 12.plass, berre 2 sekund etter nr 10. Ho var 2 min 3,8 sekund etter Ingrid Landmark Tandrevold som tok sigeren. Elvira Öberg frå Sverige vart nummer tre medan Ida Lien tok tredjeplassen.

Vi gratulerer med resultatet!





Lagsdrakter

Postet av Markane IL den 1. Mar 2024


 

Ynskjer du deg ei lagsdrakt? Då har du sjansen NO til å kjøpe deg ei overtrekksdrakt, vest, panneband, hue eller konkurransedress. 

 

Sjå plakat for korleis fargane på lagsdraktene til Markane er. 

 

Du kan få prøve kva storleik du treng på Sport 1 fram til laurdag 9.mars og bestille på eiga nettside fram til søndag 10.mars.

Opningstidene på Sport 1 er frå kl.10-17 på måndag, tysdag, onsdag og fredag, frå kl.10-19 på torsdag og frå kl.10-15 på laurdag

Nettside: https://www.swixcustomwear.com/no

Passord/brukarnamn: Markane

Kva type kvalitet skal du velge?

På nettsida ser du ulike typar overtrekksdrakter både for junior, menn og dame.

Den mest vanlege drakta heiter Star-X. Dei andre typane er enten meir tekniske eller tjukkare. Det står elles greit forklart under kvart produkt. 

Prisane på Star-X stemmer når du legg dei i handlekorga, elles må du vere obs på dei andre typane som blir dyrare i handlekorga enn det dei viser på nettsida. 

Korleis handle?

Du går inn på linken og loggar deg inn med brukarnamn (sjå info over). Deretter handlar du og betaler som i ein vanleg nettbutikk, og du får varene tilsendt i posten. 

 




Resultatliste for cuprenn 4 i fri teknikk

Postet av Markane IL den 27. Feb 2024


Her er resultatlista frå cuprenn nr. 4 på Ullsheim. Rennet gjekk i fri teknikk og var også lagsrenn for Markane IL.


Resultatliste cuprenn nr 4 i fri teknikk. Dato 27.02.2024




3.plass til Katrine Svarstad Heggdal i Norgescupsprinten

Postet av Markane IL den 25. Feb 2024

Katrine Svarstad Heggdal frå Markane IL/Stryn vgs gjekk inn til tredjeplass på Norgescupsprinten på Fossum i klasse K18.

Ho hadde høg fart i sporet og med fullt hus på første skyting og ein bom på andre skyting så vart det ein ny pallplass berre 29,4 sekund etter vinnaren Eiril Høistad Nordbø frå Fet Skiklubb/NTG Lillehammer som skaut feilfritt. Andreplassen i klassa gjekk til Bjørg Marit Eide frå Hålandsdal IL/NTG Geilo. Ho skaut også feilfritt og var 24,9 sekund etter vinnaren.

Også Mari Sofi Meland gjekk eit flott løp og kom i mål til ein sjetteplass i klasse K19. Sjølv om det vart to bom på den andre skytinga så skilde det berre 51,9 sekund fram til vinnaren Ida Madelein Fuglset frå Nittedal skiskyttarlag/WTR som hadde ein bom. I same klasse kom Oddrun Hjelmeset Kirkeeide på ein 11.plass. Også ho hadde totalt to bom og var 1 min 17.5 sekund etter vinnaren. Elina Østerbø var nr 20 og var 2 min 30,2 etter vinnaren etter ein litt tung dag på standplass med totalt fem bom.

Aksel Mathias Meland vart nr 20 i menn senior. Han hadde ein bom på andre skyting og var 2 min 3,3 sekund etter klassevinnar Jørgen Solhaug Sæter frå Os IL.

Også i går var det Norgscuprenn på Fossum. Det var då kort normaldistanse. Også denne dagen var det Katrine Svarstad Heggdal som fekk best plassering av deltakarane frå Markane IL med ein 8.plass. I klasse K 19 kom Elina Østerbø på 12.plass, Mari Sofi Meland på 13.plass og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide på ein 22.plass. Aksel Mathias Meland kom på ein 21.plass i menn senior. Også Maren Hjelmeset Kirkeeide som er klar for Holmenkollen til helga, gjekk normalen på laurdagen. Med totalt tre tilleggsminutt var det denne gongen ein 11.plass. Blant dei andre lokale løparane var det Gunn Kristi Tvinnereim  frå Hardbagg IL som gjorde det best på laurdagen då ho kom på pallen i K20-22.

Foto: Nordfjord Team Tussa




Cuprenn nr 4 og lagsrenn i friteknikk tysdag 27.februar

Postet av Markane IL den 25. Feb 2024

Det er klart for sesongens fjerde cuprenn tysdag 27.februar på Ullsheim. For klassene frå 11 år og oppover så er rennet også lagsrenn i fri teknikk for Markane IL. Utdeling av startnummer frå kl. 1800

Meld dykk gjerne på rennet på førhand ved å kommentere under innlegget på Markane IL si facebookgruppe. Men om du ikkje rekk å melde deg på, så kom likevel :)

Første start vert kl.1830.

Påmeldingsavgift kr 50 kan betalast med VIPPS.

Nye og "gamle" cuprenndeltakarar er velkomne!

Bollar og saft til alle!




Olina Svarstad Heggdal klar for Young Star i Holmenkollen!

