Innbyding til Ullsrennet friteknikk og sprint 3. og 4.januar 2026
Postet av Markane IL den 30. Des 2025

Laurdag 3.januar er det klart for det tradisjonelle Ullsrennet. Rennet går i fri teknikk. På søndag 4.januar skal det vere sprint i fri teknikk. Påmelding innan torsdag 1.januar kl.2359 på arrangementet på iSonen https://isonen.no/event/cmirau335009kel014od6u6qd/
Meir info:
Laurdag 3.januar er det klart for det tradisjonelle Ullsrennet i fri teknikk. Dei yngste (til og med 10 år) går 1 km i fri teknikk. Informasjon om klassar og distansar finn du på arrangementet i iSonen
Rennstart kl. 1200
Løypekart Ullsrennet fri teknikk 2026
Laurdag 4.januar er det klart for sprint i fri teknikk for klassene frå 11 år og oppover. Alle går vidare til konkurransar i heat uavhengig av plassering i prologen.
For dei yngste klassane (til og med 10 år) vert det vanleg langrenn i fri teknikk.
Start kl. 1200
Pr. 3.januar er dette det FØREBELSE oppsettet på sprinten. Endringar kan kome:
Oppsett over sprint 4.januar 2026
NB! Dei eldste klassane går ut først i prologen
Kafeen vert open så alle kan kome inn for ein matbit og få varme i kroppen etter ein tur i løypa, både deltakarar og tilskodarar!
Vi er sjølvsagt avhengige av snø for å få i hamn arrangementa, men pr i dag (30.12) ser det lovande ut.
Velkomne til Ullsheim!
Første verdscupsiger til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
Postet av Markane IL den 21. Des 2025

Etter ein fantastisk sluttspurt gjekk Maren Hjelmeset Kirkeeide inn til sin første verdscupsiger under fellesstarten i Le Grand Bornand! Vi gratulerer!
Foto (Privat/Fjordingen): Maren Hjelmeset Kirkeeide flankert av syster Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og mor Margun Hjelmeset etter sigeren
Etter å ha enda på 12.plass på jaktstarten i går var det nye sjansar i Le Grand Bornand i dag då det var klart for fellesstart på 12,5 km.
Maren fekk ein bom på den første skytinga, men etter det vart det tre fulle hus. Med god fart i løypa førte det til at ho gjekk ut på siste runden like bak franske Camille Bened.
Maren tok raskt innpå Bened, men hadde to andre franske løparar, Lou Jeanmonnot og Justine Braisaz-Bouchet rett bak seg. Dermed var det duka for spurt om sigeren der Maren viste ein sluttspurt i verdsklasse og vann sin første verdscupsiger! Franske Lou Jeanmonnot kom på andre plass og Justine Braisaz-Bouchet tok tredjeplassen
Vi gratulerer Maren med verdscupsiger!
200 000kr i gåvemidlar frå Sparebanken Norge!
Postet av Markane IL den 10. Des 2025
Sparebanken Norge overraska alle under årsmøtet tysdag 9.desember med ein gåvesjekk på 200 00kr til snøproduksjonsanlegget!! Med denne flotte gåva så er anlegget no så godt som fullfinansiert.
Foto: Målfrid Romsøe Sæten, Siri Merete Fure og Lisbet Mikkelsen frå Sparebanken Norge saman med Monica Valvik Halsteinslid frå Markane IL. (Foto: Markane IL)
Markane IL markerte også laget sine første 120-år med jubileumskake og kaffi i pausen på årsmøtet
Stor takk til Sparebanken Norge for gåva!


Arvid Dybevoll og Ann Kristin Grodås testar jubileumskaka( Foto: Markane IL)
Sakliste med vedlegg til årsmøtet i Markane IL tysdag 9.desember 2025
Postet av Markane IL den 2. Des 2025

Her er saklista med vedlegg til årsmøtet tysdag 9.desember kl.1900 på Ullsheim. Alle dokumenta kan også lastast ned frå mappa "Årsmøte i Markane IL 2025" i filarkivet.
Sakliste til årsmøte i Markane IL tysdag 9.desember 2025 kl.1900
Vedlegg sak 2: Årsmelding frå styret
Vedlegg sak 2: Årsmelding frå gruppene
Vedlegg sak 3 og sak 9: Rekneskap 2025 og budsjett 2026
Vedlegg sak 4: Rapport frå kontrollutvalet 2025
Vedlegg sak 5.1: Reperasjon av VM-figur
Vedlegg sak 5.2: Oppgradering av løpartunell og turveg vest for arena
Vedlegg sak 5.2 Kart over Ullsheim 3,7km A
Vedlegg sak 5.2 Kart over Ullsheim arena
Vedlegg sak 6: Innspel til rullering av handlingsprogrammet 2026-2029
Vedlegg sak 7: Spelemiddelsøknader 2026
Vedlegg sak 10: Val (lagt ut 09.12.2025)
I samband med at Markane IL er 120 år i år vert dette markert med innslag ved Per Hatledal om lagets historie, kake og kaffi.
Vel møtt!
Årets første cuprenn på Ullsheim
Postet av Markane IL den 2. Des 2025

Her er resultatlista frå årets første cuprenn:
Resultatliste frå cuprenn nr 1 i fri teknikk 02.12.2025
Resultata er også å finne på Eqtiming: https://live.eqtiming.com/79990#result
Meir kjem
Klart for det første cuprennet i sesongen!
Postet av Markane IL den 30. Nov 2025

Tysdag 2.desember er det klart for det første cuprennet denne sesongen! Ope for både nye og "gamle" cuprenndeltakarar. Fint om flest mogleg melder seg på gruppa til Markane IL på Facebook innan kl. 1745.
Utdeling av startnummer frå kl.1800. Første start er kl. 1830.
Dei yngste klassene startar først.
Distanse: Dei yngste går 800m. Dei frå 3.-6.klasse går 1.5 km, 7. og 8.klasse går 2.5km medan 9.klasse og oppover går 5 km.
Rennet får i fri teknikk
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gjev 350 000 kr i gåve til snøproduksjonsanlegget!
Postet av Markane IL den 20. Nov 2025

Stor takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som under gårsdagen skiskyttartrening på Ullsheim delte ut gåve på heile 350 000kr til det nye snøproduksjonsanlegget! Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, med pengar frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Eit 40-tals unge skiskyttarar og foreldre var til stades då Markane IL hadde fellestrening onsdag og fekk med seg at Mats Solheim og Samuline Seljeset frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane delte ut gåva på 350 000 kroner. Med på treninga denne kvelden var også Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik - til stor inspirasjon for dei yngre løparane.
Vi takkar for støtta!
Du kan lese meir om tildelinga på bloggen til Sparebank 1 Sogn og Fjordane
![]()
Siger til Maren Hjelmeset Kirkeeide i sesongopninga!
Postet av Markane IL den 16. Nov 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide vann sprinten under sesongopninga i skiskyting på Geilo
Maren skaut på seg to bom på siste skyting, men med ein fantastisk fart i sporet på sisterunde vart det likevel siger med 0,3 sekund margin til Marit Øygard.
Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein 21.plass i løpet.
Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL kom på 59. plass, Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim, Hardbagg IL på 63. plass og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL på 91. plass.
Vi gratulerer!
Takk til alle som bidrog til årets idrettslagsbasar!
Postet av Markane IL den 4. Nov 2025

Markane IL takkar alle som bidrog til ein vellukka basar og premiefest på søndag 26.oktober. I løpet av eit par timar fekk nærare 100 åregevinstar og 18 loddbokgevinstar ny eigarar. Det vart eit godt resultat der ca 80 000 kr kom inn til laget. Stor takk til alle som bidrog med gevinstar eller med loddkjøp samt alle som har hjelpt til med å få basaren vel i hamn.
Samstundes med basaren var det også premiefest for sesongen 2024-2025.
Her kan du finne trekningsliste for loddboka:
Innkalling til årsmøte i Markane IL tysdag 9.desember kl.1900 på Ullsheim
Postet av Markane IL den 4. Nov 2025

Innkomande saker må meldast til styret seinast tre veker før møtet. Det vil seie seinast tysdag 18. november. Saker skal meldast skriftleg til styret på epost antoniakaretekongsvik@gmail.com
Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.
Velkomne!
Basar og premiefest søndag 26.oktober 2025
Postet av Markane IL den 18. Okt 2025
Søndag 26.oktober kl.1500 er det klart for idrettslagsbasar og premiefest for sesongen 2024-2025 i Skogstjerna. Det vert tradisjonell basar med sal av årar og lodd og som vanleg er det med mange fine gevinstar. I tillegg vert det enkel servering av mat og kaffi/saft.
Innimellom trekningane vert det også premieutdeling for sesongen 2024-2025 innan langrenn, skiskyting, orientering og trim.
Vel møtt!
Miljøsamling 11.-12.oktober 2025
Postet av Markane IL den 6. Okt 2025

Markane IL skigruppa, i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins, inviterer utøvarar i alderen 8-15 år (f. 2017 og eldre) til miljøsamling helga 11.-12.oktober!
Stad: Ullsheim skistadion
Tidspunkt: Laurdag 11. oktober ca. kl. 09:00 - søndag 12. oktober ca. kl. 14:00
For kven: Utøvarar i alderen 8-15 år
Hovudtrenar: Landslagstrenar Sjur Ole Svarstad i samarbeid med blant anna elevar frå landslinja i Stryn
Påmelding: via iSonen: https://isonen.no/event/cmetprhgn04lb8c01fsa0ha7r/
Påmeldingsavgift: kr 400 + 20 kr i serviceavgift.
Frist for påmelding: Måndag 6. oktober kl. 23:59
Dette er ei kjekk og innhaldsrik helg for borna, der det vert gode treningsøkter, høve for å teste rulleski, sosiale aktivitetar og måltid i lag!
Innkalling til omframt årsmøte på Ullsheim måndag 15.september 2025 kl.1930
Postet av Markane IL den 1. Sep 2025

Markane IL innkallar til omframt årsmøte 15.september 2025 kl.1930 på Ullsheim. På saklista står oppstart av prosjektet "Oppgradering og utviding av kapasistet for snøproduksjonsanlegget" som ligg inne på anleggsplanen for Markane IL for ordinære anlegg.
Vedlagt er prosjektskildring som gjer greie for behovet for å investere i nytt snøproduksjonsanlegg på Ullsheim. Her er også vedlagt budsjett og finansieringsplan for prosjektet. Øvrige detaljar om tilbod vert presentert på møtet:
Her finn du sakliste med framlegg til vedtak og vedlegga i saka;
Vedlegg til saka:
Sakliste til omframt årsmøte 15.09.2025
Vedlegg 1: Prosjektskildring for nytt snøproduksjonsanlegg
Vedlegg 2:Budsjett og finansiering
Du kan også finne sakspapira samla om du går inn på filarkivet og inn på mappa for "Omframt årsmøte Markane IL 15.september 2025"
Vel møtt!
Vellukka aktivitetsdag på Ullsheim!
Postet av Markane IL den 2. Aug 2025

Onsdag 23.07 inviterte Markane Idrettslag til ein aktivitetsdag på Ullsheim der stadion var full av spennande aktivitetar som hesteskokasting, frisbeegolf, laserskyting og orientering.
Det var veldig varmt ute denne dagen med steikande sol, så ved registrering fekk alle utdelt vassflasker og caps – som blei godt motteke!
Totalt møtte 16 topp motiverte deltakarar frå Stryn, pluss ledsagarar! Alle kasta seg ut i aktivitetane med iver, og det var store smil, mykje latter og god stemning frå start til slutt.
Vi runda av dagen med gratis pølser og brus til alle, og avslutta med ei medaljeutdeling til stor jubel for heile gjengen.
Dette var eit prøveprosjekt, og første gong vi arrangerar noko slikt. Vi håpar dette kan bli starten på eit større samarbeid – kanskje på tvers av kommunegrenser neste gong?
Vi i Markane IL heiar på mangfald og inkludering – alle skal med
Ein stor takk til alle som stilte opp og bidrog – det gjorde dagen litt lettare for Markane IL som arrangør.
Her er nokre bildeglimt frå dagen:








Stort oppmøte på Ullsheim for å feire Tarjei og Johannes
Postet av Markane IL den 29. Jun 2025

Tysdag 24.juni vart Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø heidra for fantastisk innsats gjennom mange år av fleire hundre frammøtte på Ullsheim. Her vart det blant anna taler, gåver og stafett.
Stafetten var ein show-stafett – der brørne hadde med foreldra Aslaug og Klemet og to unge skiskyttarjenter. Etterpå var det klart for grilling, kaker og mykje skriving av autografar.
Her er nokre fleire glimt frå kvelden. (Alle foto: Ann Kristin Grodås/Markane IL)
















Folkefest på Ullsheim for Tarjei og Johannes!
Postet av Markane IL den 23. Jun 2025

Det vert folkefest på Ullsheim tysdag 24.juni kl. 1700. Då gjer vi stas på Tarjei og Johannes. Vi gler oss veldig til denne dagen og til å vise desse gutta kva dei betyr for Markane IL og Stryn! Kom med heile familien og ta ein ettermiddag i lag på Ullsheim, gratis grillmat, kaffi, kaker, kjentfolk og aktiviteter for barna NB! Dersom ein har lyst å prøve rulleski, må ein ta med skisko, hjelm og stavar.



