Skåla opp 13.august 2011:
Postet av Markane IL den 12. Aug 2011
Johannes Thingnes Bø vann si klasse i årets Skåla Opp!
Johannes Thingnes Bø (arkivfoto frå Postvegløpet) vann klassa menn 18-19 år med den gode tida 1.22,09 under årets Skåla Opp. Jarle Midthjell Gjørven kom på 13. plass i same klassa med tida 1.41,51
I alt seks løparar frå Markane IL stilte opp i konkurranseklassane.
I klassa menn 15-17 år blei det tredjeplass til Johan Eirik Meland med tida 1.31,44 medan Lars Midthjell Gjørven vart nummer åtte med 1.38,35. Vinnar av denne klassa vart Einar Trefall frå Eksingedalen på 1.27,55
I klassa menn 40-44 vart det 8.plass til Sigbjørn Fænn på tida 1.32,14. Vinnar her vart Pål Bjørn Øvrebust på 1.26,43. Jan Egil Gjørven vart nummer 61 i klassa menn 45-49 på tida 2.08.01.
Best av alle i årets Skåla Opp var Ahmed Arslan frå Tyrkia som sette ny rekord med 1.07.38! I kvinneklassa gjekk sigeren til Antonella Confortola Wyatt frå Italia med tida 1.23,05.
Meir om årets Skåla Opp er å finne på arrangørens heimeside.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024