Postet av Markane IL den 20. Feb 2024

Olina Svarstad Heggdal er kvalifisert for Young Star i Holmenkollen som vert arrangert i samband med verdscuphelga 2.mars.

Bama Young Star er ein konkurranse for klassane jenter og gutar 15 og 16 år. For Region Vest ligg renna under Bama Kvalfoss-sprinten, Landsdelmeisterskapet på Voss og Hovudlandsrennet til grunn for uttaket. Det vert teke ut 30 jenter og 30 gutar frå heile landet og for Region Vest er det berre to plassar i jenteklassen og tre i guteklassen og kjempe om. 

Dei kvalifiserte frå Region Vest er: Olina Svarstad Heggdal (Markane IL), Symra Emilia Garverhaugen (Fana IL), Abel Tronerud Kvelvane (Voss IL), Emil Blikberg Gjerald (Eldar IL) og Truls-David Takle Tytingvåg (Hardbagg IL).

Vi gratulerer og ønskjer lukke til!




Skikurs for alle nivå -tysdag 20.02.2024

Postet av Markane IL den 19. Feb 2024

Gym Stryn arrangerer i samarbeid med Markane Idrettslag to kveldar på Ullsheim der du kan få tips frå landslagstrenar Sjur Ole Svarstad til korleis du kan gå betre på ski. Du vel sjølv om du går klassisk eller skøyting. Han hjelper deg til betre teknikk, lettare motbakkar og større treningsutbytte.

For:
Vaksne nybegynnarar, mosjonistar, supermosjonistar. Sjur Ole kan jobbe med nivå frå nybegynnar til eliteutøvar, så er du ein plass i dette spekteret så må du møte opp 👌
▪️Tid og stad: Tysdag 23/1 og tysdag 20/2. Begge dagar kl 18:30-19:45. Du treng ikkje delta på begge dagar, bli med på det du ønskjer!
▪️Opplegget er heilt gratis!
▪️Påmelding på sms til Ann Kristin Grodås, 46331481, seinast eit par timar før start







Vm-gull nr 20 til Johannes Thingnes Bø!

Postet av Markane IL den 18. Feb 2024

Johannes Thingnes Bø  vann sitt 20. VM-gull då han gjekk til topps på fellesstarten i Nove Mesto. Tarjei Bø gjekk inn til ein fjerdeplass.

Johannes fekk ein bom på første skyting, men etterpå det vart det eit perfekt løp med fullt hus på dei tre siste skytingane og stor fart i sporet. Med fullt hus også på siste skyting var det ikkje tvil om kvar gullet skulle gå og det 20. VM-gullet var i boks!

Andrejs Rastorgujevs frå Latvia tok sølv 15 sekund bak. Fillon Maillet tok bronsen 33 sekund etter Johannes. Tarjei Bø var med blant dei fremste gjennom heile løpet, men med ein bom på siste skyting vart det akkurat for stor avstand til å kome på pallen, I mål skilde det 42 sekund fram til Johannes og 9 sekund opp til bronsen.

Vi gratulerer!





Olina Svarstad Heggdal tok sølv på Hovudlandsrennet!

Postet av Markane IL den 17. Feb 2024

Olina Svarstad Heggdal tok sølv på normalen i J15 på Hovudlandsrennet i skiskyting på Vingrom.

I mål var ho 17 sekund etter vinnaren Ragnhild Nygård Bjerkås frå Rennebu IL. Bjerkås skaut som den einaste i feltet feilfritt på begge skytingane. Også Olina gjorde det godt på standplass med fullt hus på den første skytinga og ein bom på den andre. Bronsen gjekk til Maria Sæther Verdenius frå Vingelen IL som var 38,2 sekund etter vinnaren med totalt fire bom. I alt 50 jenter frå heile landet konkurrerte i klassen.

Hovudlandsrennet starta i går med konkurranse i skiskyttarcross. Også her gjorde Olina flott innsats med ein 6.plass i klassa, I denne konkurransen var ho 58,7 sekund etter vinnaren som vart Maria Sæther Verdenius frå Vingelen IL. Begge hadde totalt tre bom på dei to skytingane.

Hovudlandsrennet vart avslutta i morgon med stafettar. Olina Svarstad Heggdal skal der gå siste etappen på Sogn og Fjordane sitt J15-16 lag. Dei to andre på laget er Ida Frøysland frå Førde IL og Ronja Haughovd frå Stårheim IL


Resultatliste Hovudlandsrennet skiskyting J15 normal Dato: 17.02.2024k

Resultatliste Hovudlandrennet skiskyting J15 skiskyttarcross 16.02.2024


Vi gratulerer!


Foto: Privat, frå Kvalfoss-sprinten 2024 







Sølv på VM-stafetten med Tarjei og Johannes på laget

Postet av Markane IL den 17. Feb 2024

Det vart VM-sølv til det norske herrelaget i skiskyttar-VM i Nove Mesto der Tarjei Bø gjekk andre etappe og Johannes Thingnes Bø gjekk tredje etappe. 


Det norske laget bestod av Sturla Holm Lægreid, Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø og Vetle Sjåstad Christensen. 