50 år sidan Markane IL arrangerte NM i langdistanse orientering
Postet av Markane IL den 22. Jun 2025

22.juni 1975 arrangerte Markane IL NM i langdistanse orientering (no ultralang).
I samband med arrangementet vart nytt kart over Markane i målestokk 1:20000, vart teke i bruk. Både kartet og arrangement var eit stort løft for eit lite lag. Jon Kjøs var
løypeleggar, og broren Gunnar Kjøs var løpsleiar.
Arena og mål var på "Kåstad-bakkjen" som er like bak der Ester og Arne Skrede seinare bygde
huset sitt. Starten for løpet var ved Klype, rett vest for Maurset, og løparane vart transporterte dit puljevis. Første del av løypa gjekk i Nord-Markane før det var kartbyte i målområdet, og deretter ein runde i
Sør-Markane. Det var varmt og fin vær denne dagen, noko lettkledde løparar i målområdet vitnar om.
Fotoet ovanfor viser leiar av hovudkomiteen, Svein Sindre, og vinnaren av herreklassen Eystein Weltzien. Weltzien hadde nemleg gløymt o-skorne sine på hotellet, og fekk låne Svein sine. Vinnar av kvinneklassen vart Linda Verde.
Fotoet nedanfor viser dei to NM-vinnarane, Eystein Weltzien og Linda Verde. Takk til Per Øen for som skaffa foto frå arrangementet!

Innkalling til omframt årsmøte på Ullsheim onsdag 2.juli 2025 kl.1930
Postet av Markane IL den 18. Jun 2025

Markane IL innkallar til omframt årsmøte onsdag 2.juli 2025 kl.1930. På saklista står oppstarta av prosjektet rehabilitering av sandvolleyballbane på Ullsheim som ligg på planen for nærmiljøanlegg.
Her finn du sakliste med framlegg til vedtak og vedlegga i saka;
Vedlegg til saka:
Sakliste til omframt årsmøte 02.07.2025 kl.1930
Vedlegg 1: Kart over sandvolleyballbana
Vedlegg 2: Behovsvurdering av sandvolleyballbane Ullsheim
Vedlegg 3: Kostnadsoverslag og finansieringsplan for sandvolleyballbane
Vedlegg 4: Kostnad baneinstellasjonar -note til vedlegg nr 3
Vedlegg 5: Kostnad sand - note til vedlegg nr 3
'
Du kan også finne sakspapira samla om du går inn på filarkivet og inn på mappa for Omframt årsmøte Markane IL 2,juli 2025
Vel møtt!
God deltaking på Postvegløpet 2025!
Postet av Markane IL den 5. Jun 2025

I alt 108 deltakarar der 46 deltok i konkurransen og 62 i trimklassen stilte til start i årets Postvegløp. Dette er om lag same deltakartal som dei seinaste åra. Raskast i årets løp var Øystein Støfring (nr 30) frå Jølster IL i herreklassen og Brita Svarstad Heggdal frå Markane IL i dameklassen. Foto: Fjordingen
Postvegløpet har vore eit av dei største løpa av sin type på Vestlandet dei seinare åra og også i år var det mange deltakarar som stilte opp. I alt 62 løparar i alle aldrar gjorde stor innsats under si deltaking i trimklassen. I konkurranseklassane frå 13 år og oppover vart det totalsiger til Øystein Støfring frå Jølster IL med tida 22 min 38 sekund. På andreplass totalt kom Ingebrigt Nes Hjelle frå Eid medan Herman Konstali-Lødemel frå Stryn IL følgde på tredjeplass. Løyperekorden i Postvegløpet har Øystein Ulekleiv på tida 21 min 47 frå 2024.
Raskast blant damene var Brita Svarstad Heggdal i K13-15 frå Markane IL som vann på sterke 30 min 6 sekund. På andreplass totalt følgde Tuva Østby frå Olden IL medan Margret Hjelmeset Fragått frå Sigdal SK tok tredjeplassen.
Fullstendig resultatliste finn du her:
Resultatliste frå Postvegløpet 04.06.2025
Heider til Ane og Simon Hjelmeset Kirkeeide!
Postet av Markane IL den 26. Mai 2025

I samband med at det var skikrinsting på Skei vart Ane Hjelmeset Kirkeeide (foto) tildelt Magnorpokalen og Simon Hjelmeset Kirkeeide vart tildelt Bragdpokalen for innsatsen i skiløypene i 2024 og 2025-sesongane.
Magnorpokalen vert tildelt unge talent mellom 12 og 16 år. For Ane sin del var spesielt 9.plassen i 5 km klassisk og 14.plassen i 3km fri teknikk i Ungdommens Holmenkollrenn 2024 trekt fram.
Simon Hjelmeset Kirkeeide vart tildelt Bragdpokalen. Denne fekk han på bakgrunn av den flotte 8.plassen på 10 km fri teknikk i NM senior 2025.
Blant dei andre prisvinnarane vart også Torje Seljeset som representerer Hornindal IL i kombinert. Han vart heidra for gull i NM sr 2025 og sølv i jr.VM 2024.
Foto: Ane Hjelmeset Kirkeeide mottek Magnorpokalen frå Tor Arne Hov i Sogn og Fjordane skikrins.
Vi gratulerer!
Postvegløpet 2025!
Postet av Markane IL den 21. Mai 2025

Onsdag 4.juni 2025 er det klart for årets versjon av Postvegløpet. Vi håpar at også i år mange vil ta turen for å delta både i trimklassen og i konkurranseklassen.
Start/mål ved Skogstjerna, (10 km vest for Stryn ved rv.15).
Konkurranseklasse start kl.1900
Trim/mosjonsklasse start frå kl. 1800
Konkurranseklasser:
G/J 13-15, 16-18 (kr 50,-)
M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (kr 100,-)
Lisens kjem i tillegg.
Trimklasse:
Kr. 50. Familie kr 150
Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng/på sti.
Løpet har hatt svært god deltaking tidlegare. Vi håpar sjølvsagt på ny deltakarrekord.
I tillegg til vanleg premiering vert det også uttrekkspremiar i både trim- og konkurranseklassa.
Alle velkomne!
2.plass i Holmenkollstafetten!
Postet av Markane IL den 21. Mai 2025

Skiskyttarjentene frå Markane IL stilte saman med nokre skiskyttarvenninner frå nabolaga opp i Holmenkollstaftten og sprang inn til ein imponerande 2.plass i U23! Vi gratulerer!
1.og 4. plass til laga frå Markane i Oldestafetten
Postet av Markane IL den 5. Mai 2025

Markane IL stilte med to lag i Oldestafetten. Damelaget gjekk heilt til topps medan det vart fjerdeplass til gutelaget.
På vinnarlaget i dameklassa sprang Katrine Svarstad Heggdal, Hedda Garlid Hilde, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Margret Hjelmeset Fragått.
På gutelaget stilte Brage Fure Lilleheim, Noah Seljeset Svarstad, Espen Myklebust Hesjedal, Andris Flore og Boye Flore. Denne klassa vart vunnen av laget frå Sandane.
Vi gratulerer med innsatsen!
Innbyding til Oldestafetten 2025
Postet av Markane IL den 17. Apr 2025

Olden idrettslag inviterer til den 69. Oldestafetten søndag 27.april 2025. Som tidlegare år kan ein melde på lag i klassane Gutar, Jenter, Veteran, Damer og Herrar. Det har også blitt ein tradisjon å arrangere stafettleik for barn før starten på gutestafetten. Dette er ein ministafett for dei frå 6 til 10 år, der vi grupperer laga tilfeldig, med fire på kvart lag, og der alle får ein liten premie.
Også i år vil vi ha med ein Open klasse. Dette er tenkt å vere eit uhøgtideleg innslag for dei som ikkje tykkjer dei er godt nok trente til å vere ved i ordinære klassar. Det passar for bedriftslag, familielag eller grendalag osv som vil delta litt meir uformelt.
Pr no ser plan for dagen slik ut:. Kl 13.00 - Defilering Kl 13.30 - Ministafetten Kl 14.00 - Gutestafetten Kl 14.15 - Jentestafetten Kl 14.30 - Veteran/Damer/Open klasse Kl 14.50 - Herrar Kl 15.10 - Loddtrekning/premieutdeling
Påmelding innan 22.april.
Heile innbydinga finn du nedanfor:
Markane IL til topps på stafetten på Liatoppen!
Postet av Markane IL den 4. Apr 2025

Det vart gull til laget frå Markane IL på stafetten i J13-16 på Liatoppen. På laget gjekk Brita Svarstad Heggdal, Olina Svarstad Heggdal og Ane Hjelmeset Kirkeeide. Vi gratulerer!
Laget frå Markane IL var med i toppen frå start til mål. Brita Svarstad Heggdal gjekk første etappe. Ho fekk ein bom på første skyting, men skaut fullt på den andre. Inntil første veksling låg Markane på ein 8.plass, 41 sekund etter Asker som var i leiing. På andre etappe gjekk Olina Svarstad Heggdal. Ho skaut fullt på begge seriane og etter andre skyting var Markane heilt oppe i føringa. Ved veksling leia Markane med 17 sekund til Figgjo og 52 sekund ned til Voss på tredjeplass.
Ane Hjelmeset Kirkeeide gjekk ankeretappen. Ho vart i føringa gjennom heile etappen. Ho skaut fullt på begge seriane og sikra Markane IL sigeren. I mål skilde det 19 sekund ned til Østre Toten som hadde unngått strafferundar på alle etappar. Figgjo IL sikra seg bronseplassen, 43 sekund etter.
I tillegg vart det førsteplass til Espen Myklebust Hesjedal på normaldistansen i klasse G11 med fullt hus og god fart i løypa Også god innsats til alle dei andre frå Markane-gjengen der blant anna Andris Flore skaut to fulle hus.

Også på dag 2 på Liatoppen vart det fleire pallplassar for Markane. Syver Melheim Espe vart nr 3 berre 5 sekund etter vinnaren.. Ane Hjelmeset Kirkeeide kom også på 3.plass i si klasse medan Brita Svarstad Heggdal vart nr 6.

Vi gratulerer alle med flott innsats!
Sogn og Fjordane tok NM-gull på stafetten!
Postet av Markane IL den 2. Apr 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Ann Kristin Aaland og Karoline Erdal sikra Sogn og Fjordane sitt første NM gull i skiskyting for kvinner! (Foto: Skjermdump frå NRK/Fjordingen)
Ann Kristin Aaland gjekk opningsetappen for Sogn og Fjordane sitt førstelag som var blant gullfavorittane. Ho gjorde ein flott innsats både i løypa og standplass. På liggjande skyting måtte ho bruke eit ekstraskot, men den ståande skytinga var det klasse over, med rask og god skyting.
Ann Kristin sende Karoline Erdal (Førde IL) ut på den andre etappen på 6. plass, 19,2 sekund bak Oppland som leia. Erdal gjekk seg etterkvart opp og fekk kontakt med laga i tet. Ho leverte også feilfri skyting gjekk først ut på mellomrunden med 14 sekund ned til Oslo Akershus og 17 sekund til Nordland.
Men på ståande skyting vart det ein strafferunde og 14 sekunds leiing var snudd til femteplass og 12 sekund bak Hordaland som no hadde teten
Erdal tok att det tapte i løypa og sende vår doble NM-vinnar Maren Hjelmeset Kirkeeide ut på ankeretappen for Sogn og Fjordane, likt med Oppland og Hordaland.
Maren skaut fullt hus på begge skytingane og gjekk ut på sisterunden i einsam majestet. Ingen kunne true NM-dronninga Maren, som sikra laget NM-gull. Dette vart Maren sitt tredje gull i meisterskapen. Oppland tok sølv og Hordaland bronse.
Sogn og Fjordane sitt 2. lag var sett saman avberre løparar frå Markane IL: Linnea Melheim Espe, Emilie Flo Stavik og Mari Sofi Meland. Dei gjekk inn til niandeplassmedan Sogn og Fjordane 3 med Ingeborg Rørvik, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Katrine Svarstad Heggdal vart nummer 23.
I herrestafetten vart Sogn og Fjordane sitt lag sett saman av Johan-Olav Smørdal Botn, Magnus Skeide Bakke, Ask Haughovd og Aksel Mathias Meland nummer 14, 7.18,3 bak Oslo og Akershus.
Vi gratulerer!
Kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
Postet av Markane IL den 2. Apr 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg kongepokalen då ho vann fellesstarten suverent under NM skiskyting! Foto: Emil Sørgaard, NSSF
Maren gjekk eit perfekt løp, og ho berre auka forspranget til konkurrentane undervegs. Ho skaut 19 av 20 treff på fellesstarten. Dette var meir enn nok til å sikre ein suveren siger i løpet og dermed ny NM-tittel og også årets kongepokal!
Marthe Kråkstad Johansen (+24,1 sek) tok sølvet og Juni Arnekleiv bronsen (+43,4 sek).
Vi gratulerer med nok eit NM-gull og kongepokal!
8.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i NM i langrenn
Postet av Markane IL den 2. Apr 2025

