Årsmøte i Markane IL:

Postet av Markane IL den 1. Des 2011

Sakliste til årsmøtet i Markane IL 08.12.2011

kl.19.00 i Ullsheim.

Årets sakliste til årsmøtet i Markane IL er no klar. Du finn den under les meir nedanfor. Saklista med tilhøyrande vedlegg og årsmeldingar vert også sendt ut til alle medlemmar på epost ein av første dagane.

Styret i Markane IL

 

Sakliste til årsmøtet i Markane IL 08.12.2011

kl.19.00 i Ullsheim.

1. Opning av årsmøtet

1.1 Godkjenning av innkalling

1.2 Godkjenning av sakliste

1.3 Val av møteleiar

1.4 Val av referent

1.5 Val av to til å skrive under møteprotokoll

2. Årsmelding

3. Rekneskap

4. Rapport frå revisor

5. Anleggsplan

6. Spelemiddelsøknad

   -Rulleskibana

   - Utviding av skiveanlegget

   -Rehabilitering av lysanlegget

7. Kontingentar 2012

Framlegg om å justere kontingent i Markane IL for 2012 til følgjande satsar:

Born (t.o.m 17 år): 300kr

Vaksne: 400kr

Familie: 1000kr

8. Budsjett

9. Innkomne saker

-Drift av Ullsheim- vidareføring av engasjementstilling

-Motbakkeløp- Kyrkjenibba Opp

-Samarbeid med o-grupper i andre idrettslag

-Formell nedleggjing av "Bodstikka"

10. Lovendring

Endring av §5 Medlemskontingent, §9 Årsmøtet og §12 Årsmøtet sine oppgåver i lov frå 1994.

11. Val etter lovene

12. Orienteringssaker

Sponsorarbeid

Arrangement 2012

Barneidrettsskulen

Vel møtt!

Styret

 

 

 

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.