Sturla Holm Lægreid brukte eit ekstra skot på første skyting og Noreg hamna 12.5 sekund etter leiarlaget. På andre skyting stod det igjen ein blink etter tre ekstraskot og dermed vart det ein strafferunde. Noreg hamna dermed eit stykke bak i køen og var 44,7 sekund etter leiarlaget ved veksling.

Tarjei Bø gjekk andre etappe og gjorde ein flott innsats. Med ein feilfri serie på liggjande var det norske laget berre 19, seku0nd etter teten på ein 6.plass. På ståande skyting vart det to ekstra skot, men Noreg gjekk ut berre 9, 3 sekund etter teten. Med høg fart i sporet sende Tarjei det norske laget tilbake i leiinga og veksla som første lag. Tsjekkia følgde på andreplass 5, 4 sekund bak og Sverige på tredje 18,6 sekund bak.

Johannes Thingnes Bø tok godt vare på leiinga gjennom heile sin etappe. Det vart to ekstra skot på første skyting, men Noreg var likevel 21, 1 sekund føre laget på andreplass, Sverige. Johannes skaut ein perfekt serie på ståande og auka leiinga til resten av feltet. Ved veksling hadde Noreg 30, 3 sekund ned til Sverige og 59,7 sekund til Tyskland.

Vetle Sjåstad Christensen gjekk ankeretappen for Noreg. Det starta bra med ein feilfri serie på liggjande skyting og utfrå liggjande var Noreg 59,7 sekund føre Sverige. Men på den siste skytinga rakna det. Etter tre ekstra skot stod det framleis tre blinkar igjen. Dermed enda det med tre strafferundar. Noreg gjekk ut på sisterunden på tredjeplass 25,0 sekund etter Sverige og 5,1 sekund etter Frankrike. Sverige og gullet var dermed ikkje noko å gjere med, men Vetle gjekk forbi Frankrike på sisterunde og sikra Noreg ein sølvmedalje med eit sekunds margin. Differansen fram til Sverige vart i mål til 11, 8 sekund.

Vi gratulerer med VM-sølvmedalje!




Bronse på parstafetten til Johannes Thingnes Bø

Postet av Markane IL den 15. Feb 2024

Johannes Thingnes Bø tok saman med Ingrid Landmark Tandrevold bronse på parstafetten under VM i Nove Mesto. 


Johannes måtte bruke to ekstra skot på kvar av sine rundar medan Ingrid Tandrevold skaut feilfritt på den første av sine to etappar. Noreg låg lenge i tet saman med Frankrike, men når det skulle avgjerast på siste skyting enda Tandrevold  strafferunden og dermed glapp sjansen til gull. Gullet gjekk til Frankrike, sølvet til Italia og det vart bronse til det norske laget.

Vi gratulerer med ny VM-medalje!




Gull og sølv til Johannes og Tarjei på normalen i VM!!

Postet av Markane IL den 14. Feb 2024

Normaldistansen i VM enda med gull til Johannes Thingnes Bø og sølv til Tarjei Bø!! Betre kan det ikkje gjerast. Johannes fekk dermed sitt 19. VM-gull totalt og fjerde medalje i dette meisterskapet medan Tarjei fekk sin andre medalje'.



Johannes fekk ein bom på første skyting, men etter det var det eit prikkfritt løp. 19 treff totalt og høg fart i sporet var meir enn nok til eit suverent  VM-gull. Næraste konkurrent vart bror Tarjei Bø som gjekk inn til ein flott sølvmedalje. Det kom ein bom på andre skyting, men også han prikka inn 19 treff og med god fart i sporet var han i mål til klar sølvmedalje, 58,9 sekund etter Johannes. Bronsen gjekk til tyske Benedict Doll. Også han skaut 19 treff, men hadde lågare fart i sporet og var 1 min 53,3 sekund etter  Johannes.

Neste VM-øving er parstafetten i morgon.

Foto: Skjermdump frå video frå Nove Mesto (Markane IL)

Vi gratulerer Johannes og Tarjei med gull og sølv!




Resultatliste frå cuprenn nr 3 på Ullsheim

Postet av Markane IL den 13. Feb 2024

Her er resultatlista frå sesongens tredje cuprenn i klassisk stil. Rennet var også lagsrenn for klassane frå 11 år og oppover

Resultatliste cuprenn nr 3. Dato: 13.02.2024

Resultatliste lagsrenn i klassisk stil 13.02.2024




Cuprenn og lagsrenn i klassisk stil tysdag 13.02.2024

Postet av Markane IL den 12. Feb 2024

Det vert cuprenn i klassisk stil tysdag 13.februar. For klassene frå og med 11 år er rennet også lagsmeisterskap for Markane IL.  

Det vert utdeling av startnummer frå kl.1800

Meld dykk gjerne på rennet på førhand ved å kommentere under innlegget på Markane IL si facebookgruppe. Men om du ikkje rekk å melde deg på, så kom likevel :)

Første start vert kl.1830.

Påmeldingsavgift kr 50 kan betalast med VIPPS.

Nye og "gamle" cuprenndeltakarar er velkomne!

Bollar og saft til alle!




1. og 2.plassar under LM skiskyting på Voss!

Postet av Markane IL den 11. Feb 2024

Markane hadde fem løparar i aksjon under sprint  og normal påLM skiskyting på Voss i helga. Det enda med fem førsteplassar og fem andreplassar på dei to renna.  

