OL-gull på skiskyttarstafetten!
Postet av Markane IL den 15. Feb 2022
Etter ein spennande OL-stafett med store svingingar undervegs vart det til slutt OL-gull for det norske laget med Tarjei og Johannes på høvesvis andre og tredje etappe. Vi gratulerer!
På dagens OL-stafett gjekk Sturla Holm Lægereid opningsetappen. Han starta bra med fullt hus på liggjande, men måtte ut i strafferunde etter ståande skyting. Dermed låg Noreg 41 sekund etter teten då Tarjei overtok på andre etappe.
Tarjei tapte noko i sporet i høve tetlaget Russland sjølv om det vart fullt hus på liggjande skyting. Ut frå 1. skyting var Noreg vel eitt minutt bak. På ståande skyting trengde Tarjei to ekstra skot og avstaden til det russiske laget var dermed på 1 minutt og 38 sekund.
Johannes overtok på tredjeetappe og gjekk gnistrande, men russaren skaut nok ein gong feilfritt og med to ekstraskot og litt trøbbel med ladning, var avstanden opp til gullet på 1 minutt 52 sekund. På dette tidspunktet verka det mest realistisk og ta sikte på kome seg på pallplass. Men med ein superrask mellomrunde og fullt hus på ståande starta opphentinga. Etter andre skyting leia russarane framleis med 1minutt og 19 sekund, men det var berre 12 sekund fram til sølvet. Før siste veksling var differansen fram til gullet på under minuttet.
Vetle Sjåstad Christensen gjekk siste etappe for Noreg. Med fullt hus på liggjande gjekk han ut 59 sekund bak russaren. Men ankermannen til Russland fekk skjelven på siste ståande og pådrog seg to strafferundar. Med feilfri skyting kunne Vetle gå ut på sisterunden i front, Avstanden ned til Frankrike var på 21 sekund og dette var nok til å kontrollere inn til gull for Noreg!
Vi gratulerer med OL-gull!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024