Simon Hjelmeset Kirkeeide stilte opp på 10 kilometer NM i langrenn på Hovden og var med å kjempa heilt i toppen. Av dei 545 startande hamna han på 8. plass! (Foto: Fjordingen)
I mål var han berre 18,3 sekund bak vinnaren, Martin Løwstrøm Nyenget. Av dei sju som var føre på lista var heile fem frå elitelaget.
Vi gratulerer!
NM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide
Postet av Markane IL den 28. Mar 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg NM-gullet på sprinten på Stiklestad!
Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg NM-gullet føre 7 sekund føre Hanna Bøvre frå Kvam IL medan Karoline Erdal frå kom på tredjeplass 11,9 sekund etter Maren.
Maren starta med ein bom på den første liggjande skytinga og gjekk der ut på ein 34.plass, men med fem rett ned på ståande og ein forrykande sisterunde var NM-sigeren i boks.
Det var også gode resultat til fleire av dei andre Markaneløparane. Emilie Flo Stavik fekk ein bom på kva skyting, men gjekk likevel inn på 14.plass med 1min 13 sekund bak vinnaren. Katrine Svarstad Heggdal skaut fullt og gjorde eit kjempeløp i konkurranse med seniorløparane med ein 23.plass. Ho var 1min 35 sekund bak Maren.
Vidare gjekk Linnea Melheim Espe inn til 33.plass med ein bom var ho 2 min etter vinnaren. Mari Sofi Meland (1+2) vart nr 73, Elina Østerbø (1+2) nr 78 og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide (0+3) nr 94. Det stilte i alt 161 løparar opp på sprinten
I herreklassen sikra også Aksel Mathias Meland seg ei god plassering då han gjekk inn til 22.plass med ein bom totalt. Han var 2min 17 sek etter Sverre Dahlen Aspenes som vann med feilfri skyting. Sturla Holm Lægreid følgde på andreplass og Johan Olav Smørdal Botn på tredjeplass.
Takk for innsatsen til brørne Bø!
Postet av Markane IL den 25. Mar 2025

Det vart eit flott punktum i Holmenkollen då brørne Bø avslutta sine innhaldsrike karrierar sjølv om det ikkje vart plasseringar heilt i toppen i det aller siste rennet.
Søndag var det klart for den siste fellesstarten til brørne Bø. Tarjei var tilbake på start meir og mindre rett frå sjukesenga og sklei til slutt inn til ein 23.plass med flagg i handa i sitt siste renn. Johannes var nokolunde med i teten også denne dagen, men med ein bom på kvar av skytingane vart det ein 7.plass. Rennet vart vunne av Sebastian Samuelsson frå Sverige. Eric Perron kom på andreplass og Endre Strømsheim på tredjeplass.
I årets samanlagtcup kom Johannes på ein andreplass -rett bak Sturla Holm Lægreid som tok sigeren. Tarjei kom på 8.plass i sin siste totalcup.
Trass i at det ikkje vart pallplass i det aller siste rennet vart det stor stemning både i Holmenkollen og Stryn der mange hadde måtte fram for å hylle dei for fantastisk innsats i løypene i ei årrekkje.
Tarjei oppnådde i løpet av karrieren 15 individuelle sigrar i verdscupen. Han tok tre gull, to sølv og to bronse i OL- og 12 gull, 7 sølv og 9 bronse i VM. Han er den mestvinnande stafettløparane i VM-historia med 7 stafettgull. Han vann også verdscupen totalt i 2010-2011 og har i tillegg vunne totalt 5 disiplincupar.
Johannes tok 91 enkeltsigrar i verdscupen. I OL vart det fem gull, to sølv og 2 bronse, medan det i VM vart rekord med totalt 23 gull, 14 sølv og 6 bronse. Han har vunne den totale verdscupen fem gongar og har i tillegg 13 sigrar i disiplincupane samanlagt.
Heilt utruleg!
Takk for heilt fantastisk innsats gjennom mange år!

Foto (NTB): Mange tilhengarar hadde møtt opp i Holmenkollen for å hylle Tarjei og Johannes
'

Foto (Fjordingen): Mange var samla i Stryn sentrum i regi av Stryn Ping Ping for å få med seg dei renna
10.plass i verdscupen samanlagt til Maren Hjelmeset Kirkeeide
Postet av Markane IL den 25. Mar 2025

Det vart 26.plass på fellesstarten i Holmenkollen for Maren Hjelmeset Kirkeeide som var sesongens siste verdscupløp. Med dette sikra ho seg 10.plassen i den totale verdscupen for 2024-2025. Ho var dermed den beste norske kvinna i totalcupen.
Maren startar fint også i det siste verdscupløpet for sesongen med fullt hus på første liggjande. På den andre liggjande serien vart det tre strafferundar og dermed eit stykke bak i feltet. Når det i tillegg kom to bom på første ståande og ein bom på andre ståande, vart det til slutt ein 26.plass og 3 minutt etter vinnaren Franziska Preuss frå Tyskland. Elvira Öberg kom på andreplass og Lou Jeanmonnot på tredjeplass. Preuss vann med det også totalcupen.
Men sjølv om det vart litt ned på lista i det siste løpet, har det vore ein fantastisk sesong. Noko som 10.plassen med 548 poeng totalt viser. I løpet av sesongen vart det også individuell bronse i VM og sølv på VM-stafetten, to individuelle sølvplassar i verdscupen og 3 andre- og 3 tredjeplassar i verdscupstafettar.
Vi gratulerer med flott sesong!
4.plass til Ane Hjelmeset Kirkeeide i Young Star
Postet av Markane IL den 24. Mar 2025

Ane Hjelmeset Kirkeeide kom på 4.plass i Young Star i Holmenkollen. Her avbilda saman med Ida Frøysland frå Førde IL som vart nr 17. Foto: Nordfjord Team Tussa
BAMA Young Star er for utøvarar i årsklassane J/G15 og 16år. Konkurransen vert gjennomført kvart år i samband med World Cup Holmenkollen. Kvalfossprinten, Hovedlandsrennet og Landsdelsmeisterskap Vest er kvalifiseringsrenn for å kunne delta i Young Star-rennet.
Ane Hjelmeset Kirkeeide hevda seg heilt i toppen i jenteklassen. Ho fekk ein bom på første skyting, men skaut fullt hus på ståande. Dermed var ho om lag eit minutt etter vinnaren Leonora Utheim Svela frå Figgjo IL som også hadde éi strafferunde. Vienna Skinnes frå Lier IL kom på andreplass 26, sekund etter med to strafferunder. Ragnhild Nygård Bjerkås, Rennebu IL tok tredjeplassen, to sekund bak Skinnes, med to fulle hus.
Vi gratulerer!
Andreplass til Johannes Thingnes Bø i den siste jakstarten
Postet av Markane IL den 23. Mar 2025

Det vart andreplass til Johannes Thingnes Bø i den siste jaktstarten. Dermed vart det også andreplass i jakstartcupen og i den totale verdscupen for 2024-2025.
Johannes Thingnes Bø var med i kampen om sigeren både i rennet, jaktstartcupen og totalcupen fram til siste skyting. Men med ein strafferunde enda det med andreplass på "alt". Sturla Holm Lægreid gjekk eit perfekt løp med fire fulle hus og kunne med det innkassere sigeren både i rennet og i totalcupen. Likevel flott innsats av Johannes som sikra seg nok ein pallplass i det nest siste rennet i karrieren. Quentin Fillon Maillet sikra seg tredjeplassen.
Søndag er det klart for fellesstart. Då er forhåpentlegvis også Tarjei tilbake på start.
I samband med renna er det folkefest i Stryn i regi av Ping Pong klubben. Vi håpar mange tek turen og får med seg det siste rennet.
Sikra seg 7.plass i jaktstartcupen totalt!
Postet av Markane IL den 23. Mar 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk seg opp frå 26. til 24.plass i sesongens siste jaktstart og sikra seg ein flott 7.plass i jaktstartcupen totalt! Vi gratulerer
Maren gjekk ut på 26.plass med 1 min 21 sekund opp til Franziska Preuss. Jaktstarten starta noko tungt for Maren med tre strafferundar på første skyting. Men derifrå og inn gjekk ho eit nesten perfekt renn. Det vart fullt hus på andre og fjerde skyting og ein bom på tredje. Dermed avanserte ho til ein 24.plass i den siste jaktstarten i sesongen. Dette heldt til å sikre seg sjuandeplassen i jaktstartcupen totalt.
Sesongens siste jaktstart vart vunnen av franske Lou Jeanmonnot med Elvira Öberg frå Sverige på andreplass og Lena Haecki-Gross frå Sveits på tredje.
Lou Jeanmonnot vann jaktstartcupen totalt.
Suveren siger på den siste sprinten for Johannes!
Postet av Markane IL den 23. Mar 2025

Johannes Thingnes Bø fullførte den siste sprinten på best mogleg måte med nok ein siger! Dette sikra også siger i sprintcupen totalt. Vi gratulerer!
Trass i sjukdom forrige veke gjekk Johannes eit tilnærma perfekt løp i fin sol i Holmenkollen. Han fekk ned alle dei ti blinkane og sikra med det både siger i rennet og i sprintcupen totalt. Sturla Holm Lægereid som konkurrerer med Johannes om å vinne totalcupen, gjekk inn til andreplass. Det vart femdobbelt norsk i Kollen då Johannes Dale-Skjevdal, Isak Frey og Vebjørn Sørum følgde på dei neste plassane.
Tarjei Bø kom dessverre ikkje til start på grunn av sjukdom. Forhåpentlegvis er han tilbake til fellesstarten på søndag.
Sikra seg 8.plass i sprintcupen samanlagt
Postet av Markane IL den 23. Mar 2025

Det vart ein 26.plass i det siste sprintløpet for sesongen i Holmenkollen. Dette var bra nok til å sikra ein flott 8.plass i den totale verdscupen i sprint. Vi gratulerer!
Det vart ein bom på kvar av skytingane på sesongens siste sprint og dermed 1 min 21 sekund etter vinnaren. Ho gjekk inn til ein 26.plass i rennet totalt, men sikra seg med det ein flott topp-ti plassering i sprintcupen samanlagt. Ho kom på 8.plass der med 204 poeng. Franziska Preuss vann sprintcupen totalt med 414 poeng. Ho var også vinnaren av sprintrennet i Kollen med feilfri skyting. Andreplassen gjekk til Lou Jeanmonnot og tredjeplassen til Suvi Minkkinen
NM-gull til Simon Hjelmeset Kirkeeide på den blanda stafetten!
Postet av Markane IL den 22. Mar 2025

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk andreetappen på laget frå Sogn og Fjordane som tok gull i blanda stafett søndag. Med seg på laget hadde han Ask Haughovd frå Stårheim IL, Ann Kristin Aaland frå Hardbagg og Gunn Kristi Tvinnereim, også frå Hardbagg.
Det vart nokre ekstra skot undervegs, men alle fire kom seg velberga gjennom stafetten utan strafferundar. Når dei i tillegg heldt god fart i sporet, var dette nok til å sikra seg eit klart NM-gull. Oslo og Akershus kom på andreplass 8 sekund etter medan Oppland tok bronsene
Vi gratulerer!
8.plass til Mari Sofi Meland på sprinten i Norgescupen
Postet av Markane IL den 22. Mar 2025