Elina Østerbø gjekk til topps både på normalen og på sprinten i K19. I begge løpa var det lagvenninna Oddrun Hjelmeset Kirkeeide som kom på andreplass.

I klasse K18 gjekk Katrine Svarstad Heggdal til topps på sprinten medan det vart ein andreplass på normaldistansen.

Olina Svarstad Heggdal vann normaldistansen i J15 med feilfriskyting medan det vart ein andreplass på sprinten.

Brita Svarstad Heggdal gjekk til topps på sprinten i J13 og kom på andreplass på normaldistansen.

Foto: Brita Svarstad Heggdal (frå Kvalfoss-sprinten 2024)

Resultatliste sprint LM 10.02.2024

Resultatliste normaldistanse LM 11.02.2024

Vi gratulerer alle med flotte resultat!




VM-gull til Johannes på jaktstarten!

Postet av Markane IL den 11. Feb 2024

Johannes Thingnes Bø sikra seg det VM-gull nr 18 i karrieren så langt då han tok ein suveren siger på jaktstarten i Nove Mesto! Tarjei Bø kom på femteplass.

Vetle Sjåstad Christiansen låg i tet fram til siste skyting med Johannes og Tarjei rett bak .Medan Johannes skaut fullt hus, så bomma Sjåstad Christiansen to gongar. Dermed var det klart for VM-gull til Johannes.  Tarjei Bø skaut seg bort med fire bom på siste skyting, men kom likevel på ein solid femteplass totalt. I mål var han 1 min 20,9 sekund etter Johannes.

Det vart heilnorsk på dei fem første plassane med Johannes Thingnes Bø 28,7 sekund føre sølvvinnar Sturla Holm Lægreid. Vetle Sjåstad Christensen sikra seg bronse 38,5 sekund bak Johannes.

Neste konkurranse i skiskyttar-VM er normaldistansen som går på tysdag for kvinner og onsdag for menn,

Vi gratulerer Johannes med det 18. VM-gullet!.



VM-sølv til Johannes Thingnes Bø på sprinten!

Postet av Markane IL den 10. Feb 2024

Johannes Thingnes Bø sikra seg sølvmedalje på 10 km sprint i Nove Mesto. Gullet gjekk til Sturla Holm Lægreid som med ein rask sisterunde kom seg i mål med 3,5 sekund betre tid enn Johannes. Tarjei Bø hadde stor fart i sporet og  gjekk inn til ein flott sjetteplass sjølv om det vart to strafferundar.


Johannes Thingnes Bø såg lenge an til å ta nok eit VM- gull, men frå høgt startnummer kom Sturla Holm Lægreid i kanonform. Han klarte å kome seg i mål 3,5 sekund føre Johannes og skubba dermed Johannes ned til sølvplass. Pallen vart heilnorsk på Vetle Sjåstad Christensen sikra bronsen. Både Johannes og Vetle skaut på seg ein strafferunde medan Sturla skaut to feilfrie skytingar.

Tarjei Bø var på sin sjetteplass 37,5 sekund etter vinnaren og har eit godt utgangspunkt til morgondagens jaktstart

Foto: NTB

Vi gratulerer!




VM-sølv på blanda stafett!

Postet av Markane IL den 10. Feb 2024

Det vart VM-sølv til det norske laget i blanda stafett i Nove Mesto. På laget gjekk Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø saman med Karoline Knotten og Ingrid Landmark Tandrevold.

Det var Tarjei som gjekk startetappen for Noreg. På første skyting vart det fullt hus, men to ekstraskot på ståande gjorde at Tarjei gjekk ut på sisterunden 24,7 sekund bak Tyskland og 20 sekund bak Frakrike. Inn til veksling tok Tarjei litt innpå, og Johannes Thingnes Bø gjekk ut på andre etappe 16,7 sekund bak teten.

Johannes tok inn halve forspranget inn til liggande, men med eitt ekstraskot var avstanden opp til Tyskland auka til 22,7 sekund. På ståande skyting klarte Johannes akkurat å halde seg unna strafferunden, men han måtte bruke alle tre ekstraskota. Det tyske og franske laget sleit også i regnveret, og ved veksling ut på tredje etappe var Norge 28,8 sekund bak teten.

På tredje etappe imponerte Karoline Knotten med to feilfrie skytingar. Dermed var det norske laget med i  kampen om sigeren, og ved veksling var Norge berre åtte sekund bak Frankrike. Bakfrå hadde også svenskane meldt seg på i kampen om medalje.

Verdscupleiar Ingrid Landmark Tandrevold gjekk siste etappe for Noreg. Ho brukte eitt ekstraskot på kvar av dei to skytingane. Franske Julia Simon var det ikkje noko å gjere med. Ho heldt klart unna i teten. I mål var Tandrevold 46,8 sekund bak den franske løparen. Sverige sikra seg akkurat bronsen etter at Sveits var nære på å ta innersvingen på Elvira Öberg på oppløpet.

Vi gratulerer med VM-sølv!




Bronse på stafetten i junior-NM!

Postet av Markane IL den 4. Feb 2024

Mari Sofi Meland gjekk på Sogn og Fjordane sitt bronselag i K17-22 saman med hardbaggløparane Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim og Ann Kristin Aaland.

Ann Kristin Aaland som tok sølv på sprinten før i meisterskapen gjekk ein flott første etappe og skaut to fulle hus. Ho veksla som nummer to og sende ut Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim, 45 sekund bak det leiande laget frå  Telemark og Vestfold.

Gunn Kristi følgde opp med ein god etappe. Ho utlikna heile forspranget fram til teten og kunne veksle likt med Telemark og Vestfold.

Mari Sofi Meland gjekk på den siste etappen. Ho har gjort det bra tidlegare i meisterskapen med ein 7. plass på fellesstarten fredag. Ho heldt Telemark og Vestfold bak seg med nokre sekund inn til første skyting, men Oslo og Akershus sitt førstelag gjekk svært god i sporet og passerte ho i løypa. NM-vinnar Maren Sofie Brännare-Gran hadde ein ny god dag og auka også leinga utover etappen.

Inn til siste skyting hadde også Oslo og Akershus sitt andrelag passert Sogn og Fjordane. Men Mari Sofi gjorde sine saker svært bra og fekk ned blinkane utan strafferundar. Ut på siste runde var det vel minuttet fram til tet og ca. 15 sekund til andreplass.

Begge laga frå Oslo og Akershus auka litt inn mot mål men med god klaring til Hordaland på fjerdeplass sikra Mari Sofi ein flott bronsemedalje til Sogn og Fjordane!

Vi gratulerer!


Foto: Nordfjord Team Tussa




Resultatliste frå skiskyttarcross på Ullsheim

Postet av Markane IL den 4. Feb 2024

Søndag 4.februar var det klart for skiskyttarcross på Ullsheim. I alt 46 deltakarar i klassene opp til 16 år deltok.

Her er resultata:

Resultatliste for skiskyttarcross på Ullsheim 04.02.2024




2.plass i Norgescupen til Simon Hjelmeset Kirkeeide!

Postet av Markane IL den 4. Feb 2024

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til andreplass på sprinten i klasse menn senior under Norgscupen på Oppdal.

Med god fart i sporet og berre ein runde på standplass kom han i mål 16 sekund bak etter vinnaren Sverre Dahlen Aspenes frå Skatval som hadde to rundar. Sindre Fjellheim Jorde tok tredjeplassen, ti sekund bak.

Aksel Mathias Meland gjekk inn til 25. plass i same klasse etter at han måtte ut i  tre strafferundar på den ståande serien.

For dei yngre klassane er det også NM denne helga. Mari Sofi Meland vart nummer 11 i klasse K19. Ho skaut fem bom og var 3'16 bak vinnaren. Elida Fuglem frå Valldal IL/Stryn vgs tok ein fin 9. plass i denne klassen medan Elina Østerbø som representerer Markane vart nummer 17.

I klasse K18  kom Katrine Svarstad Heggdal på ein 20.plass etter ein dårleg dag på standplass.

Foto: Nordfjord Team







NB!Skiskytingcross på Ullsheim vert flytta til 4.februar! Påmeldingsfrist 2.februar kl.23.59!

Postet av Markane IL den 1. Feb 2024

Skiskytingscross er ei ny øving som vi vil prøve ut. Her blir det innlagt ulike hinder i løypa som kuler, orgeltramp, litt slalåm m.m. og ved bom på standplass får ein eit tillegg på 20 sek pr bom. Det blir ulik vanskegrad og rennet er for alle fra nybyrjarar til 16 år. Dette blir moro og vi oppmodar alle til å vere med å utforske denne øvinga innanfor skiskyting. Nemner at dette er ei øving for 15-16 åringane som skal på hovudlandsrennet. 

NB! RENNET SKISKYTTERCROSS ULLSHEIM vert UTSETT frå laurdag 3.2  til søndag 4.2!
Grunnen er veirmeldingar på laurdag med mykje regn og endå verre..mykje vind..💦
På søndag er det vesentleg betre meldingar. 
NB. Første start blir kl 12.00. Innskyting kl. 10.30-11.30. 
Felles gjennomgang løype kl. 11.30.
Påmeldingsfrist er endra til fredag 2.2 kl. 23.59. 

Online via www.eqtiming.no 

Informasjon i innbydinga utanom ovanfornemnde dato og klokkeslett er rett.

Ved spørsmål; ta kontakt med Nils Heggdal 92606663.












Klart for årets andre cuprenn tysdag 30.januar

Postet av Markane IL den 28. Jan 2024

Det er klart for årets første cuprenn tysdag 30.januar. Rennet går i fri teknikk med individuell start.
Utdeling av startnr frå kl 18:00, første start frå 18:30 Utan tidtaking på dei yngste, eldre barn kan også velje dette om dei ønsker.

Du treng ikkje være medlem i Markane IL for å delta. Deltakeravgifta på cuprenn er kr 50,- Avgifta betalast med vipps (Vippsnr 641339) ved påmelding. Påmelding i kommentarfeltet under annonsa i facebookgruppa til Markane IL, helst innan måndag kveld! Skriv namn + fødselsår. Om du ikkje har hugsa på å melde deg på førehand, så kom likevel!

Det blir boller å saft til alle deltakarar etter målgang 🙂

NB! TRIMKLASSE for den glade mosjonist! Kven som helst kan delta! Meld deg på, gå når du ønskjer det og den distansen du vil - eller delta med startnummer, du legg lista!