Mari Sofi Meland gjekk seg inn til 8.plass på Norgescupen i sprint i Folldal og sørga med det for at det vart ei topp ti plassering til Markane også denne dagen.
Mari Sofi gjekk eit godt gjennomført løp med feilfri skyting på liggande og ein runde i ståande. Med bra fart også i løypa gjekk ho seg inn til ein flott 8.plass.Ho var 1min 1 sekund etter klassevinnaren i K20-22 som nok ein gang var Ann Kristin Aaland frå Hardbagg med feilfri skyting.
I same klasse gjekk Elina Østerbø inn til 14.plass, Emilie Flo Stavik vart nr 17, Linnea Melheim Espe kom på 21.plass og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vart nr 27.
I K19 hevda Katrine Svarstad Heggdal seg nok ein gong i toppen med ein 12.plass trass i at det vart totalt fire bom. Ho var 2 minutt og 40 sekund etter vinnaren Julie Tronerud Kvelvane
Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nr 15. Han låg godt an etter feilfri skyting på liggande, men med fem bom på den ståande skyting vart det til slutt ein 15.plass 1 minutt 27 sekund etter vinnaren i menn senior. Espen Uldal. Aksel Mathias Meland gjekk inn til 27.plass i same klasse med totalt to bom
Topp-ti plasseringar til Katrine Svarstad Heggdal og Linnea Melheim Espe
Postet av Markane IL den 22. Mar 2025

Katrine Svarstad Heggdal (Arkivfoto: Fjordingen) vart nr 8 i K19 og Linnea Melheim Espe nr 9 i K20-22 på normalen under NM for ungdom og junior i Folldal. Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL tok NM-gull i K20-22.
Det vart gull til Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL i K20-22 under NM for ungdom og junior. Men også fleire av Markane sine deltakarar gjorde det godt i NM. I same klasse vart Linnea Melheim Espe nr 9. Ho trefte 18 av 20 blinkar og var i mål 4 min 18 sekund etter vinnaren. Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein 19.plass i klassen etter ein liten blanda dag på standplass med totalt 6 tilleggminutt. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vart nr 24, Mari Sofi Meland nr 28 og Elina Østerbø nr 32.
Den beste plasseringa til Markane denne dagen kom i 19-årsklassen der Katrine Svarstad Heggdal gjekk inn til ein flott 8.plass. Katrine skaut fullt på begge dei liggande skytingane, men fekk 3 minutt tillegg på kvar av dei ståande. Ho var 4 min 19 sekund etter Julie Tronerud Kvelvane som tok NM-gull.
Simon Hjelmeset Kirkeeide deltok i menn senior og gjekk inn til ein 20.plass. Han hadde seks tilleggsminutt og var 5 min 46 sekund etter klassevinnar Herman Dramdal Borge.
8.plass vart beste resultat i nest siste verdscuphelg
Postet av Markane IL den 21. Mar 2025

Tarjei Bø fekk den beste plasseringa av brørne i den nest siste verdscuphelga deira då han vart nr 8 på fellesstarten i Pokljuka. På normalen vart det ein 15.plass medan Johannes som berre gjekk denne distansen vart nummer 10
Den nest siste verdscuphelga innleia med normaldistanse. Både Johannes og Tarjei skaut godt, men rauk på kvart sitt tilleggsminutt på siste skyting. Farten i sporet var ikkje på absolutt maks denne dagen så til slutt vart det 10.plass til Johannes som var 1 min 52 sekund bak vinnaren og 15.plass til Tarjei, 2 min 39 sekund etter. Vinnar vart Jakov Fak med 20 treff. Andreplassen gjekk til Sturla Holm Lægreid og tredjeplassen til Martin Ponsiluoma frå Sverige
Johannes stod over fellesstarten på grunn av sjukdom. Tarjei fekk ein bom på kvar av dei liggjande skytinga under fellesstarten, men gjekk likevel inn til ein 8.plass som vart beste Bø-plassering denne helga. Han var 1 min 26 sekund etter vinnaren Eric Perrot frå Frankrike.Andreplassen gjekk til Quentin Fillon Maillet medan Sturla Holm Lægreid gjekk inn til tredjeplass.
Neste helg er det klart for avslutningshelg for Tarjei og Johannes under verdscupen i Holmenkollen,
Tredjeplass til blanda stafett i Pokljuka
Postet av Markane IL den 21. Mar 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk første etappe på det norske laget som tok bronse på blanda stafett i Pokljuka. Med seg på laget hadde ho Ida Lien, Johannes Dale-Skjevdal og Isak Frey
Maren gjekk ein flott første etappe med fullt hus på liggjande skyting og berre eit ekstra skot på ståande. Inn til veksling var Noreg i teten med Sverige rett bak.
Ida Lien gjekk andre etappe. Ho trengde eit ekstra skot på første og to på andre skyting, men med god fart i sporet var Noreg på ein andreplass likevel berre 12 sekund etter Sverige som leia.
Johannes Dale-Skjevdal gjekk også bra i løypa. Det vart to ekstraskot på kvar av skytingane. Dermed gjekk Frankrike forbi Noreg som veksla på ein tredjeplass med 19 sekunds differanse til teten.
Isak Frey var ankermann for Noreg. Han skaut feilfritt på liggjande, men trengde to ekstraskot på ståande. Han hadde bra margin bakover til Austerrike på fjerdeplass og gjekk Noreg inn til pallplass, 20 sekund etter vinnaren. Sverige tok sigeren medan Frankrike vart nummer 2.
9. og 14.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide i Pokljuka
Postet av Markane IL den 19. Mar 2025

Det vart 9. på normalen og 14 plass på fellesstarten til Maren Hjelmeset Kirkeeide i den nest siste verdscuphelga for sesongen.
Helga i Pokljuka inneleia med normaldistanse. Maren vart nok ein gong best av dei norske då ho gjekk inn til niandeplass og dermed nok ei topp-ti-plassering i verdscupen. Maren fekk ein bom på den første skytinga, men leverte feilfritt på dei tre neste skytingane og enda dermed med 19 treff. I mål var ho 2min 6 sekund etter franske Julia Simon som skaut 20 treff. Andreplassen gjekk til Hanna Öberg medan Franziska Preuss kom på tredjeplass. Nok ein gong flott innsats av Maren som var best av dei norske kvinnene
På fellesstarten vart det ingen som kunne gjere noko med franske Lou Jeanmonnot. Ho leia løpet frå start til slutt og gjekk i mål før bulgarske Milena Todorova. Tredjeplassen tok Anamarija Lampic.
Beste norske på fellesstarten vart Ida Lien med sin 11. plass.
Maren var med i kampen om pallen fram til siste skyting, men rauk på to strafferundar og enda til slutt på ein 14. plass.
Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra andreplass til Noreg i stafetten.
Postet av Markane IL den 9. Mar 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk ankeretappen og sikra Noreg ein flott andreplass i verdscupstafetten i Nove Mesto. Frankrike gjekk av med sigeren.
Det starta noko tungt for Noreg då Karoline Knottenmåtte bruke fem ekstraskot på sine to seriar. Ved første veksling låg Noreg på 8.plass. Ingrid Tandrevold klarte seg med eit ekstraskot på kvar serie og veksla på ein fjerdeplass.. Ragnhild Femsteinevik gjekk tredje etappe og klarte seg også fint, med eitt ekstraskot på kvar av seriane. Noreg var dermed oppe på andreplass og det var opp til Maren å sikre pallplassen heilt i mål.
Maren starta flott på liggjande skyting med fullt hus. På den ståande skytinga vart det to ekstraskot. Ho heldt likevel avstanden bak til Tyskland på tredjeplass. Frankrike sikra seg nok ein stafettsiger 25 sekund føre Noreg. Medan Maren gjekk inn til andreplassen med ein 22 sekunds margin ned til Tyskland på bronseplassen.
2.plass i siste ordinære stafett for brørne Bø
Postet av Markane IL den 9. Mar 2025

Det norske laget med Tarjei Bø på andre etappe og Johannes Thingnes Bø på ankeretappen gjekk inn til andreplass etter Frankrike i den siste ordinære verdscupstafetten.
Etter ein sesong der Frankrike har vunne alle verdscupen på stafett medan Noreg vann VM-stafetten var det knytt spenning til om Noreg kunne sikre siger i brørne Bø sin siste verdscupstafett.
Martin Uldal sikra leiinga etter ein sterk første etappe. Han opparbeidde eit forsprang på nærare 20 sekund til Tarjei Bø på andre etappe. Tarjei gjorde ei god liggjande skyting men brukte tid i vinden på den ståande serien. Det gjorde at Frankrike kom nærare Norge på standplass. Men Tarjei gjekk ifrå Frankrike i løypa, slik at leiinga framleis var 17 sekund då Sturla Holm Lægreid tok fatt på tredje etappe.
Lægreid gjekk ein heilt grei etappe. Det vart litt trøbbel på liggjande og ikkje heilt maksfart i sporet.. Men med ei god avslutning på etappen bra veksla Noreg i ryggen på Frankrike.
Då var det opp til Johannes Thingnes Bø å avgjere det heile. Dessverre svikta det på den siste skytinga som enda med ein strafferunde. Dermed kunne nok ein gong det franske laget stå øvst på pallen medan Noreg gjekk inn til andreplass.
12. og 8.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide i Nove Mesto
Postet av Markane IL den 9. Mar 2025

Maren gjekk nok ein gong to gode løp i verdscupen då ho sikra seg ein 12.plass på sprinten fredag og gjekk seg opp til ein 8.plass på jaktstarten laurdag
Det vart mange norske løparar i toppen på lista på sprinten. Maren Hjelmeset Kirkeeide fekk ein bom på liggande, men skaut raskt og godt på ståande og hadde i tillegg stor fart i sporet på slutten av løpet. Det førte til slutt til ein solid 12. plass.
Saman med resten av laget kunne ho gle seg over at Ingrid Landmark Tandrevold, var tilbake i storform. I dag skaut Tandrevold ned to fulle hus og heldt høg fart i sporet. Det førte henne rett til topps, framfor franske Justine Braisaz-Bouchet og Julia Simon. Karoline Knotten vart nr. 6 i sprinten, også ho med fullt hus.
På jaktstarten fekk Maren endå betre utteljing.Det starta med alle fem blinkane rett ned på første skyting. Det gjentok ho også på den andre liggjande serien. Også på første ståande skyting skaut Maren perfekt og ut på den nest siste runden var ho oppe på ein 6. plass og med i kampen om pallplassane, omlag halvminuttet opp til tet.Dessverre vart det ein bom på den siste skytinga, og med det glapp også kampen om dei aller øvste plassane. Men 19 treff og avansement til 8. plass frå 12. er absolutt veldig godt levert
Vinnar frå sprinten, Ingrid Landmark Tandrevold, skaut på seg tre bom på den tredje skyting og når det også vart to bom på siste skyting vart det ein 17.plass. Dagens vinnar vart Julia Simon frå Frankrike. Hanna Öberg frå Sverige kom på andreplass medan Oceane Michelon tok bronseplassen.
Johannes tilbake i gul leiartrøye
Postet av Markane IL den 9. Mar 2025

Johannes Thingnes Bø er tilbake i gul leiartrøye i den samanlagde verdscupen i skiskyting etter å ha sikra seg tredjeplass både på sprinten og jaktstarten i Nove Mesto. Tarjei Bø gjekk inn til 22.plass på sprinten, men leverte ein god jaktstart og gjekk seg opp til 13.plass.
Johannes Thingnes Bø overtok leiinga i samanlagtcupen etter å ha oppnådd betre plassering enn Sturla Holm Lægereid både på sprinten og jaktstarten.
Det starta dårleg for Johannes på sprinten med to strafferundar etter liggande skyting, medan Sturla Holm Lægreid skaut fullt hus. På ståande vart det derimot omvendt og med fullt hus til Johannes, og med god fart i sporet, gjekk han inn til tredjeplass. Sturla Holm Lægreid enda til slutt på ein 14.plass.
Emilien Jacquelin frå Frankrike, vann sprinten. Han skaut to fulle hus. Tomaso Giacomel, Italia, kom inn som nummer to. Tarjei Bø skaut fullt på liggande, men med tre strafferundar på ståande vart det til slutt ein 22. plass.
På jaktstarten gjekk Johannes ut som nummer tre og kom også i mål som tredjemann. Sturla Holm Lægreid gjekk også godt og gjekk i mål på femteplass. Det betyr trøyeskifte for Bø og Lægreid, men med berre fem poengs margin.
Svenske Sebastian Samuelsson var suveren i tet med fire fulle hus. Han vann føre italienske Giacomel.
Tarjei Bø hadde ein betre dag på jaktstarten. Frå sitt utgangspunkt som nummer 22 etter sprinten gjekk han seg opp til 13. plass med totalt to strafferundar
28.plass på fellestarten i junior VM til Emilie Flo Stavik
Postet av Markane IL den 3. Mar 2025

Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein 28.plass på fellesstarten i junior-VM i Östersund. Ho hadde god fart i sporet, men hadde ikkje heilt dagen på standplass der det vart ni bom totalt. Likevel var ho nok ein gang i den beste halvparten av resultatlista. Ann Kristin Aaland frå Hardbagg vart beste norske med ein flott 7.plass som gjennomførte fellesstarten med berre tre bom totalt. Ho var 54,7 sekund etter vinnaren som vart Sara Andersson frå Sverige med fire bom.
Det starta bra for Emilie på første skyting med fullt hus og ho var godt framme i løpet. På den andre skytinga vart det to bom, men det var på tredje skyting ei plassering heilt i toppen rauk då det vart fem strafferundar. I tillegg kom det to rundar til på siste skyting. Likevel heldt det til å vere i beste halvpart av VM- feltet. Emilie gjekk inn til ein 28.plass i klassa og var 2 min 33 sekund etter vinnaren. Emilie si langrennstid var praktisk talt identisk med Ann Kristin si tid i sporet så med litt betre utteljing på den ståande skytinga hadde vegen vore kort til ei plassering heilt framme i teten også for Emilie.
Junior-VM vert avslutta med stafettar på onsdag.
Resultat frå fellesstarten: https://www.biathlonworld.com/results/BT2425JWRLCH__JWM6
29.plass på sprinten til Emilie Flo Stavik under junior-VM i skiskyting
Postet av Markane IL den 3. Mar 2025

Emilie Flo Stavik gjekk inn til 29. plass av 99 løparar på sprinten i junior-VM i Östersund.
Emilie held høg fart i løypa og ut i frå start var ho blant dei med raskaste opning av alle. Då alle hadde passert 1,9 kilometer, låg ho på 5. plass, fire sekund bak teten.
På liggjande skyting vart det to bom, og ut frå standplass låg ho eitt minutt bak teten. Farten i sporet var høg, men då det også på ståande kom tre bom vart det litt ned på lista. Det heldt likevel til ein plassering i beste tredjedel i mål med ein 29. plass av 99 startande, og var litt over to minutt bak vinnaren Anna Andexer frå Østerrike som hadde ein bom. Beste norske vart Silje Berg Knutsen på 6.plass som var 1min 5 sekund etter vinnaren med feilfri skyting.
Junior-VM i skiskyting i Östersund held fram utover veka med fellesstart og stafett.
Resultat frå junior-VM ligg her: https://www.biathlonworld.com/live?c=BT2425JWRLCH__&u=BTHW7.5KMSPJ----------FNL-000100--
Gull nr 2 til Ane Hjelmeset Kirkeeide under LM skiskyting
Postet av Markane IL den 3. Mar 2025

Ane Hjelmeset Kirkeeide (Arkivfoto: Fjordingen) tok gull også på kort normaldistanse i J15 under vestlandsmeisterskapen i skiskyting på Voss. Også dei tre andre deltakarane frå Markane fekk med seg to medaljar heim. Syver Melheim Espe (G15) og Brita Svarstad Heggdal (J14) sikra seg sølv på dag to av arrangementet medan det vart bronse til Katrine Svarstad Heggdal i K19.
Etter tre gull og ein bronse på første dag av Vestlandsmeisterskapen vart det også på dag to medalje til alle deltakarane frå Markane IL med ein gull, to sølv og ein bronse.
Ane Hjelmeset Kirkeeide kunne reise heim frå LM med to gull i klasse J15. På normalen søndag vart det totalt fem bom på dei to sskytingane, men med god fart i sporet og vann ho klassa med 23 sekunds margin på Ingeborg Smørdal Hjelle frå Stårheim som hadde tre bom totalt.
Syver Melheim Espe fekk seks bom på standplass, men det god fart i løypa var han likevel berre 8 sekund etter klassevinnaren Georg Helle Bruås frå Fana som hadde fire bom. Syver sikra seg eit flott sølv på distansen i G15
Brita Svarstad Heggdal fekk totalt fire bom og sikra seg også sølv på normalen. i J14 Ho var 1 min 59 sek etter klassevinnaren Maria Istad Kristiansen som hadde to bom. Katrine Svarstad Heggdal gjekk inn til bronse i klasse K19 Ho skaut seriane (4+4+3+1). Ho var 54 sek etter Andrea Sørheim Almeland frå Kvam Langrenn og skiskyttarklubb som trefte litt betre på standplass med (3 +1+3+2).
Vi gratulerer alle med LM-medaljane!
Tre gull og bronse på sprinten på LM
Postet av Markane IL den 1. Mar 2025

Det vart tre gull og ein bronse under sprinten på vestlandsmeisterskapen.
Katrine Svarstad Heggdal vann K19-klassen med totalt tre bomskot på sprinten.
Syver Melheim Espe vann 14-årsklassen for gutar, trass i seks bom på standplass medan Ane Hjelmeset Kirkeeide gjekk heilt til topps i 15-årsklassen. Ho pådrog seg totalt fire bom på skytingane, men var likevel 1.22 minutt foran nummer to som fekk ein bom.
I 14-årsklassen kom Brita Svarstad Heggdal på tredjeplass, med totalt fire bomskot.
Foto (Maranae IL): Frå vemstre Syver Melheim Espe, Ane Hjelmeset Kirkeeide og Brita Svarstad Heggdal
Vi gratulerer!
Innkalling til omframt årsmøte i Markane IL 10.03.2025
Postet av Markane IL den 24. Feb 2025
Styret i Markane IL kallar med dette inn til omframt årsmøte på Ullsheim måndag 10.mars kl.1930.
På saklista står godkjenning av oppstart av arbeid med orienteringskartet "Sprintkart Ullsheim" som ligg på anleggsplanen under nærmiljøanlegg.
Her finn du sakliste med framlegg til vedtak:
Sakliste til omframt årsmøte i Markane IL 10.03.2025
Vedlegg til sak 2: O-kart Ullsheim -prosjektskildring, budsjett og finansiering(oppdatert 08.03.2025)
Vedlegg til sak 2: Kartskisse over o-kart Ullsheim med avgrensingar
*Etter tilbakemelding frå Atle Skrede på spelemiddelsøknaden er der lagt inn ei justering på budsjett/finansiering/eigendel
Bronse til Johannes i siste VM-løp!
Postet av Markane IL den 24. Feb 2025

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til bronsemedalje på fellesstarten i sitt siste VM-løp. Pallen vart heilnorsk med gull til Endre Strømsheim og sølv til Sturla Holm Lægreid. Tarjei Bø gjekk inn til 18.plass.
Fleire av dei store favorittane skaut bom på første skyting. Både Tarjei og Johannes fekk kvar sin bom, medan Vebjørn Sørum skaut ein feilfri serie og gjekk ut i tet. Også Strømsheim som gjekk inn til gull måtte tåle ein bom her.
Johannes kjempa seg tilbake opp til tetgruppa før andre skyting, men rauk på nok ein bom. Lægreid, som bomma to på første, skaut seg tilbake i medaljekampen med null bom medan Tarjei måtte tåle to bom her og hamna eit godt stykke bak. Franske Émilien Jacquelin og svenske Martin Ponsiluoma drog frå etter andre skyting, med Sebastian Samuelsson og Johannes Thingnes Bø jakta etter teten i ei gruppe rundt tjue sekund bak dei.
Både Lægreid og Strømsheim skaut fullt på tredje skyting, medan Jacquelin og Ponsiluoma bomma. Dermed hadde Johannes sjansen til å kome med i kampen igjen, men måtte ut i to strafferundar og passerte ut frå tredje skyting 39 sekund etter teten. Tarjei fekk nok ein bom og gjekk ut på 19.plass. Men Johannes gjekk suverent i sporet og henta inn mykje på teten inn mot siste skyting.
På siste skyting gjekk Lægreid, Strømsheim og Johannes Thingnes Bø ut i teten etter ein feilfri serie frå alle. Sistnemnde var likevel rundt tjue sekund bak dei i teten. Tarjei Bø fekk også på siste skyting ein bom.
Det var lenge jamt mellom Lægreid og Strømsheim, men sistnemnde rykte for alvor frå mot slutten for å ta det første individuelle VM-gullet sitt. Johannes var nær ved å kome opp på sølvplass, men enda til slutt rett bak Lægreid. Amerikanske Campbell Wright vart nummer fire bak bronsen. Tarjei Bø, som også gjekk det siste VM-rennet sitt, vart nummer 18,
Vi gratulerer!
Bronse til Maren Hjelmeset Kirkeeide på VM:fellesstarten!
Postet av Markane IL den 24. Feb 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide vann sin første individuelle VM-medaljen då ho tok bronse på fellesstarten på 12,5 kilometer i Lenzerheide søndag. Gullet gjekk til Elvira Öberg frå Sverige. (Foto: NTB)
Fellesstarten starta litt tungt på standplass for Maren med to bom på første skyting, men med fullt hus på andre liggjande medan fleire av konkurrantane bomma var Maren langt framme i feltet igjen. På den første ståande skytinga vart det ein bom, men distansen fram til teten var ikkje så lang og Maren kom inn til siste skyting som utfordrar til ein medalje. Og på siste skyting skaut Maren ein flott feilfri serie. Av konkurrentane i front var det berre Elvira Öberg som klarte det same. Öberg gjekk ut frå siste ståande med ei klar leiing som ho heldt heilt til mål. Maren gjekk ut som nummer to, men med fleire konkurrentar hakk i hæl. Franske Oceane Michelon gjekk frå Maren 1 km før mål og sikra seg sølv, men Maren heldt med god margin unna til resten av tetfeltet og sikra seg ein flott individuell VM-bronse!
Vi gratulerer med første individuelle VM-medalje!
5.plass til Mari Sofi Meland på heimebane
Postet av Markane IL den 24. Feb 2025

Mari Sofi Meland fekk best plassering av dei lokale under Norgescupen i skiskyting på Ullsheim. Ho leverte feilfri skyting og hamna til slutt på ein flott 5.plass på sprinten i klasse K20-22. (Foto: Thomas Taule, Fjordingen)
I same klasse gjekk Linnea Melheim Espe inn til 20.plass (2+1), Elina Østerbø vart nummer 30 (2+1) medan Oddrun Hjelmeset Kirkeeide (3+1) kom på 33.plass.
Katrine Svarstad Heggdal, Markane/Stryn vgs, var også på søndag blant dei ti beste få ho gjekk inn som nummer 10 i klasse K19 (2+2).
Symra Emilia Garverhaugen, Fana/Stryn vgs, vart nummer 7 i klasse K17 (2+1) medan Margret Hjelmeset Fragått, Simostranda/Stryn vgs vart nummer 20 i same klasse.
I klasse M18 vart Heine Fuglem, Valldal/Stryn vgs, nummer 12 (2+4) medan Simen Kindlistuen, Tretten/Stryn vgs, vart nummer 17 (2+3).
I klasse for menn senior vart det 11.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide (2+1) og 27.plass til Aksel Mathias Meland (1+3)-
Vi gratulerer med god innsats på heimebane!
VM-gull til Tarjei og Johannes i den siste VM-stafetten!
Postet av Markane IL den 23. Feb 2025
I den aller siste VM-stafetten for brørne Bø leverte dei ein eventyrleg innsats. Saman med Endre Strømsheim og Sturla Holm Lægereid sikra dei det norske laget eit suverent stafettgull i Lenzerheide. (Foto: Getty Images)
Etter eit par år utan norsk stafettgull i VM var det på laurdag ingen tvil om kva for eit lag som var best
Glimrande norsk skyting og suverent langrennsfart gjorde at Johannes Thingnes Bø fekk ei komfortabel sisteetappe der han brillierte med å skyte to fulle hus.
Endre Strømsheim gjekk første etappe og etter berre to ekstraskot på den liggjande skytinga sende han Tarjei Bø ut i tet med god margin framfor Frankrike.
Tarjei starta etappen flott med god fart i løypa og perfekt liggande skyting. Sjølv om det vart to ekstraskot på ståande så auka forspranget til Frankrike, samtidig som distansen til dei andre nasjonane meir enn dobla seg
Tarjei sende ut Sturla Holm Lægreid på trede etappe som fekk jobbne med å forsvare leiinga på 26 sekund med den franske verdsmeisteren på normaldistansen, Éric Perrot, jagande bak seg. Lægreid gjekk ein fantometappe og brukte ikkje eit einaste ekstraskot på tredje etappe. Dermed auka luka til Frankrike til 46 sekund.
Johannes Thingnes Bø gjekk ut på den siste VM-etappen sin i karrieren med solid leia. Han gjekk i eit forrykande tempo og tl første skyting hadde Noreg ei luke på minuttet ned til franske Quentin Fillon Maillet. Johannes leverte så to fulle hus på standplass og hadde dermed god tid til å ta i mot jubelen på siste stykket inn mot mål.
Johannes sikra dermed sitt 23.VM-gull medan Tarjei vart historisk som den mestevinnande stafettløparen i VM med sitt 7.stafettgull.
Vi gratulerer med VM-gull!
Maren sikra sølv til Noreg i VM-stafetten!
Postet av Markane IL den 23. Feb 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk ein suveren siste etappe og sikra Noregs kvinnelag sølvmedalje på VM-stafetten!
Stafetten opna godt for Noreg med ein solid etappe av Karoline Knotten som veksla som nummer to. Men på andre etappe fekk Ingrid Landmark Tandrevold problem på standplass og på ståande skyting enda det med ein strafferunde etter at ekstraskota var brukte. Ragnhild Femsteinevik gjekk ein god etappe og gjekk Noreg opp til ein femteplass og i nærleiken av medaljekampen. Då Maren starta ut på ankeretappen var det omtrent 20 sekund opp til Slovenia og Sverige som på dette tidspunktet låg som nummer to og tre.
.Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk eit knallgodt løp frå start til mål. På liggande skaut ho ein perfekt serie. I tilllegg held t ho høg fart i løypa og inntil siste skyting var Noreg med i sølvkampen. Her trengdest det eit ekstraskot for å få ned alle blinkane og med dette var sølvet sikra og Maren gjekk dermed inn til sin første VM-medalje. Det svenske laget tok bronseplassen. Frankrike leia klart gjennom heile stafetten og sikra seg gullet med god margin.
Vi gratulerer Maren og det norske laget med VM-sølv!
Fleire gode lokale resultat under Norgescupen på Ullsheim
Postet av Markane IL den 23. Feb 2025