Løparar frå andre klubbar er sjølvsagt velkomne til å delta




1. og 2.plass på Kvalfoss-sprinten normaldistanse!

Postet av Markane IL den 28. Jan 2024

Det var nok ein flott dag i Holmenkollen for skiskyttarane frå Markane IL. Ane Hjelmeset Kirkeeide gjekk heilt til topps for andre dag på rad då ho vann J14 medan Syver Melheim Espe sikra seg andreplassen i klasse G13.

Ane Hjelmeset Kirkeeide tok sigeren på normaldistansen i Kvalfoss-sprinten 8 sekund føre Hanna Andersen Sarfi frå Asker Skiklubb. Ane hadde god fart i sporet og drog sigeren i land også i dag sjølv om det vart ein bom på kvar skyting medan næraste konkurrent Sarfi fekk ein bom totalt. Mari Vølstad frå Figgjo vart nummer tre, 16 sekund bak.

Syver Melheim Espe gjekk inn til ein flott andreplass i G13. Han var berre 4 sekund etter klassevinnaren Linus Bekkelund frå Østre Toten IL trass i ein bom meir.

I tillegg vart det ein fin fjerdeplass for Brita Svarstad Heggdal i J13. Ho var berre 10 sekund etter tredjeplassen. Klassevinnar vart Mille Kringler frå Lørenskog IL. Olina Svarstad Heggdal kom også rett utanfor pallen  med sin femteplass. Klassevinnar her vart Vilja Fuglem frå Valldal IL.

Lenke til resultat: https://live.eqtiming.com/69589#result:266873-995121-1270168-1-1-

Vi gratulerer med flott innsats!





EM-gull i miksstafett til Maren Hjelmeset Kirkeeide!

Postet av Markane IL den 28. Jan 2024

Maren Hjelmeset Kirkeeide tok sitt tredje EM-gull då ho gjekk sisteetappen på Noreg sitt lag i miksstafett! Dei andre på laget var Isak Frey, Johan Olav Smørdal Botn

I mål var det norske laget 14,6 sekund føre Frankrike på sølvplass medan Italia som tok bronsen var 53,8 sekund bak. 

Maren har dermed teke medalje på alle løp i EM med  tre gull (normaldistanse, jaktstart og blanda stafett) og ein sølvmedalje (sprint).

Vi gratulerer!

Foto: Skjermdump frå IBU





Nytt EM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide!

Postet av Markane IL den 27. Jan 2024

Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg eit nytt EM-gull då ho vann jaktstarten i Osrblie!

Foto: Skjermdump frå IBU

Etter sølvet på sprinten fredag gjekk Hjelmeset Kirkeeide ut på andreplass på jaktstarten med 14 sekunds differanse opp til Ida Lien.

Etter dei to første skyting avr Ida Lien framleis i leiing, men så fekk ho kom bomskota på ståande.

Maren fekk ein bom på første liggande skyting, og sjølv med fem treff på andre liggjande skyting så var avstanden opp til leiaren på om lag eit minutt.

På første ståande skyting kom det to bom for Ida Lien, medan Hjelmeset Kirkeeide nok ein gong skaut fullt. Dei to gjekk dermed ut samstundes etter tredje skyting frå stadion, og det låg an til at alt skulle avgjerast på siste skyting.

Maren kom først inn på standplass til siste skyting. OGså på denne ståande skytinga vart det to rundar for p Lien  medan Maren fekk ein runde. Bakfrå kom også Emilie Kalkenberg og ut på sisterunden hadde Maren ei leiing på 7,1 sekund ned til Kalkenberg. Maren klarte å halde unna heilt til mål og sikra seg sin andre gullmedalje i EM. Oceane Michelon frå Frankrike tok bronsen.

Søndag er det blanda stafett i slovakiske Osrblie.

I løpet av EM-dagane har Maren også avansert på samanlagtlista i IBU Cupen. Ho er no nummer tre med 536 poeng. 

Vi gratulerer med nok eit EM-gull!




3 x gull til Markaneløparar i Holmenkollen!

Postet av Markane IL den 27. Jan 2024

Ane Hjelmeset Kirkeeide (J14, i midten), Syver Melheim Espe (G13) og Brita Svarstad Heggdal (J13) tok alle gull i sine klasser under Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen!

I tillegg vart det ein flott fjerdeplass til Olina Svarstad Heggdal i J15. Med ein solid sisterunde skilde det berre tre sekund opp til ein pallplass

Vi gratulerer!

Her er resultata frå dagens løp: 

https://live.eqtiming.com/69587#files

Foto: Markane IL

Her er nokre foto frå dagen:

Brita Svarstad Heggdal,, Ane Hjelmeset Kirkeeide og Syver Melheim Espe vann sine klasser i Kvalfoss-sprinten.


Syver Melheim Espe på toppen av pallen i klasse G13

Brita Svarstad Heggdal på toppen av pallen i J13


Ane Hjelmeset Kirkeeide på toppen av pallen etter å ha vunne klasse J14


Olina Svarstad Heggdal i fint driv i løypa






EM-sølv til Maren Hjelmeset Kirkeeide på sprinten

Postet av Markane IL den 27. Jan 2024

Det var ny EM-medalje til Maren Hjelmeset Kirkeeide då ho gjekk inn til sølv på sprinten i Osrblie


På fredagens sprint vart det nok ein gong feilfri skyting med 10 treff av 10 moglege. 