Det vart krevjande ver- og føreforhold under normaldistansen på Norgescupen på Ullsheim. Fleire av dei lokale løparane oppnådde likevel gode resultat blant anna Katrine Svarstad Heggdal, Markane IL/Stryn vgs som fekk ein flott 9.plass i K 19 (Foto: Fjordingen)
I K17 gjekk Symra Emilia Garverhaugen, Fana/Stryn vgs inn til 7. plass, Ronja Haughovd, Stårheim/Stryn vgs, vart nummer 9 og Margret Fragått Hjelmeset Simostranda/Stryn vgs kom inn til 22.plass.
Heine Fuglem, Valldal/Stryn vgs vart nummer 7 i klasse M18. Her vart Simen Kindlistuen, Tretten/Stryn vgs, nummer 12.
I klasse K18 vart Johanne Normann Hellevang Harbagg IL/Stryn vgs nr 40 medan Trym Helset frå Sunnylven IL/Stryn vgs vart nr 41 i M18.
I klasse K20-22 vart det 14.plass til Linnea Melheim Espe frå Markane IL/Team Intersport, 18.plass til Mari Sofi Meland frå Markane IL/Team Intersport, 27.plass til Oddrun Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL/Team X, 33.plass til Elina Østerbø frå Markane IL/Team X og 39.plass til Frøya Haughovd, Stårheim IL/Stryn vgs
I menn senior gjekk Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Team Hugaas, inn til ein 18 .plass og Aksel Mathias Meland frå Markane IL/Team Intersport inn til 26.plass.
Komplette resultatlister ligg på Eqtiming og på ASKO-cup/Norgescup skiskyting si heimeside
Norgescupen held fram med sprintrenn på søndag
Sølv på parstafetten i VM
Postet av Markane IL den 20. Feb 2025

Johannes Thingnes Bø spurta inn til sølvmedalje på parsprinten. Med seg på laget hadde han Ragnhild Femsteinevik. Vi gratulerer med sølv! (Foto: NTB)
I eit svært jamt og spennande løp vart det gull til Frankrike, sølv til Noreg og bronse til Tyskland. Jjohannes gjekk ein fenomenal sisterunde og passerte tyskaren Justus Strelow rett før mål
Det norske laget hadde god fart i langrennsløypa, men måtte bruke heile 15 ekstraskot på dei åtte skytingane. Trass i mange ekstraskot så klarte dei seg gjennom stafetten utan å hamne i strafferunden. Det gjorde at dei aldri hamna utanfor medaljekampen, sjølv om det vart litt for langt opp til gullet.
Ingen andre nasjonar blant dei 14 beste var i nærleiken av å bomme like mykje som Noreg på standplass.
Femsteinevik gjekk hardt ut på første runden og tok raskt teten i løpet. Ho var dermed i tetfeltet inn til første skytinga, men der fekk ho trøbbel. Det vart tre bomskot på Hålandsdal-løparen, og ho trong dermed tre ekstraskot for å unngå strafferunde. Dei tre trefte ho på, men avstanden opp til teten var på vel 30 sekund ut frå skytinga. Også på dei seinare skytingane måtte både Ragnhild og Johannes fram med dei ekstra skota før alle blinkane var nede.
På siste etappen gjekk Johannes ut som nummer fire, 22,3 sekund bak Tyskland i leiinga. Inn mot den siste skytinga var han nummer tre, i nærleiken av gullkampen. Men på siste skyting trengde Johannes tre ekstraskot, og det gjorde at Fillon Maillet og Strelow stakk frå medan Sverige gjekk ut på siste runden like bak Noreg. Men Johannes hadde krefter igjen og gjekk frå Sverige. Frankrike med Julia Simon og Quentin Fillon Maillet vart umogleg å få gjort noko med, men Johannes avgjorde sølvkampen mot Justus Strelow på oppløpet. Sveits og Sverige følgde på plassane bak sigerspallen.
Vi gratulerer med sølv på parstafett!
Køyreretning under ASKO/Norgescup på Ullsheim 21.-23.februar 2025
Postet av Markane IL den 20. Feb 2025

Helga 21.-23.februar er det ASKO-cup/Norgescup skiskyting på Ullsheim.
Anbefalt køyreretning desse dagane: Isbakken - Maurset/Ullsheim - Sindre frå kl. 0700-1700 på fredag, laurdag og søndag sidan det er venta stor trafikk i denne perioden.
Vi oppmodar alle om å følgje dette!
Informasjon om ASKO-cup Markane finn du på denne sida: https://anviser.skiskyting.no/markane2425/
10.plass til Tarjei Bø på normaldistansen i VM
Postet av Markane IL den 20. Feb 2025

Tarjei Bø vart best av brørne Bø på normaldistansen i VM med sin 10.plass. Johannes Thingnes Bø hamna på ein 20.plass etter ein dårleg dag på standplass.
Det vart ikkje heilt dagen for verken brørne Bø eller dei andre norske på normaldistansen i VM. Tarjei vart nest beste norske med 10.plass etter å ha fått ein bom på første og ein på siste skyting. Med sine 18 treff var han 3 min 18 sekund etter vinnaren franske Eric Perrot som fekk eit tilleggsminutt. Sølvet gjekk til Tommaso Giacomel som også hadde eit tilleggsminutt og bronsen til Quentin Fillot Maillet med tre tilleggsminutt.
Beste norske vart Endre Strømsheim på niandeplass med eitt tilleggsminutt.
Johannes Thingnes Bø kom skeivt ut frå første skyting med tre tilleggsminutt. Det kom også eit tilleggsminutt på kvar av dei to siste skytingane. Dermed fem minutt totalt og ein 20.plass i løpet. I mål var han 4 min 19 sekund etter vinnaren.
Johannes får ny sjanse til å vise seg fram i morgon då han skal gå parstafett saman med Ragnhild Femsteinevik.
Flott 8.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide på normalen i VM!
Postet av Markane IL den 18. Feb 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk eit flott normaldistanseløp i VM og vart til slutt nummer 8. Ho var 1 min 46,7 sekund etter vinnaren. Maren hadde femte beste langrennstid av alle i feltet. Det gjekk også bra med skytinga med totalt 18 treff - berre på første og siste skytinga vart det eit bomskot.
Dagens vinnar vart Julia Simon frå Frankrike som fekk eit tilleggsminutt. Ella Hallvarsson frå Sverige skaut 20 treff og tok sølvet 37,8 sekund etter vinnaren. Franske Lou Jeanmonnot tok bronsen med eitt tilleggsminutt. Ho var 39,2 sekund etter Simon i mål.
Maren vart også i dag best av dei norske. Nest best av dei norske kvinnene vart Ragnhild Femsteinevik som blei nummer tolv. Ho fekk også to tilleggsminutt. Ida Lien hadde berre eitt tilleggsminutt på dei tre første skytingane og låg godt an. Men på siste skyting vart det tre tilleggsminutt til og dermed vart det 35.plass. Ingrid Landmark Tandrevold skaut på seg tre tilleggsminutt totalt og enda som nummer 39.
Neste øving for kvinnene er parstafett på torsdag medan det er normaldistanse for menn i morgon.
Vi gratulerer Maren med flott VM-løp!
Nytt historisk VM-gull til Johannes Thingnes Bø!
Postet av Markane IL den 16. Feb 2025

Johannes Thingnes Bø vart historisk då han gjekk inn til sitt 22.VM-gull på jaktstarten i Lenzerheide. Han har dermed passert både Bjørndalen og Fourcade i talet på individuelle VM-gull der Johannes no er oppe i 12. Tarjei Bø sikra seg 10.plass på jaktstarten medan tidlegare i dag vart Maren Hjelmeset Kirkeeide nest beste norske med sin 33.plass i kvinneklassen,
Johannes starta først på jaktstartenog leverte 18 treff på standplass. Med god fart i sporet heldt det til å sikre gullet i mål.
Laurdag vart han historisk som den mestvinnande i VM-historia. Han passerte då Ole Einar Bjørndalen som står med 20 gullmedaljar.I dag slo han nok ein rekord då han gjekk forbi både Martin Fourcade og Bjørndalen som utøvaren med flest individuelle VM-gull. Johannes tronar no øvst på den rankingen med tolv.
Undervegs i løpet var gårsdagens sølvvinnar Campbell Wright den som var nærast Johannes. Men Johannes heldt unna og sikra gullet med 8.4 sekund. Wright tok sitt andre sølv på to dagar. Bronsen gjekk til franske Eric Perrot.
Tarjei Bø gjekk nok eit jamt godt løp og hadde også 18 treff. Dermed vart det nok ein 10.plass og i mål skilde det 1 min 46 sekund opp til Johannes og gullet. Dei andre norske plasserte seg slik: Sturla Holm Lægreid nr 4, Endre Strømsheim nr 8 og Martin Uldal nr 12.
Tidlegare på dag var kvinnene i sving med sin jaktstart Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk ut på ein 16.plass. Det vart litt for mange bom til å kunne vere med heilt fram i teten i dag med totalt 7 bomskot på dei fire skytingane. Dermed vart det ein 33.plass i mål 3 minutt 38 sekund etter Franziska Preuss frå Tyskland. Sølvet gjekk til svenske Elvira Öberg og bronsen til franske Justine Braisaz-Bouchet. Maren var likevel nest best av dei norske kvinnene. Beste norske vart Ingrid Tandrevold på 18.plass med 4 bom medan Ragnhild Femsteinevik vart nr 45 med 5 bom og Karoline Knotten nr 51 med 6 bom
Tysdag er det klart for normaldistanse for kvinnene medan mennene går normaldistanse på onsdag.
Vi gratulerer Johannes med nok eit VM-gull!
5.plass til Sogn og fjordane i HL skiskyting 2025
Postet av Markane IL den 16. Feb 2025

Sogn og Fjordane gjekk inn til ein flott femteplass i HL skiskyting i klasse J15-16. På laget gjekk Ane Hjelmeset Kirkeeide (foto), Oda Heltne Tønnesen og Ida Frøysland.
Oda Heltne Tønnesen gjekk første etappe på laget og inn til 1.veksling låg Sogn og Fjordane på ein 17.plass. Ane Hjelmeset Kirkeeide gjekk ut på andre etappen og gjorde ein gode etappe. Ho gjekk opp laget ti plassar så ved tredje veksling var Sogn og Fjordane oppe på ein 7.plass. Ida Frøysland gjekk siste etappe og tok eit par plassar til slik at det til slutt vart femteplass for jentene frå Sogn og Fjordane. I mål skilde det 2 min 19 sekund opp til laget frå Oslo og Akershus lag 1 som vann ganske klart. Sølvet gjekk til Sør Trøndelag lag1 som var 1 min 11 sekund etter vinnarlaget medan Troms lag 1 tok bronsen 1min 14 sekund bak.
Foto: Markane IL
VM-gull nr 21 til Johannes Thingnes Bø!
Postet av Markane IL den 15. Feb 2025

Johannes Thingnes Bø tok VM-gull i 10 km sprint i sveitsiske Lenzerheide. Dette er gullmedalje nummer 21. Dermed er Johannes historisk og har passert Ole Einar Bjørndalen som stoppa på 20 VM-gull.
Johannes leverte eit plettfritt løp med ti av ti treff og i sporet var det heller ingen som kunne gjere noko med stryningen.
Tarjei Bø enda på 10. plass.
Amerikanske Campbell Wright tok sølvmedaljen medan Quinton Fillon-Maillet tok bronsen. Vebjørn Sørum tok fjerdeplassen.
Med dette gullet passerte han Ole Einar Bjørndalen når det gjeld talet på VM-gull. Før dagens sprint sto begge med 20 gullmedaljar, -no har Johannes 21.
Dermed har Johannes også eit veldig godt utgangspunkt før morgondagens jaktstart. Tarjei startar 62 sekund bak frå sin 10.plass og har alle moglegheiter til å kunne gå seg opp.
Vi gratulerer Johannes med VM-gull nr 21!
4. og 12.plass til Ane Hjelmeset Kirkkeide i HL skiskyting 2025
Postet av Markane IL den 15. Feb 2025

Ane Hjelmeset Kirkeeide har hevda seg i toppen på dei to første øvingane under HL skiskyting 2025. På fredag vart det 4.plass i skiskyttarcross medan det vart 12.plass på normaldistansen på laurdag
Første øving under hovudladsrennet for 15 og 16-åringar var skiskyttarcross. Ane var med heilt i toppen. med berre eitt bomskot. Dermed mangla det til slutt berre 9 sekund på pallen då status vart gjort opp etter målagang. Vinnar vart Mille Lybeck Sørum, Østre Toten Skilag 12:55.6 (0+0), nr 2 Eira Ovesen, Trondhjems Skiskyttere 12:55.8 (0+0) og 3 Eline Hårberg Jensrud, Lier IL 13:14.0, (1+1). Ingeborg Smørdal Hjelle, Stårheim IL vart nr. 22 med 2+1. Det var totalt 54 startande i klassen.
Nesten like bra gjekk det på laurdag då Ane gjekk inn til ein 12.plass på normaldistansen. Det vart ein bom på første skyting og to på den andre. Dermed skilde det 2min21sekund opp til klassevinnaren i J15. I alt 52 løparar stilte på start
Vi gratulerer med gode resultat!
Her er uttdrag av resultatlista til J15
Resultatliste J15 skiskyttarcross

Resultatliste J15 normaldistanse:

Maren Hjelmeset Kirkeeide best av dei norske på VM-sprinten med 16.plass
Postet av Markane IL den 15. Feb 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeid vart best av dei norske på VM-sprinten då ho gjekk inn til 16.plass Maren måtte tole tre bom på liggjande, men skaut fullt på ståande. Det heldt til å vere beste norske på ein dag med mange norske bom. Ho er om lag eit minutt bak som utgangspunkt på jaktstarten søndag.
Karoline Knotten skaut fullt på liggjande og var i posisjon til å kunne kjempe om ein medalje framfor ståandeserien i Sveits. Der vart det heilsprekk med fire bom. Ragnhild Femsteinevik og Ingrid Landmark Tandrevold fekk også problem på standplass under litt ujamne forhold og enda med fem og to strafferunder på liggjan. Ingrid Tandrevold fekk ei strafferunde på kvar av dei to skytingane og hamna vel eit minutt bak vinnaren
4.plass i miksstafett med Maren og Johannes på laget
Postet av Markane IL den 15. Feb 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Johannes Thingnes Bø gjekk gode etappar for Noreg og til slutt var det berre to sekund opp til pallplass i VM- blanda stafett trass i at Noreg kom veldig skeivt ut på 1. etappe.
For Noreg og Ingrid Tandrevold fekk ein tøff start med to strafferundar på den første etappen i den blanda stafetten. Også på ståande enda det med ei strafferunde etter at alle ekstraskota var brukt opp. Dermed var det norske laget langt bak. Noreg veksla som nummer som nummer 20 med 2.11,5 minutt opp til teten.
Maren Hjelmeset Kirkeeide skulle så ut å gå andre etappe. Ho gjekk ein god etappe. Det vart eit ekstraskot på liggjande skyting, men fullt hus på ståande. Ho sende så ut Sturla Holm Lægreid på tredjeetappen med 2.38,4 sekund. Læreid igjen sende Johannes Thingnes Bø ut som nummer åtte.
Johannes skaut to fulle hus var nær ved å ta Noreg heilt opp til pallen. I mål var han berre to sekund unna ein plass på pallen.
Frankrike tok gullet medan Tsjekkia og Tyskland tok 2. og 3. plass.
Maren og Johannes klare for miksstafett onsdag 12.februar
Postet av Markane IL den 11. Feb 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide debuterer i VM i skiskyting i Lenzerheide på onsdag då ho skal gå blanda stafett for Norge. Johannes Thingnes Bø skal gå ankeretappen på stafetten. Dei to andre på laget bli Ingrid Landmark Tandrevold og Sturla Holm Lægereid
Vi ønskjer lukke til!
Stor deltaking i sesongens tredje cuprenn!
Postet av Markane IL den 11. Feb 2025

Det var stor deltaking i sesongens tredje cuprenn på Ullsheim med 75 deltakarar. Det største deltakinga på fleire år. Rennet gjekk i fri teknikk og i tillegg til å vere det tredje rennet i cupen, var det også lagmeisterskap for deltakarane frå Markane IL i klassene frå 11 år og oppover.
Fleire stilte opp på cuprenn for første gang og den største klassa var dei under 8 år der 26 deltakarar stilte opp. . Den yngste klassa gjekk 800 meter, dei mellom 9 og 12 år gjekk 1,5 km, 13 og 14 år gjekk 2,5 km medan dei frå 15 år og oppover gjekk 5 km. I tillegg til dei som gjekk på tid var det også fleire som deltok i trimklasse.
Vi er dermed halvvegs i årets cupsesong. Neste renn er rett over vinterferien på tysdag 25.februar. Og då er fullt mogleg å bli med sjølv om ein ikkje har vore med tidlegare i sesongen. Dei som deltek på meir enn halvparten av cuprenna kan vente seg premie på premiefesten i oktober!
Her er resultata frå dagens renn:
Resultatliste frå cuprenn nr 3 i fri teknikk 11.02.2025
Her er nokre fotoglimt frå kvelden:



Foto: Ann Kristin Grodås/Markane IL
Resultat frå KM sprint i skiskyting på Ullsheim
Postet av Markane IL den 11. Feb 2025

Volda langrenn og skiskyting arrangerte laurdag 8.februar KM sprint skiskyting på Ullsheim sidan det var snømangel i Volda. Det var god deltaking i rennet, spesielt i dei yngste klassane, og der var mange gode resultat både i løypa og på standplass.
Fullstendig resultatliste ligg på Eqtiming og er også limt inn nedanfor:




















Klart for cuprenn nr 3/lagsrenn i fri teknikk 11.februar
Postet av Markane IL den 10. Feb 2025

Tysdag 11.februar er det klart for sesongens tredje cuprenn. For dei som er medlemer i Markane IL og går i klassene frå 11 år og oppover er rennet også lagsrenn. Alle nye og gamle deltakarar er velkomne! Det er også høve til å stille opp i trimklasse utan tid.
Utdeling av startnummer frå 1745-1815. Fint om alle deltakarar registrerer seg på facebookinnlegg i Markane IL -gruppa- Gjerne før kl.1530 slik at vi får laga deltakarlista klar på førehand.
Bollar og saft ved målgang
Deltaking: kr 50.
Vel møtt!
Klart for skileik på Ullsheim 4.februar
Postet av Markane IL den 4. Feb 2025

Det er klart for sesongens andre skileik på Ullsheim tysdag 4.februar frå kl.1800 til 1900. Dersom det blir for stort sprik i alder og nivå, blir gruppa delt i to. Ingen påmelding på førehand.
Vel møtt!
Emilie Flo Stavik er teken ut til junior-VM!
Postet av Markane IL den 3. Feb 2025

Etter ein flott sesong så langt og flott innsats i junior-NM i helga, er Emilie Flo Stavik klar for junior-VM i skiskyting. Det er også Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL.
Norges Skiskytterforbund har teke ut totalt 26 skiskyttarar, inkludert reservar, som skal representere Norge i ungdoms- og junior-VM i skiskyting som går i svenske Östersund frå 26. februar til 05. mars.
Vi gratulerer!
NM-sølv til Sogn og Fjordane
Postet av Markane IL den 2. Feb 2025

Det vart NM-sølv på stafett til laget frå Sogn og Fjordane i klasse K17–22 søndag. På laget gjekk to løparar frå Markane IL, Emilie Flo Stavik og Linnea Melheim Espe, og Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL
Også fleire andre lokale løparar sikra seg gode resultat under NM--helga i Karidalen.
Trioen Ann Kristin Aaland, Linnea Melheim Espe og Emilie Flo Stavik låg i tet gjennom heile stafetten etter strålande etappar av alle tre. Eitt bomskot på siste skyting gjorde at Telemark og Vestfold 1 kunne gå ut på sisterunden med vel 15 sekunds leiing, men Emilie Flo Stavik sette opp ein forrykande fart og tok kraftig innpå. Forspranget var nesten halvert då målstreken nærma seg, men det vart akkurat for langt opp til førsteplassen. Dermed vart det ein flott sølvmedalje til laget frå Sogn og Fjordane.
Sogn og Fjordane sitt 2.-lag gjorde det også godt, med dei tre markaneløparane Mari Sofi Meland, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Elina Østerbø på laget. Dei gjekk inn til 8. plass, etter gode etappar og sterk skyting. Alle dei seks på K17–22-laga er tidlegare elevar ved landslinja ved Stryn vidaregåande skule.
I klasse K17-19 gjekk Kathrine Svarstad Heggdal frå Markane IL saman med Ronja Haughovd Stårheim IL og Johanne Normann Hellevang frå Hardbagg IL på Sogn og Fjordane lag 1. Dei gjekk inn til 17. plass etter solide etappar og mykje god skyting. På vinnarlaget til Hordaland i denne klassen gjekk Symra Emilia Garverhaugen som går på landlinja på Stryn vgs.
NM junior og senior ASKO cup fellesstart fredag 31.01
Skiskyttarhelga i Karidalen starta alt på fredag og fleire lokale løparar levert god innsats i norgescup- og NM-løp i Karidalen. Fredag var det fellesstart for seniorklassene og der kom Simon Hjelmeset Kirkeeide rett bak pallen då han gjekk inn til ein 5.plass.Han skaut feilfritt på begge dei liggande skytingane, medan han måtte ein tur i strafferunden på begge dei ståande skytingane.Etter siste skyting låg han18 sekund bak pallplas. På sisterunden gjekk det unna, og i mål gjekk inn til femteplass, berre 4,2 sekund bak tredjeplassen. Aksel Mathias Meland (Markane/Team Intersport) vart nummer 19.
Det er også NM for junior og ungdom i fellesstart Karidalen. I klasse K20–22 vart Ann Kristin Aaland (Hardbagg) beste lokale løpar med 9. plass. Aaland fekk totalt tre strafferundar og var eit halvt minutt frå pallen. Helene Sæter (Fet SK/Team Romerike) vann sprinten. Mari Sofi Meland (Markane/Team Intersport) vart nummer 24, Emilie Flo Stavik (Markane/Team 1,5) nummer 26, Elina Østerbø (Markane/Team X) nummer 30 og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide (Markane/Team X) nummer 32.
NM junior og ASKO cup sprint laurdag 01.02
I NM i skiskyting for junior i Karidalen på Toten gjekk Ann Kristin Aaland, Hardbagg IL laurdag inn til ein sterk 5. plass i K20-22 på sprinten. Hardbagg-løparen skaut godt og gjekk inn vel 22 sekund frå pallen med berre ei strafferunde. I denne klassen gjekk også Emilie Flo Stavik, Markane/Team 1,5, seg inn på 10.plass med totalt tre strafferundar.
Dei andre deltakarane frå Markane IL plasserte seg slik:
Mari Sofi Meland, Markane/Team Intersport vart nr. 20, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Team X nr. 23, Linnea Melheim Espe, Markane/Team Intersport nr. 25,hare Elina Østerbø, Markane/Team X nr. 29 og Frøya Haughovd, Stårheim/Stryn vgs n. 47. Norgesmeister vart Guro Ytterhus, Rennebu IL / Team 1,5.
På norgescup-sprint på Toten låg Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Team Hugaas med rask fart i sporet og fullt hus på liggande lenge an til pallen i M senior. Men to strafferunder på ståande straffa seg bokstavleg talt, og han gjekk inn til 6. plass.
På laurdag var det også NM i fellesstart for ungdomsklassane. Her vart det 10.plass til Katrine Svarstad Heggdal, Markane/Stryn vgs (3+0+3+1) i K19. NM-gullet gjekk til Bjørg Marit Eide, Hålandsdal IL / NTG-Geilo.
God deltaking på sesongens andre cuprenn
Postet av Markane IL den 28. Jan 2025