Etter første skyting var ho  godt med, 12,1 sekund etter teten. På andre skyting vart det også fullt hus og dermed var ho i medaljekampen. Ut på sisterunden låg ho på sølvplass, 10 sekund bak lagvenninna Ida Lien. Denne plasseringa held ho heilt til mål. 

I mål vart det 14 sekund frå Maren og opptil gullvinnar Ida Lien. Khrystyna Dmytrenko frå Ukraina tok bronsen, 35,3 sekund etter vinnaren.

Vi gratulerer med EM-sølv!




Suverent EM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide!

Postet av Markane IL den 24. Jan 2024

Med fire fulle hus vart det eit suverent gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide på normaldistansen under EM i Osrblie!

Foto: Skjermdump frå IBU

Det låg an til å bli eit toppløp for Maren heilt frå starten. Etter første skyting var på ho ein 8.plass berre 15,9 sekund etter svenske Stina Nilsson. 

Løpet til Maren vart betre og betre for kvar skyting og etter det tredje fulle huset gjekk ho ut i teten 10,4 sekund føre lagvenninna Ida Lien.

Etter å ha klart full hus også på siste skyting hadde Maren 36,7 sekund ned til Ema Kapustova frå Slovakia som då låg på sølvplass.. Med god fart i løypa var det ingen som var i nærleiken av å truge sigeren.

I mål kom Alina Stremous frå Moldova, som også skaut fire fulle hus, på  sølvplass. Ho var 46,5 sekund bak. Bronsen gjekk til Ema Kapustova som i mål var  59,1 sekund bak.

Ida Lien (1–0–0–2) vart nummer fire, over to minutt bak.

Også ein annan nordfjording leverte flott innsats i EM i dag då Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL sikra seg  sølv i herreklassen.


Vi gratulerer!




Skikurs for alle nivå

Postet av Markane IL den 19. Jan 2024

Gym Stryn arrangerer i samarbeid med Markane Idrettslag to kveldar på Ullsheim der du kan få tips frå landslagstrenar Sjur Ole Svarstad til korleis du kan gå betre på ski. Du vel sjølv om du går klassisk eller skøyting. Han hjelper deg til betre teknikk, lettare motbakkar og større treningsutbytte.

For:
Vaksne nybegynnarar, mosjonistar, supermosjonistar. Sjur Ole kan jobbe med nivå frå nybegynnar til eliteutøvar, så er du ein plass i dette spekteret så må du møte opp 👌
▪️Tid og stad: Tysdag 23/1 og tysdag 20/2. Begge dagar kl 18:30-19:45. Du treng ikkje delta på begge dagar, bli med på det du ønskjer!
▪️Opplegget er heilt gratis!
▪️Påmelding på sms til Ann Kristin Grodås, 46331481, seinast eit par timar før start

Og du, om du har skiinteresserte barn, så kan det nemnast at Markane IL også har skileik for barn på Ullsheim på same tidspunkt - så ta med heile familien på ski desse dagane! 






Resultat frå årets første cuprenn

Postet av Markane IL den 17. Jan 2024

Årets første cuprenn vart arrangert på Ullsheim tysdag 16.januar. Rennet gjekk i klassisk stil. I alt 34 deltakarar stilte opp denne første rennkvelden.

Best deltaking var det i yngste klasse og heile 20 løparar på 8 år eller yngre var i aksjon. 

Her er deltakar- og resultatliste frå rennet:

Resultat- og deltakarliste frå cuprenn 1 i klassisk stil. Dato: 16.01.2024




Årets første cuprenn i klassisk stil tysdag 16.januar

Postet av Markane IL den 15. Jan 2024


Det er klart for årets første cuprenn tysdag 16.januar. Rennet går i klassisk stil med individuell start.
Utdeling av startnr frå kl 18:00, første start frå 18:30 Utan tidtaking på dei yngste, eldre barn kan også velje dette om dei ønsker.

Du treng ikkje være medlem i Markane IL for å delta. Deltakeravgifta på cuprenn er kr 50,- Avgifta betalast med vipps (Vippsnr 641339) ved påmelding. Påmelding i kommentarfeltet under på facebookgruppa til Markane IL, helst innan måndag kveld! Skriv namn + fødselsår. Om du ikkje har hugsa på å melde deg på førehand, så kom likevel!

Det blir boller å saft til alle deltakarar etter målgang 🙂

NB! TRIMKLASSE for den glade mosjonist! Kven som helst kan delta! Meld deg på, gå når du ønskjer det og den distansen du vil - eller delta med startnummer, du legg lista!

Løparar frå andre klubbar er sjølvsagt velkomne til å delta




Maren Hjelmeset Kirkeeide teken ut til EM i Slovakia

Postet av Markane IL den 15. Jan 2024

Maren Hjelmeset Kirkeeide er teken ut til EM i skiskyting i Brezno-Osrblie i Slovakia  som vert arrangert 22.-28. januar. Foto: NSSF


Vi gratulerer!




3.plass på Lygna til Katrine Svarstad Heggdal

Postet av Markane IL den 15. Jan 2024

Katrine Svarstad Heggdal gjekk inn til ein flott tredjeplass under sprinten i K18 under Norgescupen i skiskyting på Lygna i helga Ho skaut fullt hus på standplass og hadde god fart i sporet. Dermed held det tilhennar første pallplass i NC. Foto: Nordfjord Team Tussa

Simon Kirkeeide, som låg godt an på fellesstarten, fekk til slutt ein 10. plass laurdag.. 

Løparar frå Nordfjord Team Tussa og Stryn VGS gjorde gode resultat også søndag. Elida Fuglem gjekk inn til ein fjerdeplass under fellesstarten, medan Mari Sofi Meland (Markane IL) vart nummer 5 i K19-klassa medan Elina Østerbø enda på 11 plass og Oddrun Kirkeeide på 23 plass.

Eline Myren (Valldal IL/Stryn vgs. gjekk seg heilt opp på pallen med sin 3. plass.

Vi gratulerer!




Resultatliste frå SSF-cup Ullsrennet 2024

Postet av Markane IL den 13. Jan 2024

102 deltakarar var på start då Ullsrennet 2024 vart arrangert på Ullsheim.

Her er den offisielle resultatlista: 

Offisiell resultatliste for SSF-cup Ullsrennet 13.01.2024




Takka for stor innsats gjennom mange år

Postet av Markane IL den 2. Jan 2024

I samband med årsmøtet i Markane IL gjekk nokre av dei som har vore med i gruppestyra ut av verva sine for denne gong. Av desse hadde tre vore med heilt (eller nesten) samanhengane i verv sidan førre årtusen: Margunn Hjelmeset (t.v), Sigbjørn Fænn og Aslaug Thingnes Bø.

Aslaug Thingnes Bø kom inn som medlem i friidrettsgruppa hausten 1993 og vart leiar der i perioden 1995-1999. Etter ein liten pause var ho tilbake i orienteringsgruppa frå 2004-2008, for så å bli leiar på nytt for friidrett i 2009-2014. I perioden 2019-2013 har ho vore medlem i orienteringsgruppa.

Margunn Hjelmeset kom inn som medlem i skigruppa frå 1996-1997 og vart sekretær i skigruppa frå 1998-2002.  Hausten 2007 vart ho leiar i Barneidrettskulen og har vore med som kontaktperson her fram til hausten 2023 sjølv om her siste åra ikkje har vore aktiv drift. I 2010 vart ho også medlem av skigruppa og har vore med der heilt fram til hausten 2023.

Sigbjørn Fænn kom inn som medlem i trimgruppa hausten 1997 og vart leiar i gruppa frå hausten 1999 til hausten 2010. I perioden hausten 2010 til hausten 2023 gjekk han over til å vere leiar i skigruppa. I tillegg var han 2.vara til hovudstyret hausten 2011-2012, 1.vara til styret 2012-2014, styremedlem 2014-16 og nestleiar frå 2016-2020. Dermed har han hatt eit eller fleire verv samanhengande i 26 år!

Alle desse tre vart tildelt ein blome på årsmøte for stor innsats for laget!

I tillegg var det også fem andre som har vore med bra lenge som gjekk ut av sine gruppeverv: 

Kjetil Svarstad: medlem skigruppa 2003-2005, leiar sykkelgruppa 2008-2013, medlem skigruppa 2010-2023.

John Roger Meland: sekretær/nestleiar skiskyttargruppa 2004-2023

Torstein Breivik: medlem skiskyttargruppa 2016-2023

Pål Trøsken: leiar/kontaktperson skiskyttargruppa 2019-2023

Marthe Holien Bø: medlem trim 2019-2021, leiar/kontaktperson trim 2021-2023.

I tillegg vart Sjur Ole Svarstad takka for innsatsen som leiar i laget dei siste to åra. Han gjekk av som leiar, men er med vidare som styremedlem i hovudstyret.

Stor takk til alle som har vore med å drive laget - både dei som no gjekk ut av verv for denne gongen og til dei som er med vidare.

Etter valet på årsmøtet ser samansetnaden av  styret og gruppestyra slik ut:

Styret for 2024: Antonia Karete Haugen Kongsvik (leiar), Sigbjørn Kirkeeide (nestleiar), Sjur Ole Svarstad, Monica Valvik Halsteinslid, Torbjørn Hatledal og Margrethe Garlid

Skigruppa: Samuline Beate Seljeset (leiar), Ingrid Wangensteen Flore, Ann Kristin Grodås og Stig Tisthamar

Skiskyttargruppa: Nils Heggdal (leiar), Anne Irene Teige, Svein Ove Espe og Hedda Garlid Hilde

Orienteringsgruppa: Anne Marie Svarstad (leiar), Henning Heimlid, Kristin Hatledal, Marita Sætren Bøe og Per Øen.

Gruppe for trim, friidrett og barneidrett: Renate Berstad (leiar trim), Even Nesje (Markanebadinga), Antonia Karete Haugen Kongsvik (friidrett) og Torbjørn Hatledal (kontaktperson barneidrettskulen)

Elles ligg fullstendig oversikt over alt av grupper og utval her: Styret 2024

Vi nyttar høvet til å takke alle medlemer for engasjement og innsats i året som var. 

Takk til alle som velvillig stiller opp på dugnad gong på gong. Det hadde ikkje gått utan dykk!

Vi ønskjer alle medlemer eit riktig godt år 2024!