Det var god deltaking på sesongens andre cuprenn som gjekk i klassisk stil på Ullsheim. I alt 58 deltakarar stilte opp -nokre av dei for første gong. Det var fleire deltakarar i trimklassa enn tidlegare. I tillegg var det nye deltakarar både i dei yngste og litt eldre klassane.
Etter god innsats i løypene var det bollar og saft etter målgang.
Her er resultatlista for kveldens renn:
Resultatliste cuprenn nr 2 i klassisk stil 28.01.2025
Neste renn er om fjorten dagar dvs tysdag 11.februar i fri teknikk. På tysdag om ei veke er det klart for ny skileik.
Velkomne tilbake då :D
Klart for sesongens andre cuprenn tysdag 28.januar
Postet av Markane IL den 27. Jan 2025

Det er klart for sesongens andre cuprenn tysdag 28.januar. Denne gongen er rennet i klassisk stil. Påmelding frå kl1800. Meld deg helst på ved å skrive under facebookinnlegget på gruppa til Markane IL.
Utdeling av startnummer frå kl 1800
Første start kl. 1830. Dei yngste startar først.
Startkontingent kr 50.
Det er også trimklasser for dei som ikkje vil gå på tid.
Vel møtt!
Tre sekund bak pallen i Holmenkollen
Postet av Markane IL den 27. Jan 2025

Syver Melheim Espe fekk beste lokale resultat på normaldistansen under Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen med ein 4.plass berre tre sekund bak pallen! (Foto: Markane IL)
Syver fekk totalt tre bom på standplass, men med stor fart i løypa var han berre tre sekund frå å kome på pallen i 14- årsklassen for gutar. Brita Svarstad Heggdal kom på 18. plass i 14- årsklassen for jenter med totalt fem bomskot.
På sprinten laurdag var også farten høg i løypene, men det vart litt for mange bomskot på standplass. Brita Svarstad Heggdal tok ein god 9. plass i klassen. Ho hadde totalt fire bom. Her kom Syver Melheim Espe på 12. plass, med fem bomskot på standplass. Ane Hjelmeset Kirkeeide gjekk også sprint laurdag ettermiddag, og kom på 13. plass med fire bom på liggande skyting og fullt hus på ståande. Ho stilte ikkje til start på normaldistansen søndag.
Foto (teke av Markane IL) : Brita Svarstad Heggdal og Syver Melheim Espe
Tarjei med siger på sprinten og andreplass på jaktstarten i Anterelva
Postet av Markane IL den 26. Jan 2025
Tarjei Bø imponerte med feilfri skyting då han vann sprinten i Anterselva fredag. Då han vart intervjua etterpå, annonserte han at han legg opp etter sesongen.
På sprinten skaut Tarjei ned alle blinkane både på liggande og ståande skyting. Han tok leiinga i rennet då han gjekk over mål. Det kom heller ingen bak som klarte å matche tida.
– "Ein nydeleg serie av Tarjei", meinte NRK-kommentator Marte Røiseland, og også skyteekspert Ola Lunde let seg imponere over rask og god ståande serie.
Johannes Thingnes Bø fekk ein bom både på liggande og ståande skyting. Etter ein rask opning, tapte han ein del på sisterunden i høgda i Anterselva. Han vart nummer ni til slutt, og var 35 sekund bak Tarjei.
Sturla Lægreid var berre 0,4 sekund etter vinnaren og vart nummer to.
På jaktstarten gjekk det nesten like bra. Med fullt hus på dei tre første skytingane låg han i føringa, men med ein bom på siste skyting gjekk Sturla Holm Lægereid som skaut feilfritt forbi. Dermed vart det andreplass.
Vi gratulerer!
Flott stafettetappe av Maren
Postet av Markane IL den 26. Jan 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide leverte ein flott tredjeetappe då Noreg gjekk inn til andreplass i verdscupstafetten i Anterselva.
Karoline Knotten og Ragnhild Femsteinevik skaut bra på dei første etappane, og sende Maren Kirkeeide Hjelmeset ut like bak Frankrike på veksling. Maren starta offensivt, og gjekk forbi det franske laget. På liggande skyting måtte ho bruke eitt ekstraskot, men var først ut og køyrde ifrå konkurrentane i utforkøyringane. Då det stod tre lag på ståande på standplass, måtte ho som konkurrentane bruke eitt ekstraskot. På sisterunden fekk ho luke til laga bak, og sende ut Ingrid Tandrevold med forsprang på ti sekund.
Tandrevold heldt følgje med teten, og brukte totalt tre ekstraskot på standplass. Men alt vart øydelagt av fallet rett før mål, og Norge kom i mål 13 sekund bak vinnarlaget frå Sverige til ein andreplass
– Ein fantastisk etappe av Kirkeeide. Ho leverer på eit kjempehøgt nivå, meinte NRK- ekspertane, og la til at ho gjekk som ein veteran i løypene.
Maren gjekk også godt tidlegare i verdscuphelga då ho vart beste norske med ein 12.plass på sprinten. På jaktstarten vart det ikkje heilt klaff på standplass då det vart tre bom på liggjande. Dermed blei det 21.plass på laurdagens jaktstart.
Likevel ei nok ei flott verdscuphelg for Maren som sikra seg nok ein pallplass i generalprøva før VM:
No skal landslaget trene i høgda fram til VM i Sveits som startar onsdag 12.februar :D
Ny pallplass til Johannes i Ruhpolding
Postet av Markane IL den 21. Jan 2025

Johannes Thingnes Bø sikra ny pallplass ned tredjeplass på fellesstarten etter å ha annonsert at dette vert siste sesong dagen før.
Tarjei Bø gjekk inn til ein 9.plass på fellesstarten med Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk eit nytt solid løp og vart nummer 11 på fellesstarten. I tillegg gjekk ho på stafettlaget til Norge som nok ein gong sikra seg pallplas då dei vart nummer 2.
62 deltakarar på dugnadsrenn på Ullsheim
Postet av Markane IL den 18. Jan 2025

Etter at dei planlagde krinsrenna i skiskyting på Ålandleite vart avlyste på grunn av snøforholda, vart det i staden dugnadsrenn på Ullsheim. I alt 62 deltakarar frå Markane og naboklubbane stilte på.
Markane-løparane plassert seg slik på resultatlista:

Fullstendig resultatliste ligg på Eqtiming:
Resultatliste for krinsrenn på Ullsheim 18.01.2025
Resultatliste frå cuprenn nr 1 i fri teknikk 14.01.2025
Postet av Markane IL den 14. Jan 2025

Cuprenn-sesongen er i gang. I alt 41 deltakarar stilte opp på årets første renn. Neste sjanse blir om 14 dagar. Då er det klart for renn i klassisk stil.
Resultatliste frå cuprenn nr 1 i fri teknikk Dato: 14.01.2025
Emilie Flo Stavik til topps
Postet av Markane IL den 14. Jan 2025

Emilie Flo Stavik, Markane/Team 1,5 kopierte norgescupsigeren frå desember og gjekk til topps på sprinten på Røros søndag. Ingen kunne gjere noko med 21-åringen trass i ein strafferunde etter ståande skyting. Guro Ytterhus, Rennebu/Team 1,5 (0–0) vart nummer to, seks sekund bak Emilie. Ho hadde også eit godt resultat på laurdagen med ein 7.plass.
Ann Kristin Aaland, Hardbagg vart nummer åtte, 1.29,5 bak Markaneløparen. Også ho fekk ein strafferunde etter ståande skyting. Linnea Melheim Espe, Markane/Team Intersport vart nummer 13. Ho skaut feilfritt på begge skytingane. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Team X vart nummer 31 (0–0) og Elina Østerbø, Markane/Team X nummer 32 (1–1).
I klasse K19 gjekk Katrine Svarstad Heggdal, Markane/Stryn vgs inn til ein flott 6.plass etter 1 bom på liggjande og to på ståande.
Simon Hjelmeset Kirkeeide måtte ta til takke med sjuandeplass i klasse menn senior søndag. Ein strafferunde etter liggande skyting og to strafferundar etter ståande vart for mykje sjølv om det gjekk unna i sporet. Ole Tafjord Suhrke, IL Ivrig/Team Havland, vann sprinten (1–1). Dette var ein plass betre enn laurdag då han vart nummer 8.
Aksel Mathias Meland, Markane/Team Intersport vart nummer 29 (1–2) på søndag.
Resultat av Markane-løparar frå Røros:


Heile resultatlistene ligg på Eqtiming:
Gjennombrot for Maren i verdscupen
Postet av Markane IL den 12. Jan 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide fekk sitt definitive gjennombrot i verdstoppen i skiskyting under verdscuphelga i Oberhof. Ho sikra seg sin aller første pallplass på sprinten. Det vart ein bom på liggande, men fullt hus på ståande skyting og suveren sisterunde gav ein flott andreplass.
Ho held fram i same stil dagen etter og gjekk inn til ein ny 2. plass på jaktstarten. Dermed var det klart for miksstafett på søndag der ho fekk siste etappe. Saman med Sturla Holm Lægreid (1. etappe), Tarjei Bø (2. etappe) og Ingrid Landmark Tandrevold (3. etappe) skulle ho forsvare dei norske fargane. Maren måtte bruke tre ekstraskot og gjekk ut på tredjeplass, 37 sekund bak Sverige og Frankrike som skaut fulle hus.
På ståande skyting skaut Maren feilfritt, til stor begeistring frå TV2-kommentatorane. Med den strålande serien sikra ho det norske laget tredjeplassen, bak Sverige og Frankrike.
Vi gratulerer!
Startliste for Ullsrennet sprint 05.01.2025
Postet av Markane IL den 4. Jan 2025

Startlista til sprintrennet på Ullsheim 5.januar er publisert på Eqtiming:
https://live.eqtiming.com/75163#contestants
Oppsettet for prolog og heatrundar er planlagt slik

(Forventa deltakartal står i parentes)
Heat:
Klassene frå og med 15 år og eldre går 1 km løype: To omgangar Heatrunde 1 og Heatrunde 2
Klasse 11-14 år går 0,5 km i Heatrunde 1
Klasse 13-14 år i tillegg Heatrunde 2. (0,5 km)
Klassene 10 år og yngre går vanleg distanserenn i fri teknikk utan heat etterpå.
Startoppstilling i heat er sortert etter prologtid, uavhengig av alder og kjønn.
Løparane får poeng (plassiffer) etter plassering i prolog og heat.
Resultatliste klassevis etter total poengsum etter prolog og heat, rangert frå lågast til høgast.
NB! Vi tek atterhald om endringar i oppsett og tider om talet på deltakarar endrar seg.
Løypekart 2025 og lenke til webkamera
Postet av Markane IL den 3. Jan 2025

Her er løypekart for Ullsrennet 2025
På grunn av ny ip-adresse fungerer ikkje live-visninga i til webkamera, men klikk her så ser du snøforholda på Ullsheim.
Påmelding til SSF-cup Ullsrennet og sprintrenn 4.1 og 5.1.2025
Postet av Markane IL den 2. Jan 2025
Det er klart for renn på heimebane på Ullsheim til helga
Laurdag 4. januar er det klart for SSF Cup Ullsrennet 2025. Ullsrennet er teljande i SSF Cupen for junior og rekrutt (11-16 år). Ullsrennet 2025 har også status som krinsmeisterskap i friteknikk.
Søndag 5. januar 2025 blir det sprint i friteknikk for klassane 11 år og oppover. Sprinten blir etter same oppsett som tidlegare sprintar på Ullsheim. Etter prologen går alle vidare til konkurransar i fleire heat (dvs. her blir ingen blir slegne ut). Dei under 11 år går vanleg renn i fri teknikk på 1 km.
Vi håpar mange vil vere med! Vi melder på Markane-medlemene samla. Skriv namn og fødselsår på innlegget i facebookgruppa Skiskyting og langrenn Markane IL innan torsdag 2.1.2025 kl.2000!
Meir om arrangementa finn du også på iSonen:
Ullrennet 2025:
https://isonen.no/event/cm48dxccu00rqc601u803bd8h/
Ullsrennet sprint 2025:
https://isonen.no/event/cm48e36ez00rvad01u1011pi7/
Vel møtt!




